Hopp til innhold

Konrad (21) kan ikkje snakke – no er eit lite klistremerke blitt løysninga

SARPSBORG (NRK): Bocciaspelar Konrad Galan (21) har ein heilt spesiell eigenskap. Han kommuniserer med auga, og bruker krafta frå hovudet til å prestere.

Konrad Galan, boccia

GLEDESPREIAR: Konrad Galan med klistremerket i panna.

Foto: Pia Rivelsrud / NRK

Landslagsutøvaren er kanskje den blidaste personen i Sarpsborg, sjølv om han ikkje kan bevege armar og bein, og heller ikkje prate.

Galan blei nemleg fødd med cerebral parese. Han fekk navlestrengen surra rundt halsen under fødsel, og mista difor tilgangen på oksygen.

I Polen var det vanskeleg å få den oppfølginga han trong, men då familien tok valet om å flytte for tolv år sidan – fekk noregsmeisteren eit nytt liv.

Han har funne ein ny måte å kommunisere på, og den måten gjer at han kan fortelje om NM-gullet og ei rekke andre medaljar.

No er draumen å vinne OL – og få oppleva å hoppe i fallskjerm.

– Det var eit stort underverk at vi møtte alle desse menneska på vegen, fortel mor Renata Galan med gråten i halsen, om dei som har gjort sonen ordentleg god – på fleire område.

Teknologisk verktøy

Det er eit slags klistremerke festa i panna som spelar den største, essensielle rolla i Konrad sitt liv. Metalldingsen er på størrelse med ei ert, men flatare, og den gjer at Galan kan ha fullverdige samtalar med dei rundt seg.

– Alle forstår han. Det betyr ingenting at han er ein gut i rullestol. Alle elskar Konrad, og han elskar dei, seier Renata Galan.

Konrad Galan og Renata Galan

SOM UNG: Konrad Galan og mor Renata.

Foto: PRIVAT

Nokre ord kan han uttale, som «ja» og «yatzy», men det er ei datamaskin som gjer resten av jobben. Litt i same gate som Stephen Hawking gjorde med si maskin.

– Han har ein sånn blank ein i hovudet som får kontakt med brettet, og så pratar Konrad, forklarer Anne Marit Sørlie på Nygårdshaugen aktivitetssenter, samstundes som ho peikar på klistremerket.

Men for å få til alt dette, må hovudet og styrken vere på plass. Og det er det ikkje tvil om at det er.

Han er helt rå på å bruke hovudet.

Konrad Galan

KOMMUNISERER: Galan føre skjermbrettet som hjelper han å halde ein samtale.

Foto: Pia Rivelsrud / NRK

Drøymer om OL

Når Galan kastar eit blikk ned på smartbrettet, tek det få sekund før teknologien har forma ei setjing som gir svar på spørsmålet som blei stilt.

Konrad Galan

STÅLKONTROLL: Galan med hjelmen som han brukar til å spele boccia.

Foto: Pia Rivelsrud / NRK

Når han spelar yatzy, blir terningane lagt på toppen av hovudet hans, før han nikkar dei ned på eit brett. Det er ikkje så enkelt som ein skulle tru. Det er vanskeleg nok å få terningane til å ligge i ro oppå hovudet.

Når han spelar renne-boccia, dyttar han kula ned ei sklie, og sjølve kula får han fart på ved hjelp av ei stong festa til hovudet.

Det har gitt resultat.

I 2018 tok han gull i lag-NM og fekk kongepokalen. Dei gode prestasjonane gav han ein plass på landslaget på sjølvaste 18-årsdagen sin.

Fredag er målet å ta NM-gull på nytt, men det største målet er nokre år fram i tid.

– Eg drøymer om å vinne OL i boccia, få masse tatoveringar, hoppe i fallskjerm og reise på konsert, seier Galan.

Tatovering av bocciakuler, Konrad Galan

LIDENSKAP: Galan har foreviga bocciakulene på overarmen.

Foto: Pia Rivelsrud / NRK

Hemmeleg språk

Det er dei paralympiske leikane i 2024 han siktar mot. Og for å klare det, trenar han tre til fire gonger i veka saman med speleassistent Ketil Gulliksen.

– Mi oppgåve er å vere Konrad si høgrehand. Han gir meg alle kommandoar som han vil eg skal gjere med handa, og så følger han tabellen vi har målt opp på førehand. Då legg eg fingeren på sida, og så gir han meg eit teikn når han vil eg skal stoppe, seier Gulliksen.

Duoen har innprenta teikn som berre dei to kan.

– Tittar han opp i taket, så veit eg at det er høg fart, røper makkeren.

Sjølv om Galan får hjelp til å setje i gong spelet, forsikrar Gulliksen at han har lite påverknadskraft.

– I kamp får eg ikkje sett noko som helst. Eg sit med ryggen til, men eg ser jo på Konrad om det går bra eller dårleg, seier han.

Konrad Galan og Ketil Gulliksen

TRENING: Galan og speleassistent Ketil Gulliksen.

Foto: Pia Rivelsrud / NRK

Kunne starte å leve

Dei timane av dagen utøvaren ikkje set av til boccia, brukar han på Nygårdshaugen Aktivitetssenter.

Anne Marit Sørlie og Anette Wilhelmsen er to av pleiarane som jobbar med Galan. Mor Renata er heilt rørt til tårer av kor mange som har hjelpe sonen. Å kome til Noreg blei redninga – då fekk han eit liv.

– Det er kjempebra menneske som alle hjelper meg og familien min. Han har boccia, dagsenteret og mange vener, seier mor til Galan.

Men Galan gir mykje tilbake. I møte med utøvaren, har han stort sett eit smil om munnen.

– Han er storsjarmøren på huset. Han er aldri sur, han er heilt utruleg blid og positiv, seier Sørlie.

Wilhelmsen støttar opp orda til kollegaen.

Konrad Galan og Anette Wilhelmsen

KJÆRLEIK: Konrad Galan og Anette Wilhelmsen.

– Han er veldig glad i menneske, og klarar å sjå det positive i det meste. Vi har mykje å lære av Konrad, seier Wilhelmsen og ser på utøvaren ved sida seg.

Han ler og nikkar med hovudet.

– Ja, det har vi. Masse å lære av deg, avsluttar ho bekreftande.

Boccia er ein av øvingane under årets NM-veke i Sarpsborg. Tre individuelle klassar gjennomførast i Sarpsborg-hallen, og sjølve konkurransen går av stabelen 25. og 26. juli.

Siste nytt

  • Tennisspiller knuste racketen etter sjokktap i Asialekene – legger seg flat i brev

    Den sørkoreanske tennisspilleren Kwon Soon-woo la seg tirsdag flat i brevs form etter å på spektakulært vis ha mistet hodet etter et sjokktap i Asialekene

    Langt lavere rangerte Kasidit Samrej fra Thailand slo Kwon 6-3, 5-7, 6-4 i andre runde av tennisturneringen i Hangzhou. Det førte til et raseriutbrudd fra den 25 år gamle sørkoreaneren.

    Bilder av Kwon som slår racketen sin i bakken ni ganger mot slutten av kampen har gått viralt, og Kwon nektet også å ta motstanderen i hånden.

    Sørkoreaneren, som er rangert som nummer 112 i verden, var blant de klare medaljekandidatene under Asialekene. Oppførselen hans skapte store overskrifter og fordømmelse i hjemlandet.

    I etterkant av kampen oppsøkte Kwon leiren til det thailandske laget og beklaget episoden, melder nyhetsbyrået Yonhap. Unnskyldningen skal angivelig ha blitt akseptert.

    Det koreanske idrettsforbundet har også utstedt et håndskrevet unnskyldningsbrev fra Kwon. Sørkoreaneren har tatt to ATP-titler i karrieren. I brevet skriver Kwon at han angrer på det som omtales som «en uforsiktig handling».

    «Jeg beklager oppriktig til det koreanske folk som støtter landslaget og til fansen på arenaen. Jeg beklager,» skriver han.

    «Jeg ber nok en gang om unnskyldning til Samrej, som ble fornærmet av min uhøflige oppførsel. Jeg angrer oppriktig på det, og reflekterer over mine handlinger etter kampen.», fortsetter han. (NTB)

  • Disse skal dømme håndball-EM for menn

    De norske dommerparet Lars Jørum og Håvard Kleven er av Det europeiske håndballforbundet tatt ut å dømme EM for menn i Tyskland i januar.

    Totalt er 18 dommerpar tatt ut av EHF til å dømme det kommende EM-sluttspillet i Tyskland fra 10. til 28. januar.

    Jørum og Kleven er rangert som Norges beste dommerpar. Dommerparet har erfaring fra flere mesterskap, og har blant annet dømt tre verdensmesterskap på rad.

    Etter å ha dømt de to siste europamesterskapene på herresiden i 2020 og 2022, får de nå fornyet tillit i EM i 2024.

    De norske håndballgutta med i EM og spiller i gruppe D i Berlin hvor de møter Polen (11/1), Færøyene (13/1) og Slovenia (15/1). (NTB)

    Eliteserien håndball 2022: Drammen - ØIF Arendal (32-26)
    Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
  • Liverpool-stjerne tilbake i trening – aktuell for cupkamp

    Liverpool kan ha Trent Alexander-Arnold tilbake på banen i løpet av kort tid. Han er i trening foran ligacupmøtet med Leicester onsdag.

    Tirsdag uttalte assistenttrener Pep Lijnders seg om høyrebacken som har vært ute med en lårskade.

    – Han er tilbake på lagtrening. Jeg vet ikke om han blir klar. Vi får se (på trening) i dag, sa nederlenderen.

    Foruten Thiago Alcântara er Alexander-Arnold eneste navn på Liverpools skadeliste per nå. Backen har gått glipp av lagets tre siste kamper. (NTB)

    Premier League - Leicester City v Liverpool
    Foto: CARL RECINE / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsvideoer
Spiller nå
Ler etter den offentlige oppvasken: – Skal ha tykkere vegger 00:46
Neste