NRK Meny
Normal

Dette skjer i VM i dag

Full trøkk i Lahti i dag igjen. Både langrennsløparar, kombinertløparar og hopparar skal i sving i VM-byen. Og skal Martin Johnsrud Sundby endeleg lykkast?

Martin Johnsrud Sundby

NY SJANSE: Martin Johnsrud Sundby får ein ny sjanse til sitt første individuelle VM-gull, og går sist ut av favorittane

Foto: Andrea Solero / AP

Du kan følgje alle dagens øvingar her.

Kombinert

Jørgen Graabak

UNDERDOGS? Jørgen Graabak og dei andre nordmennene skal ut i ny kamp mot dei tilsynelatande uovervinnelege tyskarane

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Dagen tek til med kombinert hopprenn klokka 11.00 – med første renn i den store bakken i Lahti.

Norske startnummer:

  • 35 Magnus Moan
  • 41 Magnus Krog
  • 42 Espen Andersen
  • 48 Jørgen Graabak

Det betyr at Mikko Kokslien er sett ut av laget.

Dei tyske løparane er enorme favorittar. Dei har vunne 18 av 19 individuelle verdscuprenn før VM, tok firedobbelt i det første individuelle VM-rennet, og vann lagkonkurransen klart.

Langrennet over 10 km startar klokka 15.15.

Heile startlista i hopprennet.

15 km klassisk langrenn, menn

Johannes Høsflot Klæbo

STJERNESKOT: Johannes Høsflot Klæbo skal vise kva han duger til, også i klassisk og me enkelstart

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Skal det endeleg lykkast Martin Johnsrud Sundby å ta sin første individuelle VM-tittel? Hans overmann på tremila, Sergej Ustjugov, startar ikkje. Men elles er dei tøffaste utfordrarane med.

Norske startnummer:

  • 39 Johannes Høsflot Klæbo (går ut 13.04.30)
  • 42 Didrik Tønseth (går ut kl. 13.06.00)
  • 66 Niklas Dyrhaug (går ut kl. 13.18.00)
  • 70 Martin Johnsrud Sundby (går ut kl. 13.20.00)

Sundby går ut sist av favorittane. Finske Iivo Niskanen har nummer 64, russiske Aleksandr Bessmertnykh 60 og svenskane Johan Olsson og Calle Halfvarsson respektive 52 og 44.

Ulykkesfuglen Emil Iversen er sett ut av laget, og ønskjer å reise heim.

Hoppkvalifisering, stor bakke

Ski-VM Lahti 2017.

MISNØGD: Daniel Andre Tande ville aller helst ha vraka seg sjølv etter sin innsats i veslebakken

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Det er kvalifisering til torsdagens hopprenn i den store VM-bakken klokka 17.00. Norge stiller med denne kvartetten:

Daniel-André Tande, Johan Andre Forfang, Andreas Stjernen og Anders Fannemel.

Tande er med, trass i at han helst ville vraka seg sjølv.

Fannemel er ny sidan hopprennet i den vesle bakken. Forfang er tilbake etter kollapsen før miks-konkurransen søndag. Det betyr at Robert Johansson og Tom Hilde ikkje får vere med.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal