Hopp til innhold

Desse korona-tiltaka kan redde skjebnekampen

– Denne kampen er ekstremt viktig for oss.

Sander Berge og Håland

Sander Berge og Erling Braut Haaland håpar nok på fullsette tribunar på Ullevaal som det var i EM-kvallikkampane i haust.

Foto: Terje Pedersen / Terje Pedersen

Ullevaal stadion er utsolgt (vel 27.000 tilskuere) til Serbia-kampen. Vinner Norge kampen og så oppgjøret mot Skottland eller Israel, er A-landslaget klart for EM for første gang på 20 år.

– Denne kampen er ekstremt viktig for oss å ha heimepublikum på. Det er nykelen for oss for å kome til vårt fyrste meisterskap på 20 år, seier direktør for kommunikasjon i Fotballforbundet, Gro Tvedt Anderssen til NRK.

Kampen som går 26.mars er den fyrste av to moglege playoff-kampar på Ullevaal og er utseld. Det vil seie 27.200 tilskodarar.

Vil miste stor fordel

Sidan Noreg vann gruppa si i nasjonsligaen blei det heimekamp mot Serbia. Etter trekning blei det også klart at også ein eventuell playoff-finale skal gå på Ullevaal, noko som blei sett på som ei drøymetrekning.

Men den heimebanefordelen blir langt mindre om ikkje publikum kjem inn.

I Italia, Tyskland og Spania går alle kampar for tomme tribunar framover, det same gjer mange kampar i europacupane. Fotballforbundet meiner likevel det er forsvarleg med over 25.000 publikummarar på Ullevaal.

– Me planlegg ut frå det som er av informasjon nå og me meiner det kan gå an å gjennomføre kampen for fulle tribunar

BErge og tom tribune

Glisne tribunar vil bety eit tap på 7-10 millionar for NFF som har lova publikum pengane tilbake om dei ikkje slepp inn.

Foto: Fredrik Hagen / NTB Scanpix

Fleire kollektivavgangar

Forbundet har dei siste dagane jobba med ei risikovurdering knytt til koronasmitte på eit så stort arrangement.

Dei har nå sendt inn ei liste med førebyggande tiltak til smittevernoverlegen i Oslo.

  • Transport. Vil samarbeide med Ruter om alternative måtar å få folk til Ullevaal. Vil unngå opphoping av folkemassar utanfor stadion, difor kan det vere aktuelt å sluse folk av på forskjellige haldeplassar. Saman med forsterka tal på avgangar på T-bane, buss og trikk.
  • Regulering av parkering i nærleiken av Ullevål.
  • Stenge all alkoholserving på arenaen.
  • Opne stadion tidlegare og få publikum inn puljevis for å unngå køar.
  • Stort fokus på hygiene. Forsterka reinhald på toalett og antibac rundt om på stadion.
  • Informasjon til alle som har kjøpt billett i forkant og undervegs på kampen.
  • Fleire medarbeidarar i inngangen for å unngå store køar. Auka vakthald.
  • Personar som er i karantene eller fryktar smitte vil få billettane refundert.
  • Elektronisk kampprogram.
  • Halde igjen tribuneseksjonar etter kamp for å unngå store køar på veg ut.

Det var helsemyndigheitene i kommunen som bestemte at konkurransane i Holmenkollen måtte bli arrangert utan publikum sist helg. Dei vil også bestemme om det blir publikum eller ikkje på Ullevaal.

Alexander Sørloth med publikum

Noreg vann 3-0 mot Færøyane i sist heimekamp på Ullevaal stadion.

Foto: Fredrik Hagen / NTB Scanpix

Om Noreg skulle vinne mot Serbia, ventar ein ny kamp på heimebane mot anten Israel eller Skottland. Kampen blir spelt 31.mars.

Kjem råd i nær framtid

Smittevernoverlege Tore W. Steen vil ikkje kommentere tiltak og enkeltarrangement, men byrådsavdelinga opplyser til NRK at det vil kome retningslinjer for store arrangement om kort tid.

– Me held på å operasjonalisere råda Folkehelseinstituttet har for store arrangement. Dette vil kome om kort tid, seier Cecilie Dahl, kommunikasjonsrådgjevar i byrådsavdelinga for eldre, helse og arbeid.

Fotballforbundet opplyser at dei vil tape 7-10 millionar kroner om kampen må bli spelt for tomme tribunar.

– Me fylgjer retningslinjene frå myndigheitene og vil ha ein god dialog med smittevernoverlegen i Oslo kommune. Me vil vere proaktive og gjer alt me kan for å få publikum på kampen, seier Anderssen.

Gro Tvedt Anderssen

Fotballforbundet gjer alle tiltak dei kan for at landslaget skal få spele for fulle tribunar i den svært viktige kampen mot Serbia.

Foto: Ørn E. Borgen / Ørn E. Borgen

Det vil dermed seie at det vil kome ei avgjerd om det blir publikum på verdscupen i skiskyting i Holmenkollen om kort tid.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal