Hopp til innhold

Canadisk VM-helt slår alarm etter norsk dominans

Tidlegare verdsmeister i langrenn, Devon Kershaw, er djupt uroleg for Noregs dominans i herrelangrenn. Canadiaren meiner det må takast grep omgåande.

Verdenscup i nordiske grener på Lillehammer

HEILNORSK PALL: Iver Tildheim Andersen greip sjansen då han slapp til i verdscupen og vann. Didrik Tønseth, som sist helg vart vraka til verdscup, kom på andreplass. Hans Christer Holund sørgde for trippelt norsk på 10 kilometer fristil på Lillehammer. Det bekymrar.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Vi må ha gode, ærlege diskusjonar no. Viss ikkje blir det veldig vanskeleg om fem år å samle inn pengar og bevare interessa for sporten, seier Devon Kershaw, tidlegare i verdsmeister i sprintstafett frå Holmenkollen.

På telefonen hans renn det inn med meldingar frå andre canadiarar som lurer på korleis den norske dominansen er mogleg. Skipensjonisten omtaler dei norske prestasjonane i verdscupen som «heilt sjuke» og «veldig imponerande». Men han er bekymra.

– På herresida er det ein fullstendig dominans som eg aldri har sett før. Du har aldri hatt så stor dominans som det er no, seier Kershaw, før han legg til:

– Det er ikkje Noregs problem, det er internasjonal langrenn sitt problem. Viss det held fram risikerer ein ikkje berre at det blir ein A-, B- eller C-idrett internasjonalt. Då blir det ein D-idrett.

-

VM-SUKSESS: Devon Kershaw og Alex Harvey tok VM-gullet på teamsprinten i Holmenkollen i 2011. Dei slo Noreg i kampen om gullet.

Foto: DANIEL SANNUM LAUTEN / AFP

Vinnarane av dei fire første renna er norske: Johannes Høsflot Klæbo og Iver Tildheim Andersen. Verdscupleiaren heiter Pål Golberg. Rennet på Lillehammer fredag vart omtalt som Noregscup og NM. Emil Iversen fleipa med at det var «noregscup med lågare nivå» fordi berre tolv nordmenn stilte til start.

Ni av dei var blant dei ti beste.

Andrew Musgrave – som går for Røa og fekk norsk smørjehjelp – var einaste som hang med i toppen. Skotten enda som nummer fire. Sjølv reserven Henrik Dønnestad, som måtte ringjast inn frå langtur på Sjusjøen, vart nummer 15.

– Det er heilt, heilt sinnssjukt. Det Iver Tildheim Andersen gjorde i dag ... Han går det andre verdscuprennet sitt og så vinn han. Slik er nivået i norsk langrenn.

Les også Norsk totaldominans bekymrer – Iversen mener man burde fjerne verdenscupplasser

Cross-Country Skiing, World Cup, Lillehammer, Men's 10 km

Kershaw meiner utviklinga har vore synleg over fleire år – og at det no må takast grep både frå dei mindre nasjonane og Det internasjonale ski- og brettsport-forbundet (FIS). Dei siste åra har stort sett handla om to nasjonar på herresida, spesielt i distanserenn. Noreg og Russland.

– Ikkje så flott for sporten

Når sistnemnde ikkje står på startstreken, blir det norsk storeslem.

– Dei andre nasjonane er langt unna der dei har vore. Eg meiner at når ein manglar Tyskland som var ekstremt sterke for 15 år sidan ... Og så manglar ein dei sterke distanseløparane som Pietro Piller Cottrer (Italia). Franskmennene slit litt. Du har ikkje lenger Vincent Vittoz. Maurice Manificat byrjar å bli gammal, fortel Kershaw, og held fram:

– Canada har lovande utøvarar, men er ikkje heilt der oppe. USA det same. Det ser veldig dårleg ut internasjonalt.

NRK-ekspert Torgeir Bjørn er samd i at det ikkje er gunstig om dominansen får halde fram. Han meiner trenden er klar: Noreg dominerer mykje. Samtidig meiner han at det er lette faktorar som spelar inn denne sesongen:

Torgeir Bjørn på verdenscuprenn i Kuusamo.

NRK-EKSPERT: Torgeir Bjørn.

Foto: NRK

– Russland er ute. Iivo Niskanen er framleis sjuk og svenskane bommar på skia i dag.

– Noreg dominerer ofte i starten av sesongen. Vi har sett like dominante norske lag ved enkelte tilfelle tidlegare, men vi vil nok sjå det oftare enn før. Det er ikkje gunstig viss han får halde på lenge, seier Bjørn, og trekkjer fram to døme:

  • Verdscupstarten i Kuopio i 2001/02-sesongen med åtte norske på dei åtte første plassane.
  • Åtte nordmenn blant dei ti beste i Oberstdorf i desember 1996.

– Det er flott for Noreg, men ikkje så flott for sporten. Vi skulle helst hatt fleire utlendingar oppi der. Eg er ikkje overraska, det er veldig høgt nivå i Noreg på herresida, seier Hans Christer Holund til NRK.

Den regjerande verdsmeisteren på 15 kilometer trur til liks med Bjørn at det vil jamne seg ut seinare i sesongen. Det same trur og håpar svenske William Poromaa, som enda på 11.-plass:

Det er kjedeleg for meg som svenske å sjå at det er sånn. Men dei går fort, og i dag kjennest det ut som alt klaffar for dei. For vår del i dag så fungerer det ikkje heilt og då blir det stor forskjell, seier Poromaa til NRK.

Cross-Country Skiing, World Cup, Lillehammer, Men's 10 km

SVENSK HÅP: William Poromaa.

Foto: MARIUS SIMENSEN / BILDBYRÅN

Kershaw: – Deprimerande og interessant

Frykta til Kershaw er at den norske dominansen skal leie til uinteresserte, internasjonale sjåarar. Når prestasjonane glimrar med sitt fråvær i utlandet, forsvinn sponsorane og pengane. Då blir det ikkje mykje igjen til satsing.

– Tida har komme for at dei mindre laga må sjå seg i spegelen og sjå på moglegheitene for å samarbeide med samlingar, smørjing og slik. For det kan løfte heile nasjonar. Suksess avlar suksess. Dei yngre treng førebilete.

Han snakkar med innleving om temaet. Den tidlegare verdsmeisteren er openbert engasjert. Dersom avstanden mellom nordmennene og dei andre held fram på same nivå, trur han dei også vil miste trua.

– Viss ein blir knust år etter år etter år, så er ein plutseleg i ein situasjon der mange trur at dei ikkje lenger kan konkurrere. Det er urovekkjande på herresida. Det som er litt deprimerande og interessant: Pengane er viktig, men du kan ikkje tape trua på at du faktisk kan få det til.

Verdenscup i nordiske grener i Ruka

BRAUT REKKJA: Federico Pellegrino (til venstre) saman med verdscupleiar Pål Golberg etter det tredje rennet i Ruka førre helg. Pellegrino tok tredjeplassen bak Johannes Høsflot Klæbo og Golberg på 20 kilometer jaktstart i fri teknikk. Han er ein av kandidatane til å klatre opp på pallen i sprinten laurdag.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Så langt har berre éin utlending, italienske Federico Pellegrino, stått på sigerspallen i Ruka og Lillehammer. Han er blant favorittane til å klare det igjen når det skal sprintast på Birkebeineren skistadion laurdag morgon.

PS! TV 2 viser renna frå Lillehammer, medan NRK Sport har radiosendingane. Prologen startar 09.30. Finaleheata blir innleidde 12.00.

Siste nytt

  • Skadet Hegerberg ute av landslagstroppen

    Norge må starte EM-kvalifiseringen uten stjernespiss Ada Hegerberg (28).

    – Ada ble skadet i en kamp. Det var en takling, et spark. Hun har veldig god framgang, og vi håpet virkelig at hun skulle bli klar til denne samlingen. Hun ønsker virkelig å bli klar. Hun har gjort alt hun kunne, men denne samlingen kommer litt for fort, sier landslagssjef Gemma Grainger til NRK.

    Også kaptein Maren Mjelde (34) er ute av troppen med skade. Verken Hegerberg eller Mjelde har vært i kamptroppene for sine respektive klubblag den siste tiden. Dermed har de blant annet gått glipp av kvartfinalene i mesterligaen, der Hegerbergs Lyon og Mjeldes Chelsea begge har tatt seg videre.

    Norges Fotballforbund presenterte skjærtorsdag uttaket til de kommende EM-kvalifiseringskampene. Norge spiller hjemme mot Finland 5. april og borte mot Nederland fire dager senere.

    – Hovedmålet er så klart å bli blant de to beste i gruppa. Vi ønsker å kvalifisere oss direkte til EM. Målet er også å prestere godt i disse kampene, og for laget å ha en klar identitet i spillet. Jeg ønsker at laget skal bli bedre for hver kamp, sier landslagssjef Gemma Grainger i en pressemelding fra fotballforbundet.

    Synne Jensen, som har scoret mye for Real Sociedad i spansk fotball, er inne i Norges A-tropp for første gang siden 2021. Fortsatt er det ingen Emilie Haavi å se i troppen tross godt spill i Roma.

    Troppen:

    Målvakter: Aurora Mikalsen (Brann), Cecilie Fiskerstrand (LSK Kvinner), Guro Pettersen (Werder Bremen).

    Backer: Tuva Hansen (Bayern München), Guro Bergsvand (Brighton), Thea Bjelde (Vålerenga), Marit Bratberg Lund (Brann), Mathilde Harviken (Rosenborg), Marthine Østenstad (Brann), Emilie Marie Woldvik (LSK Kvinner).

    Midtbanespillere: Ingrid Syrstad Engen (Barcelona), Vilde Bøe Risa (Atlético Madrid), Karina Sævik (Vålerenga), Lisa Naalsund (Manchester U.), Frida Maanum (Arsenal), Justine Kielland (Brann), Guro Reiten (Chelsea), Elisabeth Terland (Brighton), Signe Gaupset (Brann).

    Spisser: Caroline Graham Hansen (Barcelona), Sophie Román Haug (Liverpool), Celin Bizet Ildhusøy (Tottenham), Synne Jensen (Real Sociedad).

    (NTB)

    muQhvzRI73c
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Reitens Chelsea videre i Mesterligaen

    Guro Reiten og hennes Chelsea tok seg komfortabelt videre til Mesterligaens semifinale etter 1-1 hjemme mot Ajax onsdag kveld.

    London-klubben vant 3-0 borte og ledet også 1-0 på Stamford Bridge, men Ajax utlignet etter en drøy time.

    Reiten slo den målgivende pasningen da Chelsea scoret. Hjemmelaget vant ballen høyt og ballen endte hos nordmannen. Reiten tok den med seg noen meter fremover i banen før hun spilte gjennom til Mayra Ramírez som var sikker alene med keeper.

    Chelsea møter vinneren av kampen mellom Brann og Barcelona torsdag.

    Guro Reiten
  • Napolis Jesus skuffet over utfallet av rasismesak

    Italias fotballforbund straffer ikke Inters Francesco Acerbi etter påstander om rasisme. Napolis Juan Jesus kjenner på «bitterhet» over avgjørelsen.

    Det var i Serie A-oppgjøret mellom Napoli og Inter tidligere i måneden at Acerbi skal ha uttrykt seg rasistisk til Jesus.

    Acerbi beklaget etter hendelsen, men benekter å ha kommet med noen rasistiske bemerkninger. Han måtte likevel reise hjem fra landslagssamlingen med Italia mens forbundet etterforsket saken. Tirsdag ble den skrinlagt på grunn av manglende bevis.

    – Selv om jeg respekterer avgjørelsen, har jeg problemer med å forstå den, og jeg kjenner på bitterhet, sier Jesus i en uttalelse Napoli har publisert på sine nettsider.

    – Jeg er skuffet over utfallet av en alvorlig sak som jeg håndterte som en «gentleman», for å unngå å stoppe en viktig kamp. Jeg frykter at denne avgjørelsen vil sette et uheldig eksempel som rettferdiggjør en viss type oppførsel.

    Acerbi risikerte å bli utestengt i opp mot ti Serie A-kamper og deler av sommerens EM hvis han hadde blitt kjent skyldig.

    – Jeg har vært profesjonell i 20 år, og jeg vet hva jeg sier. Det kom ikke den typen ord ut av munnen min, det var han som misforsto, sa Acerbi like etter kampen.(NTB)

    Juan Jesus
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal