Hopp til innhold

Desperate OL-førebuingar: Må trene rullebrett på verandaen

Kampen for å ta seg til eit OL som kanskje ikkje blir noko av, når alle kvalifiseringar er avlyste og alle treningsfasilitetar er stengde, skapar utfordringar. Og kreativitet.

Tonje Pedersen på balkongen

ALTERNATIVT: Skateanlegga er stengde. Derfor må Tonje Pedersen OL-trene heime på balkongen

Tonje Pedersen prøver så godt ho kan å kvalifisere seg til rullebrett i OL. Men med stengd skatehall er det ikkje så lett.

– Nei, brettrening blir det lite av. Det blir provisorisk trening på bakken og på balkongen, seier ho til NRK.

Ho får trena godt på styrke og spenst. Men utan skikkeleg brettrening blir førebuingane nokså reduserte.

– Eg veit eigentleg ingenting om kva det blir til med kvalifisering. Noko er avlyst, noko er utsett. Eg har eigentleg ikkje peiling, seier ho.

Berre dei beste får trene på Olympiatoppen

Tidlegare denne veka opna Olympiatoppen for at 25 utøvarar kan få trene på Toppidrettssenteret. Men det gjeld berre dei aller største medaljehåpa, og ikkje utøvarar som Pedersen.

– Det er me som plukkar ut kven som får trene. Det er fyrst og fremst dei beste utøvarane som førebur seg til OL og PL. Det vil i praksis seie medaljekandidatar, seier toppidrettssjef Tore Øvrebø til NRK.

Første gong på OL-programmet

Tonje Pedersen

SLIK SKULLE DET HA VORE: Tone Pdersen i aksjon i x-games i fjor

Foto: Fredrik Hagen

Tonje Pedersen blei for to år sidan teken ut på Norges aller første landslag i rullebrett. Bakgrunnen for at det blei oppretta eit landslag, var at rullebrett for aller første gong skulle på OL-programmet i Tokyo.

Om alle kvalifieringane skulle bli avlyste, kan det bli den generelle rankinglista som blir avgjerande for OL-deltaking. Der ligg Tonje Pedersen akkurat no ein plass for langt nede til å kome med.

– Det er litt usikkert. Om alle gjennomførte konkurransane er registrerte, er det nok akkurat litt for langt nede. Men det er ikkje sikkert, og framleis kan nok nokon av dei utsette konkurransane kanskje reddast, seier Henning Braathen. Han er rullebrettansvarleg i Norges Brettforbund.

OL i den japanske hovudstaden skal opnast 24. juli. Det står iallfall framleis på kalenderen. Men stadig fleire røyster hevar seg med krav om utsetjing eller avlysing.

Pedersen sjølv blir ikkje fortvila sjølv om OL blir borte.

– For meg er det vikitgare å ha det moro med brettet. Det hadde vore kult å få det med seg, men det er ingen krise.

– Trur du det blir avlyst?

– Det har eg ingen meining om.

– Ser du for deg deltaking i neste OL, om fire år?

– Eg tenkjer ikkje på det no. Uansett kva som skjer i år, er eg med så lenge eg synest det er gøy. Om det held til nest gong, veit eg ikkje, seier 24-åringen.

Turnar i parken

Sofus Heggemsnes

UTE: Sofus Heggemsnes må ty til offentlege apparat i parken for å halde treninga ved like

Foto: Helle Westrum / NRK

Norges beste turnar, Sofus Heggemsnes, har allereie klart OL-kravet. Også han må ty til det kreative når han skal førebu seg til OL. For også turnhallane er stengde. Derfor må Heggemsnes ut i det offentlege rom og trene i parken.

– Eg får nesten trena berre styrke. Desse apparata held ikkje som turnapparat, seier 20-åringen når NRK møter han i parken.

Ei anna utfordring med slik trening er at han slett ikkje er åleine. Smittefaren er stor.

– Derfor må eg vere svært påpasseleg så eg ikkje blir sjuk og smittar andre, seier han og tørkar hendene endå ein gong etter ei øving.

Heggemsnes er ikkje blant dei 25 utøvarane som har fått løvye til å trene på Olympiatoppen. Det har han forståing for.

– Om alle skulle trene der,blir det stor smittefare. Det er viktig at dei som har sjanse på medalje, får trene så bra som mogeleg, seier han.

Men situasjonen er vanskeleg likevel.

– Eg blir ikkje betre av å trene her i parken. Det er litt kjipt. Men eg må gjere det beste ut av situasjonen, seier han.

Båtpuss for seglarane

Skateboard-utøvarane er på ingen måte åleine om å trene alternativt i uvissa om OL. Alle andre idrettsforbund med OL-håp slit også.

– Ja, vi famlar litt i blinde, seier Rigo de Nijs, sportssjef i Norges Seileforbund. Dei norske seglarane kom nyleg heim frå Mallorca, og hadde med seg alt utstyret.

– Vi skal uansett bruke litt tid på å pusse båtar og vedlikehalde meir utstyr. Så får vi ta ein dag av gongen, og følgje dei råda vi får, seier han.

Norske seglarar har seks kvoteplassar i OL. To av dei er det framleis usikkert kven som skal fylle. Det gjeld klassene Nacra og brett.

– Så lenge OL ikkje er avlyst, førebur vi oss så godt vi kan. Kvalifiseringsfristen er utsett i ein månad, til 30. juni, fortel de Nijs.

20 skyttarar får trene

Også skyttarane har kvoteplassar dei må fylle.

– Vi hadde eigentleg bedt skyttarane våre om å halde seg borte frå all aktivitet, slik helsestyresmaktene har bedt om. Men vi har fått løyve til at 20 skyttarar skal få trene, seier sportssjef Tor Idar Aune.

Dei 20 er dei som er mest aktuelle til å fylle dei kvoteplassane Norge har – fem til OL, fire til Paralympics.

Lerdueskyttarar i karantene

Lerdueskyttarane rakk akkurat å få gjennomført verdscupstemnet på Kypros før "alt" blei avlyst. Dei er i ferd med å gjennomføre karantenen etter heimkomst.

Norges Bueskytterforbund har som alle andre orgså utfordrande tider.

– Ja, det er kinkig, seier generalsekretær Jan Roger Skytteseter. I normale tider hadde Norge hatt håp om å få med eit tremannslag til OL, i tillegg til Brigitte Brueland i kvinneklassen. Men kvalifiseringssjansane er i ferd med å bli uttømde.

– Den viktigaste kvaliken som er att, er EM som etter planen skal gå i slutten av mai. Så er det eit siste stemne i Berlin i slutten av juni. Desse er framleis ikkje avlyste. Men para-EM er avlyst, seier Skytteseter.

Siste nytt

  • Spanske myndigheter griper inn – skal «overvåke» landets fotballforbund

    Spanias fotballforbund har havnet under lupen til den spanske regjeringen som følge av flere skandaler det siste året.

    Forbundet skal de neste månedene «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD).

    – Regjeringen vedtok denne avgjørelsen for å rette opp i den alvorlige situasjonen RFEF er i, slik at forbundet kan fornye seg under stabile forhold, står det i en melding fra CSD.

    Idrettsrådet har tette bånd til Spanias idrettsdepartement.

    Det har stormet rundt landets fotballforbund siden det mye omtalte kysset på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Da ble nybakt verdensmester Jenni Hermoso kysset på munnen av Spanias daværende fotballpresident Luis Rubiales.

    Senere trakk Rubiales seg fra vervet på grunn av bråket som fulgte, men ro i RFEF ble det ikke.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon. (NTB)

    Soccer Spain Rubiales
    Foto: Manu Fernandez / AP
  • Helseth og Kavlie rett til finale i ro-EM

    Thea Helseth og Inger Kavlie rodde Norges dobbeltsculler til heatseier og booket finaleplass på EMs første dag.

    Den nykomponerte duoen fikk tiden 6.51,81 og vant det andre heatet med over ett sekunds margin på Romania.

    Resultatet betyr at Helseth og Kavlie slipper å ro oppsamling og kan se fram mot søndagens A-finale i ungarske Szeged.

    Nylig var Helseth på pallen med Jenny Rørvik i verdenscupen, men i EM ble Rørvik byttet ut med Kavlie. Trioen kjemper om to plasser i båten i OL. (NTB)

    sq1_1fpr_pQ
    Foto: NTB
  • TV 2: Patrick Thoresen sier ja til å spille for Norge i ishockey-VM

    Det bekrefter hovedpersonen selv til TV 2.

    Thoresen sier han og landslagssjef Tobias Johansson har hatt tett kontakt den siste tiden.

    – Det har tent en liten glød i meg. Jeg kjente for to, tre år siden at jeg var ferdig med landslaget og at jeg hadde gjort mitt. Men nå har jeg har hatt en veldig god sesong i en alder av 40, og når landslagsledelsen ser noe i meg, og sier jeg kan bidra med noe både på og utenfor isen, så vekker det noen følelser jeg trodde var borte, sier han til TV 2..

    Thoresen ga seg på landslaget før VM i 2022, men har nå snudd.

    Patrick Thoresen
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal