NRK Meny
Normal

Bjørgen og Svendsen på inntektstoppen

Marit Bjørgen tente best av OL-heltane frå Sotsji i fjor. Men det var ikkje så verst å vere skiskyttar heller i 2014.

Marit Bjørgen

GULL OG GODE INNTEKTER: Med tre OL-gull hadde Marit Bjørgen eit godt år i 2014. Det gav seg også utslag på inntekta

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Det går fram av skattelistene for inntektsåret 2014, som vart lagt fram i natt.

Vinter-OL 2014 var eitt av dei beste for Norge, men det er stor skilnad i inntektene for medaljevinnarane frå den gongen.

Marit Bjørgen er ikkje uventa klart på inntektstoppen av dei norske vintersportsutøvarane. I overkant av 7,2 millionar kroner står ho oppført med. OL i Sotsji gav Bjørgen tre gull.

Slått av Johaug

Bjørgen har også ei formue på 27,9 millionar. Men her må ho sjå seg slått med godt og vel 600.000 av lagvenninne og gullrival Therese Johaug, som har 28.5 millionar.

Johaug – som blei gullaus i Sotsji, men som sikra seg sølv og bronse – har 3,3 millionar i inntekt frå fjoråret.

Dei to er i særklasse på formuetoppen av norske vintersportutøvarar i 2014.

Petter Northug er ikkje på same nivå. Han hadde ikkje noko godt OL og vart utan medaljer i Sotsji. Skikongen tente likevel 1,5 millionar i fjor. Martin Johnsrud Sundby var like bak med 1,4 millionar i inntekt.

Gode skiskyttar-inntekter

Men det er ikkje så verst å vere på topp i skiskyting heller.

Nest høgast inntekt av dei norske vintersportsstjernene i fjor hadde skiskyttar Emil Hegle Svendsen. Han står oppført med 4 millionar – betre ann alle andre enn Bjørgen.

Tora Berger tente 1,8 millionar, og Tarjei Bø 1,6.

På alpintoppen tronar Kjetil Jansrud. Ikkje så urimeleg, ettersom han kom heim med gull og bronse frå Sotsji. 2,8 millionar gav 214 i inntekt for gudbrandsdølen.

Slik var 2014 økonomisk for medaljevinnarane i Sotsji-OL pluss nokre av dei andre vintersportsutøvarane som gjorde det bra i fjor (inntekt - formue):

  • Marit Bjørgen 7.258.279 – 27.910.283
  • Emil Hegle Svendsen 4.064.384 - 5.725.614
  • Therese Johaug 3.312.999 – 28.550.473
  • Kjetil Jansrud 2.845.442 – 2.691 - 421
  • Tora Berger 1.876.909 – 7.882.113
  • Tarjei Bø 1.663.270 5.086.004
  • Petter Northug 1.544.393 – 7.313.568
  • Martin Johnsrud Sundby 1.444.288 – 5.473.121
  • Ola Vigen Hattestad 899.470 – 5.781.461
  • Anders Bardal 887.372 – 3.853.399
  • Heidi Weng 808.378 – 5.300.177
  • Johannes Thingnes Bø 793.966 – 974.261
  • Kristin Størmer Steira 707.778 – 1.324.746
  • Ann Kristin Flatland 642.245 – 3.259.814
  • Anders Jacobsen 620.145 – 211.519
  • Ståle Sandbech 614.011 - 6.311.740
  • Maiken Caspersen Falla 531.272 – 1.686.601
  • Magnus Moan 519.216 - 0
  • Henrik Kristoffersen 518.221 – 1.355.412
  • Tiril Eckhoff 476.275 – 0
  • Ingvild Flugstad Østberg 429.901 – 2.331.052
  • Jørgen Graabak 240.376 – 0
  • Ole Einar Bjørndalen 211.001 – 3.365.966
  • Rune Velta 177.683 – 292.633
  • Aksel Lund Svindal 30.511 - 0
  • Magnus Krog 0 - 0

Siste nytt

  • Varsler pressekonferanse kl. 12.15

    Therese Johaug vil holde pressekonferanse allerede klokken 12.15 tirsdag, opplyser manager Jørn Ernst til NRK. Langrennsstjernen skal møte pressen i Seiser Alm etter å ha mottatt CAS-dommen. Det er knyttet stor spenning til om dommen blir strengere eller mildere enn utestengelsen på 13 måneder fra NIFs domsutvalg.

    Therese Johaug
    Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
  • Kostbart poeng for Godset

    Det ble til tider ampert da Strømsgodset holdt Sarpsborg 08 til 0-0 på bortebane mandag kveld. Totalt ble det delt ut sju gule kort, og Strømsgodset-stopperne Jakob Glesnes og Kim André Madsen må begge stå over neste seriekamp mot Rosenborg. Sarpsborg er nå seks poeng bak serielederne fra Trondheim, mens Godset holder 9.-plassen.

    Sarpsborg
    Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal