I steikande Colorado-sol vann Slovenske Kosi Klemen kvalifiseringa til storslalåmrennet i VM.
Med seg fekk han konkurrentane på dei 24 plassane bak.
Det den ukjende slovenaren fekk til er gløymt når den førehandskvalifiserte verdseliten set utfor i kamp om medaljar fredag.
Men det gjengen under gjorde blir nok aldri gløymt av det frammøtte publikummet i Vail.
Michael Elliott Williams, 45 år, Jamaica:
Dagens siste startande kom også på sisteplass i kvalifiseringa. Kanskje ikkje så rart sidan han lærte seg å stå på ski for to år sidan.
Då Michael Elliott Williams kom plogande til mål i første omgang var han nesten minuttet bak leiaren.
– Dagen i dag kan beskrivast med eitt ord: Fantastisk, seier Williams etter å ha vist ekte idrettsglede etter målgang.
Over to omgangar tapte han eitt minutt og 45 sekund til slovenske Klemen.
Men det brydde jamaicanaren seg fint lite om. På sletta var han mannen alle dei tre frammøtte mediene ville snakke med.
For eit jublande publikum poserte han som Usain Bolt.
Saka held fram under videobildet:
– Neste mål må vel bli OL?
– Den dagen grisar kan fly får du sjå meg i OL, seier Williams.
Saka held fram under videobildet:
Jan-Pierre Roy, 51 år, Haiti:
Roy er ikkje berre landslagskøyrar. Han er også president i det haitiske skiforbundet.
– For meg var det viktig å komme hit, komme til mål og vise at Haiti ikkje er nokon skinasjon, men at vi er med uansett, seier Roy.
51-åringen, som enda eitt minutt og fem sekund bak vinnaren, jubla hemningslaust då han endeleg var i mål.
Saka held fram under videobildet:
Hubertus von Hohenloe, 56 år, Mexico:
Mannen med det lite meksikansk-klingande namnet har 33 års VM-erfaring.
I 1982 debuterte von Hohenloe VM-kvalifiseringa. Sidan har han køyrde alle VM- og OL-kvalifiseringar.
I Vail la han seg inn på ein finfin 78.-plass av dei 84 som klarte å komme i mål.
Heller ikkje denne gangen blei det plass i VM-storslalåmen, men mexicanaren deppar ikkje for det.
– Eg har rekorden i mengd VM- og OL-deltakingar, seier 56. åringen.
– Du burde blitt hylla …
– Ja, men ingen vil hylle meg. Eg bryr meg ikkje. Eg nyt dette uansett, seier von Hohenloe.