NRK Meny
Normal

Norges storscorar har hemmeleg Idol-bakgrunn

Kristian Bjørnsens 14 scoringar gjer han til Norges toppscorar så langt i handball-EM i Polen, men visste du at lynvingen også har prøvd seg på Idol-auditon?

Bjørnsen på bana

HEMMELEGHEITSFULL: Lagkompis Sander Sagosen seier dei ikkje veit mykje om bakgrunnen til Kristian Bjørnsen og kallar han for «ulv i fåreklær».

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Kristian Bjørnsen viste i går verdsklasse mot Kroatia med sju mål frå venstrevingen. Kantspelaren har vore ein av Norges beste til nå i meisterskapen, men kva veit du eigentleg om Norges nye stjerne?

Visste du at 27-åringen har to sysken som også er eller har vore handballspelarar på toppnivå?

For venstrevingen vaks opp som den mellomste av tre søsken. Storebror Erik er fire år eldre og la for to år sidan handballkarriera på hylla, for å bli aksjemeglar på fulltid.

Før han la opp fekk han blant anna med seg to norgesmeisterskap i handball for Fyllingen i 2012 og 2013. Med på vinnarlaget var også Kristian Bjørnsen.

Tre år yngre enn Kristian finn vi Line, som til dagleg speler handball i eliteserien for Glassverket.

3x Bjørnsen

TRE BLAD BJØRNSEN: Erik (f.v.), Kristian og Line Bjørnsen har alle spelt handball på topp nasjonalt nivå. Erik var aktiv i Fyllingen og Line spelar til dagleg for Glassverket i eliteserien. Kristian er den som har nådd lengst, og har etablert seg som ein storscorar på landslaget.

Foto: Scanpix / NTB

«Diltaren»

Norge tok ein imponerande siger 34-31 mot Kroatia sundag kveld. Sterkt delaktig i sigeren var Kristian Bjørnsen, som noterte seg for åtte scoringar.

3x Bjørnsen barndomsbilde

FRÅ BARNDOMMEN: Det har alltid gått i handball for søskena Bjørnsen. Her med Line (f.v), Erik (midten) og landslagsvingen Kristian til høgre.

Foto: Privat

– Heile familien sitt klistra i sofaen og jublar. Det vert diskutert mykje handball rundt middagsbordet, seier eldstebror Erik.

Korleis var bror din då de vaks opp?

– Han «dilta» jo alltid etter oss og ville vere med dei eldre gutane å spele handball. Eg vart nok litt lei han til tider, men no har han jo hatt ei enorm utvikling på handballbana, svarar Erik.

Den skildringa kjenner landslagsspelar Kristian seg att i.

– Når eg ser tilbake no skjønnar eg jo at han vart litt lei meg. Vi vaks jo opp rett ved idrettshallen i Stavanger, så det var naturleg at det vart ein del handball på oss, seier Kristian.

Ukjend bakgrunn som Idol-deltakar

Men det er systera, Line Bjørnsen, som kunne dela den mest oppsiktsvekkande historia om broren.

3x Bjørnsen

VERA BEST: – Det har alltid vore om å gjere å vera best i vår familie. Vi har eit sterkt konkurranseinnstinkt, seier Line Bjørnsen. Frå venstre: Line, Erik og Kristian Bjørnsen.

Foto: Privat

– Eg veit ikkje om han vil at dette skal komme ut, men han har jo vore på Idol-audition, seier Line og ler.

Der fikk Line rett, og broren ville først ikkje innrømma å ha vore med på Idol (sjå video).

– Har eg det, nei, det kan eg ikkje hugsa, svarar Kristian først.

– Det var eit veddemål som vi inngjekk på vidaregåande, men det vart ein kort karriere der, legg han til.

Bakgrunnen som Idol-deltakar var ukjend for lagkameratane.

– Det er ingen som veit nokon om bakgrunnen til Bjørnsen. «Han er ein ulv i fåreklær», seier landslagsprofil Sander Sagosen med eit stor glis.

Etter det NRK erfarer er Bjørnsen er svært nær ved å signera med den tyske klubben Wetzlar og kjem med meir informasjon når kontrakten er signert.

Håndball-EM

PRØVER Å NEKTE: Kristian Bjørnsen vart ordknapp då han vart spurd ut om si deltaking på Idol-audition (Foto: Odd Iversen).

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal