EM er over for denne gang, og Portugal kan krone seg med EM-tittelen. Då er det på tide med eit tilbakeblikk over høgdepunkta på og utanfor bana denne meisterskapen.
Det islandske eventyret
Island blei ein av dei verkeleg store overraskingane i EM. Dei kom seg heilt til kvartfinalen mot Frankrike, og spelte seg inn i manges fotballhjerter. Det er mange ting me hugsar, men feiringa etter England-sigeren er garantert gåsehud.
Den feiringa gjentok islendingane då EM-heltane blei tekne i mot i Reykjavik.
Den islandske kommentatoren
Dette kunne gått under Island-eventyret, men den entusiaske islandske kommentatoren Gummi Ben fortenar eit eige punkt. Han tok fullstendig av ved fleire høve, og leverte tv-augneblink av den herlege sorten.
Kulthelten Will Grigg
Sjølv om Will Grigg ikkje fekk sjansen i EM, kom namnet hans i alle fall på mange tunger i løpet av meisterskapen. Den heimesnekra supportersangen klatra oppover hitlistene, og gjorde at nord-iren fekk kultstatus.
Joggebuksemannens stjernekamp
Norge-dødaren Ungarn hadde eit bra EM. Dei kom seg til åttedelsfinale, der dei rauk ut mot Belgia. Der leverte «joggebuksemannen» Gábor Király ein av EMs beste keeperprestasjonar.
Zazas pinlege straffemiss - og alle dei andre som bomma
Hugsar du Simone Zaza som blei sett innpå i kvartfinalen mot Tyskland kun for å ta straffe? Han tek lang løpefart, før han brenner ballen over mål. Det får han sjølvsagt gjennomgå for i sosiale medier.
Men han var i alle fall ikkje åleine om å bomme. Det blei 7 bom på 12 straffar, då Tyskland gjekk til slutt gjekk vidare.
Boatengs akrobatiske redning - og hands
Jérôme Boateng var ein av dei beste forsvararane i meisterskapen. Det viste han blant anna mot Ukraina, der han akrobatisk redda ballen på streken.
Men også han hadde sine feil, som då han gav Italia straffespark etter EMs mest openbare hands.
Wales' trimufferd
Gareth Bale og hans Wales nådde heilt til semfinalen der dei rauk mot Portugal. Det hadde få trudd i forkant av meisterskapen. Låganda og kampviljen deira imponerte mange, og det gjorde også frisparkfoten til Bale.
Ronaldos EM
Cristiano Ronaldo. For ei berg-og-dalbane han har hatt i EM. Frå å bli utskjelt og klikke på media, til å bli semifinale-helt, skade seg i finalen, og deretter coache Portugal inn til gull. Ein kan sei kva ein vil, men Ronaldo engasjerer i alle fall.
Sveits sine elendige drakter - og herlige mål
Under gruppespelskampen mot Frankrike revna 4 av draktene til Sveits-spelarane. Det fekk midtbanespelar Xherdan Shaqiri til å spøke med utstyrsgiganten etter kampen.
– Eg håpar ikkje Puma lagar kondomer, sa han.
I åttedelsfinalen viste derimot Shaqiri at skotfoten hans var av eit heilt anna kaliber.