Dette er VM-laget

Norges Cykleforbund har tatt ut troppen til VM i landevegssykling i Belgia frå 19. til 26. september:

Menn, elite tempo:

Andreas Leknessund.

Menn, elite fellesstart:

Sven Erik Bystrøm, Alexander Kristoff,, Vegard Stake Laengen, Odd Christian Eiking, Markus Hoelgaard, Rasmus Tiller.

Reserve: Leknessund.

Kvinner, elite tempo:

Katrine Aalerud.

Kvinner, elite fellesstart:

Aalerud, Stine Borgli, Emilie Moberg, Anne Dorthe Ysland, Ingvild Gåskjenn.

Odd Christian Eiking
Foto: Lalo R. Villar / AP

Sportsnyheter

VM-kvalifisering i fotball for damer: Norge - Armenia

Landslagsdebutanten åpnet målfesten: – Jeg tenkte «åh, hva gjør jeg her?»

ULLEVAAL (NRK): I sin aller første kamp for det norske landslaget åpnet Guro Bergsvand (27) ballet for det som ble en målrik affære for det norske landslaget.

Siste nytt

  • Dette er Beijings OL-slagord

    «Saman for ei delt framtid» blir mottoet til vinter-OL i Beijing neste år. Det vart lansert i den kinesiske hovudstaden fredag.

    Ifølgje den lokale organisasjonskomiteen vart frasen vald frå eit utval på 79 forslag frå det mest kjende universitetet i Kina.

    – Ikkje berre omfamnar det konseptet om å dele, men det speglar òg situasjonen i verda med ein global pandemi og ambisjonar alle land har om å komme saman for ei betre framtid, seier seremonidirektør Chen Ning.

    Opningsseremonien blir 4. februar. Beijing blir første vertsbyen som arrangerer leikane både sommar og vinter. I 2008 hadde den kinesiske hovudstaden ansvaret for sommar-OL.

    Motto for Beijing-OL
    Foto: Tingshu Wang / Reuters
  • Meir rulleski for Northug

    Petter Northug held fram med å gå på rulleski på svenske vegar. Søndag stiller han til start på det ni mil lange rennet i Värmland.

    I slutten av august hamna Northug på 42.-plass i Alliansloppet i Trollhättan. Då gjorde han unna 48 kilometer, og rennet vart vunne av heimehåpet Max Novak.

    Søndag prøver Northug seg på nytt i Värmland. Det melder det svenske nyheitsbyrået TT.

    Førre månad gjekk Northug òg to andre rulleskirenn. Han gjorde comeback i ein lagkonkurranse i Blink-festivalen 8. august, og snautt to veker seinare kom han på 65.-plass i ein konkurranse i Toppidrettsveka. Novak dominerte begge gonger.

    Northug la opp som langrennsløpar i 2018.

    Medietreff Langrenn Menn Elite Sprint & Allround
    Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
  • Brettforbundet: Markering aktuelt

    Ola Keul i Brettforbundet seier det er aktuelt å markere menneskerettssituasjonen i Kina i Beijing-OL. IOC godtek ikkje det i konkurranse og seremoniar.

    Den siste tida har skipresident Erik Røste og idrettspresident Berit Kjøll teke avstand frå menneskerettsbrota i arrangørlandet Kina. Vinterleikane er 140 dagar unna.

    Torsdag presenterte norsk idrett et nytt strategidokument som skal veilede hele norsk idrett i internasjonale spørsmål, blant annet om menneskerettigheter.

    Det var forslaget frå Brettforbundet på tinget tidlegare i år som førte fram til dokumentet. Presidenten i forbundet, Ola Keul, seier til NTB at ein kan få sjå utøvarar markere seg, ikkje berre sportsleg, i Kina.

    – Det er aktuelt. Landslaget har for eksempel møtt Amnesty for å få informasjon om menneskerettssituasjonen i Kina og moglege markeringar. Vi trur mest på krafta i felles markeringar på tvers av idrettar og vil samarbeide med andre, skriv Keul i ein e-post.

    OL i Beijing
    Foto: Nicolas Asfouri / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal