NRK Meny
Normal

Dette betyr russisk utestenging for Norge

IOC skal i dag bestemme seg for om dei skal stengje heile Russland ute frå OL i Rio. Skjer det kan det opne seg plassar for norske utøvarar.

Thomas Bach

BESTEMMER: IOC-president, Thomas Bach, skal saman med dei 92 IOC-medlemane bestemme om Russland får delta i OL i dag.

Foto: FABRICE COFFRINI / Afp

Russland har ein OL-tropp som inneheldt 387 namn, fordelt på mangfaldige idrettsgreiner. Om heile Russland vert utestengd er det mange hol som skal fyllast, og i nokre idrettar kan det bety at fleire norske utøvarar får sjansen.

Det er først opp til IOC å ta avgjerda om Russland får vera med eller ikkje, og så må dei ta stilling til kva dei skal gjere med dei ledige plassane.

IOC-medlem, Gerhard Heiberg, antyda ovanfor NRK fredag at IOC ønsker å fylle opp plassane, så kven av dei norske ligg best an til å få Rio-billett på tampen?

Nestemann på lista

Norges Bryteforbund har sjekka korleis sjansane er for å få med ein ekstra norsk brytar, om Russland vert kasta ut. Under VM i bryting i fjor vart Marthin Hamlet Nielsen nummer åtte i 98-kilosklassen, og sidan alle som enda framfor han er kvalifisert ligg Norge bra an til å få med ein ekstra brytar.

– I 98-kilosklassen har vi både Marthin Hamlet Nielsen eller Felix Baldauf. Om vi får ein ekstra plass er det opp til trenarane våre å bestemme kven av dei to som får den plassen, men vi er klare for å ta med ein ekstra mann vi, seier generalsekretær i Norges Bryteforbund, Rolf Røtnes.

I bryting får kvar nasjon med ein utøvar, og sjølv om det var Hamlet Nielsen som kvalifiserte Norge, kan dei velja å senda Baldauf.

– Eg har ingen forhåpningar om OL-plass, men får eg invitasjonen er eg klar. Dei to siste månadane har eg følgt OL-oppkøyringa til Stig André Berge, så fysisk og mentalt er eg klar, seier Baldauf til NRK.

Felix Baldauf

JUBEL?: Felix Baldauf var ein skuffa mann etter at OL-draumen rauk tidlegare i år, men ei russisk utestenging frå OL kan opna døra for 21-åringen. Kanskje får ein sjå slike jubelscener i Rio?

Foto: Vårin Antonsen Utne/Norges bryteforbund

Har båten klar

For padlarane kan det opna seg ein plass i K4.

– Vi er klare til å sende ned ein båt, om vi får invitasjon, seier sportssjef for padlarane, Morten Ivarsen.

I roing er den russiske båten alt utestengd, så for roarane er det ikkje håp om ein ekstra plass, sa generalsekretær i Norges Roforbund til TV 2 tidlegare i veka.

Elleve russiske utøvarar er kvalifisert i boksing, og ingen norske. President i Norges Bokseforbund, Odd Haktor Slåke, trur ingen av dei norske boksarane er rangert høgt nok til å få invitasjon, om Russland vert utestengd.

Mange faktorar

Men for at Norge skal få med fleire utøvarar, er det mange faktorar som speler inn:

  • Først må IOC ta avgjerda om utestengde alle russiske utøvarar frå OL.
  • Så må dei ta avgjerda om dei skal fylle opp plassane som russiske utøvarar var kvalifisert for.
  • Deretter er det opp til dei internasjonale særforbunda å sende ut ein invitasjon til dei norske, som må legge fram sine kandidatar til Olympiatoppen.
  • Til slutt er det Olympiatoppen som tar avgjerda om den utøvaren som dei har fått innstilt, er sportsleg kvalifisert for å delta.

Siste nytt

  • Weng står over Beito-sprinten

    Heidi Weng starter ikke lørdagens sprint på Beitostølen, og vil heller konsentrere seg om søndagens 10 kilometer, opplyser skiforbundet lørdag morgen.

    Weng
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • To mål av Zahid

    Ghayas Zahid scora to mål då Apoel slo Ominia 3-1 i lokaloppgjeret i Nikosia på Kypros i kveld.

    Apoel ligg på fjerdeplass, 6 poeng bak leiande AEK Larnaca men med to kampar til gode.

    Ghayas Zahid
    Foto: FLORIAN CHOBLET / AFP
  • Alle norske kvalifisert

    Alle nordmennene er kvalifisert til opningsrennet i verdscupen i Wisla søndag. Robert Johansson på 10.-plass var best.

    – Dagen ber litt preg av at det er tidleg på sesongen og hopparane har masse å gå på, seier sportssjef Clas Brede Bråthen.

    Laurdag er det laghoppeing i Wisla. Forfang, Fannemel, Tande og Johansson er det norske laget.

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sesongstart langrenn: Prolog
Sesongstart skiskyting: Sprint kvinner
Sesongstart skiskyting: Sprint kvinner
Sesongstart skiskyting: Sprint
Cupfinale G19, Molde – Rosenborg
Cupfinale: G19: Molde - Rosenborg
Sesongstart langrenn: Klassisk sprint
Sesongstart langrenn: Klassisk sprint, kvinner og menn
Langrenn: Klassisk sprint
Sesongstart skiskyting: Sprint menn
Sesongstart skiskyting: Sprint menn