Etter to intense slag i glasburet i Chennai fekk Magnus Carlsen ein dag på å hente seg inn igjen før det sjuande VM-partiet tar til måndag.
Kviledagen brukte han til å ta seg ut fysisk på basketballbanen.
– Det er bra, for han treng å få ut spenning av kroppen. Det er veldig intenst å bruke hovudet så mykje. Med ordentleg fysisk trening får han pensa tankane vekk frå sjakken. Ein bra måte å få senka skuldrene på, seier Carlsen-manager Espen Agdestein.
VIDEO: Carlsen speler basket i India
Magnus Carlsen henta seg inn med basketballtrening etter to strake VM-triumfar fredag og laurdag.
Jublar ikkje av respekt for motstandaren
På sjakkarenaen, i presserommet og framfor kamera passar Carlsen på å halde tilbake utblåsingane og jubelen etter triumfane.
– Det er ikkje vanleg i sjakken. Første gang eg for eksempel har fått ein «high-five» frå Magnus var etter triumfen over Teimour Radjabov i Kandidatturneringa tidlgare i år. Då var han skikkeleg glad, seier Agdestein, og legg til:
– Han gjør det normalt ikkje rett framfor motstandaren av respekt for dei fordi dei er veldig lei seg, ulykkelege og slitne over å ha tapt. Og då er det å juble å gni det meir inn. Det er sjakk-etikette, men eg veit ikkje heilt om det bør vere sånn.
Slik er det også i enkelte anre idrettar, fortel manageren.
– Det er kanskje litt som når det er omspel i golf når ein vinn er dei gode sportsfolk og ventar med å juble. Det kan samanliknast med sjakken.
– Veit at jobben ikkje er gjort
Etter seks av tolv VM-parti leier Carlsen 4–2 på poeng, og har ifølgje fleire ekspertar langt på veg avgjort kampen om VM-tittelen. Det tenker ikkje Carlsen noko på heilt enno.
– Magnus er veldig glad for dei to triumfane, men han veit samtidig at jobben ikkje er gjort endå. Seks parti gjenstår, så han er like fokusert som han har vore i dei seks første, seier Agdestein.
VIDEO: Her gir Anand seg under sjette parti
Her gir Anand opp under sjette parti.