Aronjan er klar for finalen i julesjakken sitt meistermøte. Laurdag og søndag skal han spele finale mot Tejmur Radzjabov.
Møtet er ikkje berre ein duell mellom to av dei beste sjakkspelarane i verda. Dei to duellantane står òg på kvar si side i ein bitter strid.
2020 har vore eit vanskeleg år for mange. For Levon Aronjan har det vore grufullt.
– Det verste eg har følt
I slutten av mars kom meldinga om at den dåverande kona hans, Arianne Caoili, døydde etter ei trafikkulykke.
Aronjan melde sjølv om dødsfallet, og fekk støtteerklæringar frå heile verda. Fleire av dei beste sjakkspelarane i verda sende sine kondolansar.
– Året har vore uuthaldeleg vanskeleg for meg. Å miste Arianna var det verste eg har følt, skreiv Aronjan i eit kjensleladd innlegg på Facebook.
– Eg er klar for å gå i krigen
I slutten av september vart det erklært unntakstilstand i Aronjans heimland, Armenia. Årsaka er konflikten om området Nagorno-Karabakh. Enklaven er internasjonalt anerkjend som ein del av Aserbajdsjan, men sidan 1994 har armenske separatistar hatt kontrollen over området.
– Eg vil gjere alt eg kan for å hjelpe landet mitt. Eg er klar for å gå i krigen, viss landet mitt vil, sa Aronjan til chess24.
I intervjuet seier armenaren at han har mista fleire venner i krigen, og at han ikkje klarte å sove ordentleg på tre veker. Dette skjedde samstundes som han var med i sjakkturneringa Norway Chess i Stavanger.
– Eg har ikkje klart å konsentrere meg om sjakk, seier han til chess24.
På den andre sida av krigen står altså Radzjabov sitt heimland, Aserbajdsjan. Han er blant dei som har ein annan versjon av saka.
– Terrorist-landet Armenia angrip sivile fleire gonger, skreiv han i ei Twitter-melding. Meldinga vart avslutta med emneknaggen #StopArmenianTerrorism.
Etter snaue to månader var krigen over. Det vart nok eit nederlag for Aronjan og Armenia.
– Ingen ord kan beskrive sorga som finst i hjarta våre. Vi har levd dei mest tragiske augneblinkane våre dei siste 55 dagane. Vi vil reise oss igjen, skreiv han.
Sjølv om dei to står på kvar si side i krigen, har dei late sjakk vere sjakk og politikk vere politikk. Som då Radzjabov fekk spørsmål om duellen mellom dei to i går.
– Han er ein god spelar, så eg gler meg til finalen. Om eg klarer å halde nivået oppe, har eg moglegheiter. Men det blir ein jamn finale. Det handlar om kven som er minst sliten. Alt kan skje, var orda aserbajdsjanaren valde.
VERDSTOPPEN: Tejmur Radzjabov har vore ein av dei beste sjakkspelarane i verda i fleire år. Her i møte med Magnus Carlsen i kandidatturneringa i 2013.
Foto: Morten Rakke / NTB– Englane sende meg ein ny sjanse
Sjølv om Aronjan sjølv uttalte at det var vanskeleg å konsentrere seg, har 2020 vore ein sjakk-opptur for Levon Aronjan. No er han òg i den første sjakkfinalen i 2021.
– Han har vore blant verdas beste i 20 år. Og den gamle forståinga er så enorm at han klarer seg bra. Kanskje han speler med senka skuldrer fordi året har vore så absurd, seier Atle Grønn.
MOT CARLSEN: Levon Aronjan i parti mot Magnus Carlsen. Biletet er frå 2019-turneringa, men spelarane møttest også i år.
Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRKI Norway Chess vart han nummer tre, berre slått av Magnus Carlsen og Alireza Firouzja. I sorga har religion og tru betydd mykje.
– Eg har vore lojal og elska kona mi i 13 år, og ingen veit korleis eg følte meg etter å ha mista henne. Eg veit òg at englane sende meg ein ny sjanse til å elske og bli elska. Eg respekterer minnet hennar for heile livet. Eg veit med tryggleik at ho vil at eg skal halde fram med å leve og vere lykkeleg, skriv Aronjan.
- Finalen ser du på NRK frå klokka 14.45 laurdag. Du kan òg følgje han på nett. Der kan du òg snakke med ekspertane våre.