Knalltøff OL-gruppe for dei norske handballjentene

Dei norske handballjentene møter finalemotstandaren frå OL i London i kampen mot eit nytt OL-gull, i tillegg til vertsnasjonen Brasil.

Norge Romania

NY JUBEL?: Her jublar dei norske jentene for VM-gull i fjor, og i sommar kan dei ta sitt tredje strake OL-gull i Rio.

Foto: Ruud, Vidar / NTB Scanpix

– Det blir fantastisk. Vi liker å spele for full tribunar, så eg håper på stor stemning, seier landslagssjef Thorir Hergeirsson om å møte vertsnasjonen Brasil.

​I tillegg til Brasil møter Norge Spania, Montenegro, Angola, og Romania.

Alle laga vart trekt etter seeding-systemet, medan Brasil som vertsnasjon fekk velja gruppe. Etter eit par minutt i tankeboksen valde dei gruppa med Norge.

I London 2012 tok Montenegro sølvet, etter å ha tapt 26–23 mot Norge i finalen. I tillegg møter dei Spania, som tok bronse i OL for fire år sidan og bronsevinnaren frå fjorårets VM, Romania.

– Utan tvil den tøffaste gruppa

– OL er ei tøff turnering og det er berre gode lag med. Vi får tøffe og gode motstandarar på rekkje og rad. Det vert ein hard kamp for å ta seg til ein kvartfinale og det vert viktigare enn nokon gong å ta ein kamp om gangen, Hergeirsson til NRK.

– Oi! Det var min første tanke. Det er utan tvil den tøffaste av dei to gruppene. Med unntak av Angola er det berre stormakter, seier NRKs handballkommentator, Patrick Sten Rowlands.

At Brasil valde å gruppa til Norge er han også overraska over.

– Gruppe A er mykje tøffare enn gruppe B, så det er overraskande at Brasil valde den gruppa. Men om Norge skal vinna OL så må dei slå dei beste laga uansett, seier Rowlands.

I OL går dei fire beste laga vidare til kvartfinalen.

Norge var førsteseeda før trekninga, saman med finalemotstandaren frå VM-finalen i fjor, Nederland.

Gruppe A:

  • Norge
  • Spania
  • Angola
  • Montenegro
  • Romania
  • Brasil

Gruppe B:

  • Sør-Korea
  • Argentina
  • Sverige
  • Russland
  • Nederland
  • Frankrike

Siste nytt

  • Hevder Glimt får 56 mill. for Hauge

    Ifølge italienske nettsteder betaler Milan rundt 56 millioner norske kroner for Bodø/Glimts Jens Petter Hauge (20), melder NTB. Sempremilan skriver at Milan mener alvor og at Hauge kan bli presentert allerede tirsdag etter å ha gjennomgått den medisinske testen. Hauges agent skal ha hatt møter med Milan i de siste dagene.

    Nettstedet Calciomercato var den første til å melde at Milan var villig til å betale fire millioner euro for nordmannen, og at de senere høynet dette budet til fem millioner pund.

    Sistnevnte nettsted mener at overgangen vil gå i orden om ikke noe ekstraordinært skjer. Overgangen vil skje umiddelbart, og ikke i januar etter at den norske sesongen er over.

    G7kCJ4VLmGk
    Foto: Mats Torbergsen / NTB
  • Komfortabel Liverpool-triumf

    Fullstendig mot spillets gang ga Alexandre Lacazette Arsenal ledelsen på Anfield etter 25 minutters spill. Men Liverpool slo raskt tilbake og snudde kampen ved scoringer av Sadio Mané etter 28 minutter og Andrew Robertson etter 34 minutter. Tre minutter før full tid satte Diogo Jota inn 3-1 i sin debut. Dermed står Liverpool med full pott etter tre ligarunder.

  • Sterk Villa-seier

    Jack Grealish, Conor Hourihane og Tyrone Mings scoret målene da Aston Villa meget komfortabelt slo Fulham 3-0 mandag kveld. Villa står dermed med seks poeng og null baklengsmål etter to kamper, og har fått en strålende start på Premier League-sesongen.

Sendeplan

Kl. Program Kanal