Hopp til innhold

Desse sakene har prega idretten sitt mørke år

Norske idrettsleiarar har måtte stå skulerett og svare på dopingspørsmål, kampfiksing og overgangssaker det siste året.

Idrettsbråket

FLEIRE SAKER: Petar Vukicevic, Veigar Pall Gunnarsson, Steffen Kjærgaard, Erik Tysse og fleire fotballspelarar, mellom anna frå Follo, har vore involvert i fleire saker som har fått stor mediemerksemd det siste året.

Foto: Scanpix

Medieoppslaga har stått i kø for idretts-Noreg det siste året. Fotballspelarar skal ha sett pengar på at eige lag skulle tape, ein tidlegare toppsyklist har vedgått doping, og kjende fotballpersonar er tiltalte for grovt bedrageri i ei overgangssak.

Dette er så alvorleg for norsk idrett at det kan kome til å velte ein norsk søknad om OL i Oslo i 2022.

NRK.no har tatt ein nærare titt på dei ulike sakene:

Dopingskuldingar

14. november i år avslørte Dagbladet at friidrettstrenaren Petar Vukicevic angiveleg har forhørt seg om forbode stoff. Avisa viste til fleire e-postar som skal ha vore sendt i perioden 2001-2003 til kameraten Srdjan Djordjevic.

Friidrettsforbundet premitterte trenaren, og Antidoping Norge sette i gang etterforsking av e-postane. Torsdag stod den tidlegare landslagsløparen Einar Inge Aasen fram i avisa, der han påstår at Vukicevic uoppfordra fortalde han korleis han kunne bruke doping.

– Dette er noko vi tek på største alvor. Det vi har komme fram til er at dersom dette stemmer, vil vi ikkje reengasjere han som trenar i Norges Friidrettsforbund, sa friidrettspresident Svein Arne Hansen til NRK.no torsdag.

Vukicevic seier at e-postane er forfalska og at han aldri har hatt noko med doping å gjere.

Tilstod dopingbruk

23. oktober la tidlegare proffsyklist Steffen Kjærgaard alle kort på bordet og fortalde om EPO-bruk.

– Akkurat no har eg det veldig vondt på grunn av meg sjølv, norsk idrett, norsk sykkelsport og ikkje minst næraste familie og vener, sa Kjærgaard på ein pressekonferanse.

I fleire år hadde den tidlegare syklisten holdt hemmelegheita skjult. Kjærgaard har dei siste åra jobba som sportssjef i Norges Cykleforbund.

Dopingpåstandar

I førre veke hevda ein finsk dokumentarfilmskapar å ha ei kjelde godt inne i norsk langrennssport, som hevda at det har vore like mykje doping i norsk, som finsk skisport.

I dokumentaren vart dette sagt om den norske kilden:

«Vår kjelde, som hadde ei nøkkelrolle i det norske langrennslaget, sa at dopinghistoria i langrenn er lik i Norge, Sverige og Finland. Han la til at dersom sannheten om den norske suksessen kom ut, ville det ikkje ha vore nokon vinnarar, berre taparar.»

Ei rekkje norske tidlegare topputøvarar og skiforbundet slo tilbake mot påstandane.

– Det er sjokkerande påstandar og hinsides det livet vi levde, sa Bjørn Dæhlie.

Skipresident Erik Røste, som også var landslagssjef i langrenn delar av 90-talet, gjorde det same.

– Det er umogleg for oss å forholde oss til anonyme kjelder. I norsk skisport har vi hatt openheit i alle år. Vi har svart på alle spørsmål vi har fått. Om nokon har nye opplysningar, er dei hjarteleg velkommen til å stå fram, sa han.

Kampfiksing

8. juli dukkar dei første mistankane om kampfiksing opp. Ein 1. divisjonskamp mellom Ull./Kisa og Hamkam vart utsett på grunn av mistanken. Samstundes var to Follo-spelarar mistenkt for medverknad til resultatmanipulering.

Etter kvart kom det mellom anna fram at det vart satsa store summar på 2. divisjonsoppgjera Østsiden-Follo og Frigg-Asker.

Til saman fem personar er sikta i kampfiksingsaka. Samstundes er det klart at Norges Fotballforbund får millionstøtte frå dei europeiske fotballforbundet UEFA til å opprette ei overvakingssenter for å bekjempe kampfiksing.

Dopdømd i OL

I mai 2010 avla kappgjengar Erik Tysse ei positiv dopingprøve. I år hadde Tysse sona ferdig dommen og fekk lov til å delta i OL. OL-deltakinga vekte sterke reaksjonar i idretts-Norge.

Syklisten Alexander Kristoff og sjukjempar Ida Marcussen var blant idrettsutøvarane som vær særs kritiske til at dopingdømde Tysse fekk lov til å delta i OL. Erik Tysse har heile tida hevda at han ikkje har dopa seg.

Gunnarsson-saka

I oktober i år vart fire personar tiltalt i den såkalla overgangssaka. Veigar Pall Gunnarsson gjekk frå Stabæk til Vålerenga for ein million kroner sommaren 2011.

Gunnarsson sin tidlegare franske klubb Nancy hadde krav på 50 prosent av overgangssummen. TV2 avslørte at Vålerenga betalte 4 millionar kroner for ein oppsjon på Stabæk sin lovande spelar Herman Stengel (16).

Saka handlar om prisen på Gunnarsson var reell, eller kunstig låg for å sleppe å betale Nancy mykje.

Tidlegare styreleiar i Stabæk Fotball AS, Lars Holter Sørensen, sportsleg leiar i Stabæk Fotball, Inge Andre Olsen, tidlegare styremedlem i Stabæk Fotball AS, Tor Q. Aaserød og tidlegare sportsdirektør i Vålerenga Fotball, Truls Håkonsen er tiltalt for grovt bedrageri i saka.

Onsdag vart det klart at rettssaka kjem tidlegast til å bli behandla i starten av april neste år.

Sportsnyheter

Premier League - Arsenal v Chelsea

Leken Ødegaard ydmyket Chelsea: – En magiker

Arsenal dundret inn både én, to, tre, fire og fem scoringer mot Chelsea. Etter to målgivende hagler det med komplimenter til Martin Ødegaard.

Siste nytt

  • Guardiola bekrefter: Haaland mister Premier League-oppgjøret mot Brighton

    Manchester City-trener Pep Guardiola må klare seg uten spydspiss og Premier League-toppscorer Erling Braut Haaland i torsdagens nøkkelkamp borte mot Brighton.

    Det opplyste spanjolen på en pressekonferanse onsdag ettermiddag.

    Haaland var i likhet med lagkamerat Phil Foden ikke til stede på tirsdagens trening. Nordmannen var heller ikke med i helgens FA-cupsemifinale som endte med 1-0-seier over Chelsea. I kampen i forveien, Mesterliga-nederlaget mot Real Madrid, måtte nordmannen ut med en skade.

    Manchester City er i førersetet i Premier League og møter Brighton torsdag kveld. De lyseblå ligger fire poeng bak Arsenal på tabelltopp, men har to kamper til gode på rødtrøyene fra London. Opp til Liverpool på annenplass er avstanden ett poeng med én kamp mindre spilt.

    _g_QDc2r5f8
    Foto: AP
  • Langrennslandslagene klare: Flugstad Østberg vraket

    Skiforbundet presenterte onsdag langrennslandslagene for kommende sesong. Blant de mer kjente utøverne som ikke var å finne på scenen under presentasjonen i Holmenkollen var Ingvild Flugstad Østberg og Therese Johaug.

    Hvorvidt sistnevnte satser fullt mot VM på hjemmebane i 2025, er foreløpig usikkert.

    – Jeg var så heldig å få trene med henne i dag tidlig. Hun så motivert ut. Hun kan bli god, hun, spøkte kvinnelagets trener Sjur Ole Svarstad.

    Kvinner elite: Lotta Udnes Weng, Mathilde Myhrvold, Julie Myhre, Heidi Weng, Anne Kjersti Kalvå, Tiril Udnes Weng, Kristine Stavås Skistad, Margrethe Bergane, Kristin Austgulen Fosnæs.

    Herrer elite: Pål Golberg, Simen Hegstad Krüger, Håvard Solås Taugbøl, Didrik Tønseth, Ansgar Evensen, Johannes Høsflot Klæbo, Erik Valnes, Martin Løwstrøm Nyenget, Harald Østberg Amundsen, Even Northug, Iver Tildheim Andersen.

    Para elite: Vilde Nilsen, Indira Liseth, Trygve Toskedal Larsen, Thomas Karbøl Oxaal, Geir Lervik (ledsager)

    Disse utøverne er vraket etter forrige sesong: Ane Appelkvist Stenseth, Helene Marie Fossesholm, Marte Skaanes, Sjur Røthe, Sindre Bjørnestad Skar.

    Evensen, Tildheim Andersen, Bergane, Austgulen Fosnæs, Skistad og Klæbo er nye på landslaget denne sesongen.

    Cv312I5YbMc
    Foto: NTB
  • Warholm-rival klar for Bislett-duell

    Norges hekkeløpsfenomen Karsten Warholm skal opp mot 2022-verdensmester Alison dos Santos under Bislett Games i Oslo 30. mai.

    Det bekrefter arrangøren i sine mediekanaler.

    Dos Santos ble verdensmester på 400 meter hekk i Eugene i 2022. I forkant av mesterskapet hadde Warholm trøblet med en skade, og nordmannen var dermed ikke i nærheten av å utfordre brasilianeren.

    I fjor slo Warholm tilbake med gull i Budapest. Da ble Dos Santos nummer fem. (NTB)

    Verdensmesterskapet i friidrett 2022
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal