Hopp til innhold

La opp etter førre sesong: Vart politibetjent, podkast-stjerne og landslagssjef

Ein ny vintersesong er like rundt hjørnet, men fleire av dei største stjernane har lagt opp. Nokon av dei har allereie funne en heilt ny arbeidsgjevar.

Legger opp etter sesongen 2022/23

GIR SEG: Frå venstre: Tiril Eckhoff, Marte Olsbu Røiseland, Ragnhild Haga, Eric Frenzel, Anders Fannemel, Beat Feuz og Anna Dyvik.

Foto: NTB

Etter OL i fjor var det stjernefall i fleire idrettar. Både under og etter denne sesongen er det òg mange vintersportsutøvarar som har funne ut at nok er nok.

Skiskyting

Ei rekkje profilerte skiskyttarar har annonsert at dei avsluttar karrieren.

To av dei aller største forsvinn når både Marte Olsbu Røiseland og Tiril Eckhoff legg ski og våpen på hylla. Til saman har dei heile 15 OL-medaljar og 32 VM-medaljar, i tillegg til at begge har vunne verdscupen samanlagt.

Tyske Denise Herrmann-Wick fekk avslutte med VM-gull på heimebane. Ho starta som langrennsløpar og tok mellom anna OL-bronse på stafett i 2014, men to år seinare skifta ho idrett. Det med stor suksess, for i Beijing vart det OL-gull på normaldistansen i skiskyting.

Då var det Anaïs Chevalier-Bouchet som følgde på plassen bak. Den franske 30-åringen har bestemt seg for å bruke meir tid på familien. Heller ikkje tyske Vanessa Hinz eller Mari Eder, tidlegare Laukkanen, frå Finland blir med vidare i skiskyttarsirkuset.

Der det er eit kvinnefall i skiskyting, er Erlend Bjøntegaard og Aleksander Fjeld Andersen nokre av dei få herrane som har annonsert sin avgang frå toppidrettslivet. 32-åringen har vore ein del av det norske elitelaget i ei årrekkje, men har dei siste åra stått utanfor. No skal han tilbake på skulebenken.

OL pall normal

TRE PÅ TOPP: Anaïs Chevalier-Bouchet, Denise Herrmann-Wick og Marte Olsbu Røiseland delte pallen etter 15-kilometeren i OL i Beijing.

Foto: Andrew Medichini / AP

Alpint

Etter 14 år i alpinsirkuset, 210 verdscupstartar, tre OL og sju VM, sette Leif Kristian Nestvold-Haugen punktum med NM i Trysil. 35-åringen avslørte avgjerda midt under VM i februar, der han vart kalla inn som reserve. Men han er absolutt ikkje den einaste alpinisten som seier takk for seg.

Med kallenamnet «cannonball» har Beat Feuz 59 pallplassar i verdscupen og tre OL-gull å sjå tilbake på etter at han la opp midt i sesongen, etter Kitzbühel-rennet i januar.

Johan Clarey (42) frå Frankrike har vore ein del av toppen i fartsdisiplinane i heile 18 sesongar, der høgdepunktet nok var OL-sølvet i Beijing i fjor.

Stjerna frå Austerrike, Matthias Mayer, annonserte særs overraskande at han skulle leggje opp med umiddelbar verknad like før super-G-rennet i Bormio i desember.

Matthias Mayer

STORDOM: Matthias Mayer tok OL-gull både i 2014, 2018 og her frå 2022.

Foto: DIMITAR DILKOFF / AFP

Marc Digruber har ikkje like mange merittar som Mayer, men gav i mai beskjed om at tida som alpinist er historie. Det vart 94 verdscupstartar, og ingen pallplassar. Han er no politimann.

USA mistar to skiveteranar når lagkameratane Steven Nyman (41) og Travis Ganong legg opp. Begge fartskanonane har fleire pallplassar i verdscupen og Ganong tok utforsølv i VM i 2015.

Ein annan som har sanka pallplassar, er franske Tessa Worley. Ho debuterte i verdscupen allereie som 16-åring og har sidan det teke tre VM-medaljar i storslalåm. No er det slutt.

Langrenn

I fjor var det ei rekkje langrennsløparar som gav seg. I år er det ikkje like mange, men midt i NM la Ragnhild Haga ut på Instagram at ho «treng ei forandring i tilværet». Høgdepunktet i karrieren for 32-åringen kom då ho tok OL-gull på 10 kilometer i 2018.

Etter sesongen meldte Hans Christer Holund at karrieren er over. Han avsluttar karrieren med ski på beina med seks medaljar, fire av dei i gull.

Han er mykje eldre, men vart 50 år før han la opp som profesjonell skiløpar. Anders Aukland har ein innhaldsrik karriere bak seg, men gjer seg neppe med trening med det første. Vil du ha treningstips frå skilegenda? Då kan du skru på den nye NRK-podkasten Skiklubben.

Les også Blir ny NRK-profil: Aukland (51) kjenner seg sterkere etter karriereslutt

Aukland og styrke

Langrennssprintar Pål Trøan Aune sa takk og farvel under ski-NM. Til NRK fortel han at det ventar nokre showrenn i alpane før han skal ta seg ein fortent ferie.

Den tyske 31-åringen Jonas Dobler gjekk sitt siste renn på toppnivå då han vart nummer 16 på femmila i Holmenkollen midt i mars, medan ryggproblem har sett Anna Dyvik ut av spel mykje av denne sesongen. No har den svenske 28-åringen bestemt seg for å leggje opp.

Hailey Swirbul er ikkje den mest profilerte amerikanske skiløparen, men ho vart takka av med både jubel og tårer då ho gjekk sitt siste verdscuprenn i Lahti.

Kombinert

Eric Frenzel

TAKKA AV: Kombinertstjerna Eric Frenzel fekk ein verdig avskjed frå miljøet.

Foto: ANTTI HAMALAINEN / AFP

Kombinertmiljøet tok til tårene då legenda Eric Frenzel gjekk sitt siste renn i Lahti i mars. Tyskaren vann verdscupen samanlagt heile fem år på rad frå 2012 til 2017 og har heile 17 VM-medaljar og tre OL-gull. 31-åringen er den mestvinnande i idretten sin.

Frenzel har no tatt over som landslagssjef for Tyskland.

Hopp

Anders Fannemel vurderte å leggje opp etter førre sesong grunna fleire store skadeproblem, men bestemde seg for å gi hoppinga endå ein sjanse. Men heller ikkje denne sesongen vart ein stor suksess for 31-åringen, som med det avslutta ein lang karriere i Vikersundbakken.

I sommar har ei av dei største legendene i hoppsporten takka for seg. Daniela Iraschko-Stolz var med og drog lasset da kvinnene slo gjennom i sporten. Etter mange skadar har ho gitt opp å komme tilbake på toppnivå.

– Dei som kjenner meg, veit at eg har lyst til å fortsette, sa Iraschko-Stolz da ho annonserte at ho la opp.

Før sesongstart kom også beskjeden om at Johanne Killi, ei av Noregs største profilar i friski, gjer seg:

Les også Norsk skistjerne legger opp som 25-åring: – Blitt mer og mer redd

Johanne Killi (25)

  • Manglar vi nokon? Gi oss gjerne ei tilbakemelding.

Siste nytt

  • Spanske myndigheter griper inn – skal «overvåke» landets fotballforbund

    Spanias fotballforbund har havnet under lupen til den spanske regjeringen som følge av flere skandaler det siste året.

    Forbundet skal de neste månedene «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD).

    – Regjeringen vedtok denne avgjørelsen for å rette opp i den alvorlige situasjonen RFEF er i, slik at forbundet kan fornye seg under stabile forhold, står det i en melding fra CSD.

    Idrettsrådet har tette bånd til Spanias idrettsdepartement.

    Det har stormet rundt landets fotballforbund siden det mye omtalte kysset på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Da ble nybakt verdensmester Jenni Hermoso kysset på munnen av Spanias daværende fotballpresident Luis Rubiales.

    Senere trakk Rubiales seg fra vervet på grunn av bråket som fulgte, men ro i RFEF ble det ikke.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon. (NTB)

    Soccer Spain Rubiales
    Foto: Manu Fernandez / AP
  • Helseth og Kavlie rett til finale i ro-EM

    Thea Helseth og Inger Kavlie rodde Norges dobbeltsculler til heatseier og booket finaleplass på EMs første dag.

    Den nykomponerte duoen fikk tiden 6.51,81 og vant det andre heatet med over ett sekunds margin på Romania.

    Resultatet betyr at Helseth og Kavlie slipper å ro oppsamling og kan se fram mot søndagens A-finale i ungarske Szeged.

    Nylig var Helseth på pallen med Jenny Rørvik i verdenscupen, men i EM ble Rørvik byttet ut med Kavlie. Trioen kjemper om to plasser i båten i OL. (NTB)

    sq1_1fpr_pQ
    Foto: NTB
  • TV 2: Patrick Thoresen sier ja til å spille for Norge i ishockey-VM

    Det bekrefter hovedpersonen selv til TV 2.

    Thoresen sier han og landslagssjef Tobias Johansson har hatt tett kontakt den siste tiden.

    – Det har tent en liten glød i meg. Jeg kjente for to, tre år siden at jeg var ferdig med landslaget og at jeg hadde gjort mitt. Men nå har jeg har hatt en veldig god sesong i en alder av 40, og når landslagsledelsen ser noe i meg, og sier jeg kan bidra med noe både på og utenfor isen, så vekker det noen følelser jeg trodde var borte, sier han til TV 2..

    Thoresen ga seg på landslaget før VM i 2022, men har nå snudd.

    Patrick Thoresen
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal