Dette var sist gong Italia slo Spania i ein meisterskap

Ein må attende til 1994 for å finne sist gong Italia slo Spania i meisterskap. Eit klart mentalt overtak til Spania, meiner NRKs ekspert Karl-Petter Løken.

World Cup Soccer 1994

SIST SIGER: Roberto Baggio kan juble etter å ha skåra 2-1 målet i kvartfinalen av VM 1994, sist gong Italia slo Spania i meisterskapssamanheng.

Foto: Susan Walsh / Ap

I kveld er det duka for det første gigantmøte i EM. Dei regjerande europameisterane frå Spania skal ut mot dei asurblå italienarane, som tidlegare har hatt eit knallhardt grep på «La Roja» i meisterskap.

NRKs ekspert, Karl-Petter Løken er ikkje i tvil om kven som har overtaket før møtet.

– Eg tykkjer at Spania har overbevist so langt i EM. Dei verkar solide, og eg held dei som klar favoritt i kampen.

Uansett kven som vinn, skal den første giganten ut av sluttspelet i Frankrike.

Forbannelsesfrie spanjolar

På dei siste 11 møta har Italia berre gått sigrande ut ein einaste gong, og me må attende til 1994 for å finne sist meisterskapskamp der italienarane vann. Den gongen var det Dino og Roberto Baggio som sørga for å slå ut Spania 2-1 i kvartfinalen av VM.

Etter det har Italia mista grepet på rivalen sakte men sikkert. Likevel var det i EM i 2008 at Spania verkeleg kunne tre ut av Italias skugge.

FBL-EURO-2012-ESP-ITA-MATCH31

MENTALT OVERTAK: Italia hugsar godt sist møte med Spania. EM-finalen for fire år sidan endte 4-0 til Spania.

Foto: FRANCK FIFE / Afp

Då var det Spania sin tur til å slå ut Italia i kvartfinalen. For første gong gjekk dei sigrande ut av ein meisterskapskamp mot italienarane. Forbannelse var broten, og sidan har dei ikkje sett seg attende. I EM i 2012 spelte dei først 1-1 i gruppespelet, før Spania knuste Italia 4-0 i finalen.

– Spania har eit klart mentalt overtak. Italia blir påminna av finalen for fire år sidan, og laget blir nok prega av det, seier Karl-Petter Løken.

Tunga på vektskåla

Skal Italia klare å snu skipet, og ta tilbake overtaket mot spanjolane, må dei halde styr på Cesc Fàbregas, som tidlegare har laga trøbbel for italienarane. Han skåra på det avgjerande straffesparket i EM 2008, utlikna i 1-1-møtet i 2012 og var arkitekten bak David Silvas åpningsmål i finalen.

– Fàbregas kan bli tunga på vektskåla i dag. Han er nok ikkje den aller viktigaste på laget, men kan vere med å opne rom i det italienske forsvaret, trur Løken.

Fàbregas tek i alle høve ikkje sigeren på forskot.

– Måten dei spelar på, vil kreve det aller ypperste av oss, seier Fabregas før supermøtet i Saint-Denis mandag.

FBL-EURO-2016-MATCH21-ESP-TUR

STRØKEN PASNINGSFOT: Spanias midtbaneveteran Andrés Iniesta har storspelt so langt i EM.

Foto: TOBIAS SCHWARZ / Afp

Den spanske nøkkelopnaren

Men det er ein annan spanjol som verkeleg har vist styrke i årets EM. Veteranen Andres Iniesta har strødd rundt seg med krempasningar, og vore ei kreativ brikke i Spanias angrepsrekke.

– Han er ein nøkkelopnar som kan låse opp rom i eit knallsterkt italiensk forsvar. Han er i lag med David Silva den aller viktigaste for Spania i dag, seier Løken.

Siste nytt

  • Alvorlig ulykke på Momarken

    Travkusk Gøran Antonsen ble hentet av luftambulanse etter en stygg travulukke på Momarken tirsdag kveld. Ulykken skjedde da hesten New Fighter som Solberg kjørte, trolig snubler på oppløpet, melder Trav365.no. Også Adrian Solberg Akselsen skal være skadd.

  • Holøs til Lidköping

    Ishockeybacken Jonas Holøs (31) vender tilbake til SHL og skal spille for Linköping fra neste sesong.

    Den norske landslagskapteinen, som de to siste sesongene har spilt for sveitsiske Fribourg-Gotteron, har skrevet under på en toårskontrakt med sin nye klubb.

    Holøs
    Foto: Tore Meek / NTB scanpix
  • Hynne på andreplass i Sverige

    Med tiden 2.02,61 ble Hedda Hynne nummer to på 800-meteren i Grand Prix-stevnet i svenske Sollentuna tirsdag kveld. Svenske Lovisa Lindh vant på 2.01,79. Begge løp på sesongbeste, men var et stykke unna VM-kravet på 2.00,60.

    Hedda Hynne
    Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal