Dette skjer i EM i dag: Dødens gruppe skal avgjerast og Spania må slå tilbake

I dag får vi vite kven som blir dei siste laga som avanserer frå gruppespelet. Kan Spania reise seg igjen? Og kven tek seg vidare frå «dødens gruppe»?

Euro 2020 - Group F - Portugal v Germany

UTE: Tyskland må klare seg utan Thomas Müller i gruppefinalen mot Ungarn.

Foto: ALEXANDER HASSENSTEIN / Reuters

Dagens kampar:

18.00: Sverige – Polen (NRK 1)

18.00: Slovakia – Spania (NRK 2)

21.00: Portugal - Frankrike (TV 2)

21.00: Tyskland - Ungarn (TV 2 Sport 1)

Dagens snakkisar:

  • Det er litt av ein kabal som skal til når ein skal finne ut av kva lag som endar på kva posisjon. Sverige og Frankrike har allereie sikra seg avansementet, men det er framleis fullstendig opent i kampen om dei andre plassane. Her får du full oversikt over kva som skal til for at dei ulike landslaga skal sikre ein plass i utslagsrundane.
  • Det har nesten verka som om Spania har vorte vaksinerte mot å skåre mål. Både mot Sverige og Polen sløste dei med sjansane, og begge kampane enda uavgjort. No har dei presset på seg før gruppa skal avgjerast mot Slovakia.
  • Tyskland må etter alle solemerke klare seg utan stjernespissen Thomas Müller som kan miste kampen grunna skade. Også Mats Hummels, Ilkay Gündogan og Lukas Klostermann har gått glipp av treningar denne veka, men kan rekke kampen mot Ungarn.
  • Tyskland – Ungarn skal spelast på Allianz Arena, ein stadion det var ønska å kle opp i regnbogens fargar for å vise støtte til LHBTQ+ samfunnet. Uefa avslo denne førespurnaden, og Ungarns utanriksminister sine utsegner i kjølvatnet av dette har skapt sterke reaksjonar.
  • Den andre kampen i gruppe F er møtet mellom regjerande verdsmeister mot regjerande europameister. For ein godbit vi har i vente.

Slovakia – Spania

Premissane for denne kampen er eigentleg ganske klare. Spania må vinne for å sikre seg avansement utan å vere avhengig av hjelp frå Sverige. Dersom kampen endar uavgjort må Polen gi frå seg poeng mot svenskane for at Spania skal kunne gå vidare.

Dersom Spania spelar uavgjort, og Polen gir frå seg poeng i sin kamp, vil Spania gjere som Portugal i 2016 og ta seg vidare frå gruppespelet i EM utan å ha vunne ein einaste kamp.

Og i EM 2016 enda Portugal opp med å gå heile vegen til finalen, og løfte pokalen.

Slovakia er på si side sikra avansement frå gruppa med poeng mot Spania. Dersom vinn kveldens kamp vil dei også kunne klatre forbi Sverige og vinne gruppa, gitt at Sverige gir frå seg poeng mot Polen.

Og det er ikkje utenkeleg at Slovakia skal klare å ta poeng mot Spania. I siste gruppespelkamp i eit meisterskap gjer dei det historisk sett godt. I VM 2010 slo dei Italia 3–2 i den siste kampen, medan dei i EM 2016 spelte 0–0 mot England.

Dette er dei to meisterskapa dei har teke del i tidlegare, og ved begge høver tok dei seg til sluttspelet.

Ekspertens dom:

– Spania må vinne. Dei har så langt vore like seg sjølv i meisterskapen, med mykje sjansar og lite sluttprodukt. Dei er favorittar mot Slovakia, og eg forventar at dei løfter seg, seier NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp.

Sverige – Polen

Sverige har allereie sikra seg avansementet frå gruppespelet, uavhengig av korleis kampen mot Polen går. Men for å sikre gruppesigeren, og dermed sjansen til å møte ein av gruppetrearane i åttedelsfinalen, må dei vinne kampen, eller spele uavgjort og håpe at Slovakia tek poeng frå Spania.

Polen må vinne kampen for å avansere, tap eller uavgjort sender dei ut av EM. Polen kan heller ikkje avansere som beste trear, då dei berre kan ende på tredjeplass ved uavgjort mot Sverige. Då vil dei ende på to poeng, som vil vere blant dei to dårlegaste trearane.

Sverige har den siste tida vist seg som eit slid defensivt lag. Dei siste sju kampane har dei berre sloppe inn eitt mål. Det kom i 3–1 sigeren mot Armenia i oppkøyringa til meisterskapet.

Polen lekk på sin side bakover, men til gjengjeld skårar dei som oftast minst ein gong også.

Førre gong dei haldt buret reint var i ein VM-kvalifiseringskamp mot Andorra, og på dei siste åtte kampane har dei berre enda opp med ein smultring i målprotokollen ein gong. Offensivt har dei også skåra i åtte kampar på rad.

Ekspertens dom:

– Sverige blir fort gruppevinnar med uavgjort. Det blir spennande å sjå korleis dei vurderer vegen vidare, og om dei vil gå for gruppesiger eller andreplass, seier Torp om svenskane.

Om det blir gruppesiger vil dei møte enten Finland, Ukraina eller Tsjekkia - avhengig av kven som kjem vidare som beste trear. Om dei tek andreplass, vil dei møte Kroatia.

Tyskland – Ungarn

Ingen av desse laga er sikra avansement før på kampdagen. For Tyskland vil uavgjort vere alt som skal til for å sikre seg plass i åttandedelsfinalen, anten gjennom 2.-plass i gruppa, eller som ein av trearane som tek seg vidare.

Teoretisk sett så kan Tyskland også ende opp med å ryke ut av EM, dersom dei blir slått av Ungarn, og Portugal tek poeng mot Frankrike. Då vil dei ende aller siste i «dødens gruppe».

Ungarn på sin side vinne for å ha håp om avansement. Uavgjort i denne kampen gjer at dei ender sist i gruppa, med to poeng.

Poenget dei klarte å sikre seg mot Frankrike er Ungarns livslinje med tanke på vidare spel i EM, men då må det altså bli tre poeng mot Tyskland.

Desse laga møtast ikkje altfor ofte. Fire gongar har dei spelt mot kvarandre i dette tusenåret.

Tyskland har vunne tre og tapt ein av desse kampane. Tapet kom i ein treningskamp i 2004, der Tyskland stilte med spelarar som Phillip Lahm, Michael Ballack og Miroslav Klose. Kampen enda 0–2 til Ungarn.

Ekspertens dom:

– Tyskland har enklast jobb, og skal spele på heimebane. De var svært gode mot Portugal, og kjem sikkert til å køyre på i denne kampen også, seier Torp.

Portugal – Frankrike

Denne godbiten er kampen mellom regjerande europameister og regjerande verdsmeister.

Portugal er regjerande meister i denne turneringa, men dersom dei tapar mot Frankrike kan dei ryke ut av meisterskapet allereie i gruppespelet vedd ein ungarsk siger mot Tyskland. Dette vil sende dei ned på sisteplassen i «dødens gruppe».

Portugal må med andre ord reise seg etter eit sviande 2–4 tap mot Tyskland i førre kamp, ein kamp der to portugisarar var uheldige og skåra sjølvmål.

Frankrike er regjerande verdsmeister, og har allereie sikra seg ein plass i neste runde med sine fire poeng på sine to første kampar. Det einaste spenningsmomentet er om dei vinn gruppa, tek andreplassen, eller endar som nummer tre.

Dette kan også bli ein spesiell kamp for Cristiano Ronaldo som har skåra 107 mål for Portugal. Dermed skal det berre to nettkjenningar til for at han skal tangere tidenes mestskårande spelar på den internasjonale herre-scena, iranske Ali Daei.

Ekspertens dom:

– Portugal bør helst ta poeng mot Frankrike, og det er eit vanskeleg utgangspunkt dei har fått. Men alle i gruppa er avhengig av å ta poeng, bortsett frå Frankrike, seier Torp.

Sportsnyheter

TAYjBA1taNw

Jakobs stikk etter Gjerts kommentar: – Virker som han ikke kan så mye om  løping

Jakob Ingebrigtsen hadde ingen problemer med å ta seg til OL-finalen på 1500 meter, og i stedet var det – som vanlig – da han og faren kom til intervjusonen det virkelig tok fyr.

Siste nytt

  • Johaug raskest

    Therese Johaug var helt suveren og vant 7,5-kilometeren i skøyting i Lysebotn opp på rekordtid. Gaute Kvåle var raskest i herreklassen.

    Det var Johaugs sjette seier i rulleskirennet i Rogaland. Hun vant også i 2012, 2016, 2018, 2019 og 2020.

    Vinnertiden 30.45,4 var den beste noensinne. Nærmest Johaug var Heidi Weng, som ble frakjørt med 1.33,4 minutt. Treer Delphine Claudel fra Frankrike kom i mål 2.47,4 bak Johaug.

    Gaute Kvåle ble en noe overraskende seiersmann i herrenes skøyterenn. Han vant foran Jens Burman fra Sverige og Jon Rolf Skamo Hope.

    Johaug på trening.
    Foto: Anders Skjerdingstad / NRK
  • Møter Russland

    Anders Mol og Christian Sørum møter den russiske duoen i OL-finalen i helgen. Det ble klart etter at russerne slo Qatar i semifinalen, som ble spilt etter Mol og Sørums semifinale mot Latvia.

    Finalen spilles lørdag morgen klokken 4.30 norsk tid. Da er det meldt ordentlig ruskevær i OL-byen med mye nedbør. En viss sjanse for torden er det også.

    pPguUoII4yM8BIM
    Foto: Heiko Junge / NTB
  • Danmark til OL-finale

    Tittelforsvarer Danmark og Frankrike møtes i OL-finalen i herrehåndball i en reprise av Rio de Janeiro-lekene. Danskene slo torsdag Spania 27-23 i semifinalen.

    Tidligere på kvelden vant Frankrike (toppet Norges gruppe) med samme sifre over Egypt. Mikkel Hansen scoret hele 12 mål mot Spania.

    1Vtoj7FLORM
    Foto: Pavel Golovkin / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal