Dette skjer i EM i dag: Ønskjer England eigentleg å vinne?

Englands vidare EM-skjebne skal avgjerast, men det er faktisk ikkje sikkert at det lønner seg å slå Tsjekkia.

Harry Kane, Gareth Southgate

VEGEN VIDARE: Harry Kane og England har allereie sikra avansementet frå gruppe D. Med siger mot Tsjekkia vinn dei gruppa, og premien vil då vere eit møte mot 2.-plassen i gruppa med Tyskland, Frankrike og Portugal.

Foto: Facundo Arrizabalaga / AFP

Dagens kampar:

21.00: Tsjekkia – England (NRK1)

21.00: Kroatia – Skottland (NRK3)

Dagens snakkisar:

  • Både England og Tsjekkia har sikra seg avansement frå gruppa med sine fire poeng så langt. Kven av dei ønskjer å vinne kveldens kamp, og dermed måtte ut i aksjon mot gruppe-toaren i gruppa med Frankrike, Tyskland og Portugal?
  • Kroatia er i kjempetrøbbel, men det har komme dårlege nyheiter i den skotske leiren òg. Billy Gilmour har testa positivt for korona og vil ikkje delta i den viktige kampen.
  • Danmark har sikra seg avansement frå gruppespelet, etter storsigeren mot Russland i går. No blir dei hylla av fleire av fotballens største stjerner, etter det dei har vore gjennom dei siste vekene.

Tsjekkia – England

Tsjekkia har vist så langt at dei på ingen måte er nokon kasteball. Patrik Schick har vore ein av dei heitaste spelarane i EM så langt, og han kan fort skape trøbbel for det engelske forsvaret. Tsjekkarane spelte ein god kamp mot Kroatia, sjølv om dei måtte til slutt nøye seg med uavgjort.

England har vorte peikt ut som ein av favorittane til å vinne meisterskapet, og er saman med Tsjekkia allereie sikra seg avansementet frå gruppa. Det einaste spenningsmomentet er om dei kvalifiserer seg gjennom ein 1.-, 2.-, eller 3.-plass i gruppa.

Vinnaren av denne kampen vil vinne gruppa, endar det uavgjort tek Tsjekkia gruppesigeren på betre målskilnad enn England.

Gary Neville, tidlegare landslagsspelar og fotballekspert for Sky Sports, er likevel uroa etter kampen mot Skottland, som enda uavgjort.

– Det som uroar meg, er dei fysiske nivåa. Eg veit ikkje kvifor det skjedde. Kanskje er spelarane veldig slitne. Dersom dei er det, så har vi eit stort problem. Eller så var dei litt umodne, og dei førebudde seg så kraftig mentalt at dei vart utbrent, seier Neville til Sky Sports.

Han meiner at backane Luke Shaw og Reece James var altfor lite involvert framover. Det tyder på at dei var slitne, meiner Neville.

Ekspertens dom:

– Statusen i gruppa er spesiell. Vi har Tsjekkia som møter England, der begge allereie er vidare. Så det blir spennande å sjå korleis laga angrip den kampen. Vinnaren av gruppa skal møte andreplassen i gruppe F med Frankrike, Tyskland og Portugal, så det er eit viktig element i denne kampen, seier NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp.

– England er openberre favorittar i kampen, men Tsjekkia har sett bra ut med mellom anna Schick. Men så får vi sjå korleis dei stablar laga på bana. Eg vil sjå for meg at det blir litt byter, slik vi såg Belgia gjere det mot Finland.

Kroatia – Skottland

På førehand er det nok mange som held Kroatia som favorittar, men Skottland leverte ei god framsyning mot England då det enda 0–0. Og med siger mot Kroatia vil dei uansett ta seg vidare frå gruppespelet.

Men dei må klare seg utan Billy Gilmour, som blei banas beste mot England.

– Han er eit enormt talent, og dette er ein stor nedtur. Vi kjem til å sakne han, seier tidlegare landslagsspelar for Skottland Graeme Souness til Sky Sports.

– Eg veit det høyrest rart ut. Det er dei første landskampane hans og han er 20 år gammal, men vi kjem til å sakne han mot Kroatia, seier han.

Også Kroatia er sikra avansement dersom dei slår Skottland. Men skulle kampen ende uavgjort vil begge laga vere ute av EM-

Ekspertens dom:

– Denne kampen kan bli utruleg kul. Det er to lag som vinne, der eitt poeng ikkje held for nokon. Begge lag har noko å spele for, så no er det ein høginteressant kamp, seier Torp.

– Det er ein frykteleg open kamp. Kroatia har i utgangspunktet eit betre lag med betre spelarar, men Skottland har sett mykje meir energiske ut, og tok eit ikkje ufortent poeng mot England, medan dei var uheldige mot Tsjekkia. Skottland har sett betre ut enn Kroatia, så kampen er open, seier han.

Sportsnyheter

0DMusT9nEOQ

Sagosen-bråk etter kampslutt: – Måtte skille dem før ting eskalerte

TOKYO/OSLO (NRK): Norge imponerte stort og tok seg videre til kvartfinale i OL etter seier mot Frankrike. Men i stedet for å juble havnet Sander Sagosen i munnhuggeri og måtte dras vekk fra franske stjerner.

Sailing - Men's Laser - Medal Race

Tomasgaard tok OL-medalje etter seiledrama

TOKYO/OSLO (NRK): Hermann Tomasgaard klarte å holde hodet kaldt på den siste seilasen og sikret Norges første individuelle herremedalje i seiling på 25 år.

Siste nytt

  • Norge møter gruppevinnar

    Tyskland slo Brasil 29-24 i den siste kampen i Norges gruppe. Det betyr at Norge er nummer fire i gruppa, og møter vinnaren av den andre gruppa i kvartfinalen.

    Det kan bli Danmark, men det er ikkje heilt sikkert før Danmark og Sverige har møtt kvarandre litt seinare i ettermiddag.

    Juan Vivaldi
    Foto: John Minchillo / AP
  • Olympisk rekord av Camacho-Quinn

    Puertorikanske Jasmine Camacho-Quinn løp inn til ny olympisk rekord i semifinalene på 100 meter hekk for kvinner.

    Tida 12.26 er bare seks hundredeler bak verdensrekorden til Kendra Harrison fra 2016. Camacho-Quinn tar seg med det videre fra semifinalen, hvor hun for fire år siden krasjet i en hekk da hun ledet og røk ut.

    Finalen løpes i morgen.

    Sommer-OL i Tokyo 2021
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Hauger vann i Ungarn: – Verdsklasse

    Dennis Hauger vann Formel 3-løpet i Mogyoród i Ungarn i dag. Han starta frå nest beste posisjon, men køyrde inn til siger. Dermed auka han også leiinga i samandraget.

    Haugers lagkamerat Arthur Leclerc blei nummer to, og Jack Doohan blei nummer tre. Haugers nærmaste konkurrent i samandraget før runde, Olli Caldwell, blei nummer åtte og fall til tredjeplass

    Hauger auka leiinga til 63 poeng med sigeren. Han har 152 poeng, medan Doohan no er nummer 2 med 89. Hans lag Prema Racing leier også lagmeisterskapet suverent.

    Ekspertisen sparte ikkje på skrytet etter sigeren.

    – For eit utruleg kontrollert løp av Dennis Hauger. Det er berre å vere så utruleg stolt over det han leverer helg etter helg, skriv TV-kommentator Stein Pettersen på Twitter.

    – Verdsklasse, var dommen frå Viasports motorsportkommentator Atle Gulbrandsen på Twitter rett etter målgang.

    Tre VM-rundar står att: Belgia, Nederland og USA. Kvar runde omfattar tre løp, og det er mogeleg å sikre seg 55 poeng per runde. Den neste går i Belgia siste helga i august.

    – Dette er eit nivå langt over det nokon norsk bilførar har vore i nærleik av tidlegare, seier Haugers manager Harald Huysmann til NRK.

    Han fortel at Hauger har vore i kontakt om køyring i Formel 2, ei klasse med litt tyngre og raskar bilar.

    – Det kan godt hende Dennis køyrer formel 2 allereie neste sesong. Han er blitt lagt godt merke til, og mange av laga i Formel 2 har gitt uttrykk for interesse. Men ettersom Prema har lag også der, vil det vere mest naturleg om han køyrer for sitt gamle lag, seier Huysmann.

    Dennis Hauger
    Foto: Lluis Gene / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal