Hopp til innhold

Svein Arne Hansen: – Overraska over doping-omfanget

Stafettgullvinnar Julia Tsjermosjanskaja skal vere blant dei 14 russarane som er mistenkt for doping under OL i Beijing for åtte år sidan.

Julia Tsjermosjanskaja

DOPA: Julija Tsjermoskanskaja spring Russland inn til gull på 4 x 100 m stafett i OL i Bejing. Det spørst om Russland får ha gullet etter at Tsjermoskanskaja er tatt for oping

Foto: GABRIEL BOUYS / AFP

Det er den russiske TV-kanalen Match som offentleggjer namna på dei 14 dopingtatte russarane, ei liste som Aftenposten gir att i dag. 11 av dei er friidrettsutøvarar.

31 av deltakarane i OL i Beijing i 2008 er avslørt for doping, etter at A-prøver frå den gongen nyleg vart testa på nytt med nye metodar. B-prøvene blir analyserte i desse dagar.

– Overraska

– Eg er overraska og trist over at så mange av prøvene var positive, fordi dette er prøver som er analyserte tidlegare. Sjølv om metodane no er betre, er eg likevel overraska over omfanget, seier Svein Arne Hansen til NRK. Hansen er president i det europeiske friidrettforbundet.

ATHLETICS-WORLD-2015

DOPA: Anna Tsjitsjerova var dopa då ho tok bronse i høgde

Foto: JOHANNES EISELE / Afp

I går stadfesta Russland at 14 av dei 31 var russarar. Samstundes vart det kjent at Anna Tsjitsjerova – bronsevinnar i høgde – var blant dei 14.

Dei andre namna er ikkje offentlege, men Match avslører dei i dag. Dei 14 dopingtekne er:

  • Anna Tsjitsjerova, bronse i høgde
  • Julia Tsjermosjanskaja, gull på 4 x 100 m stafett
  • Maria Abakumova, sølv i spyd
  • Anastasia Kapatsjinskaja, sølv på 4 x 400 m stafett
  • Tatjana Firova, sølv på 4 x 400 m stafett
  • Denis Nizjegordov, bronse i 50 km kappgang (der Erik Tysse vart nummer 5)
  • Inga Abitova, 10.000 m
  • Denis Alexejev, bronse på 400 m
  • Jekaterina Volkova, bronse på 3000 m hinder
  • Nadezja Jevtsjukhina, bronse i vektløfting
  • Alexander Kornoliv, roing
  • Alexander Pogorelov, tikamp
  • Maria Sjainova, sølv i vektløfting
  • Ivan Jusjkov, kule

Det er enno ikkje kjent kva land dei 17 andre positive prøvene er frå. Det blir gjort kjent etter at B-prøvene er analyserte, truleg tidleg i juni.

Avgjerande styremøte

Det russiske friidrettsforbundet vart suspendert i november, etter at antidpingbyrået WADA avslørte omfattande doping i russisk friidrett. Først 17. juni skal forbundet avgjere om suspensjonen skal forlengast. I så fall blir Russland utestengt frå friidretten i OL i Rio. Det betyr mellom anna at det ikkje blir russiske utøvarar på Bislett Games 9. juni.

– Resultatet av det er avhengig av rapporten som Rune Andersen og hans granskingskommisjon skal legge fram. Det blir grunnlaget for vår avgjerd.

– Kva med EM i byrjinga av juli?

– Det er også avhengig av møtet 17. juni. Om suspensjonen blir oppheva der, får russiske utøvarar vere med på EM i Amsterdam. Minus dei som måtte vere dømde for doping, naturlegvis, seier Svein Arne Hansen.

Også 250 dopingprøver frå OL i London i 2012 er re-analysert med nye metodar. Resultata av den analysen blir offentlegjort med det aller første.

Der tok Anna Tsjitsjerova gull, og hennar prøve frå den gongen er blant dei som no blir analysert på nytt.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal