NRK Meny
Normal

Derfor tar Leicester seriegull frå sofaen i kveld

Sjekk Tottenhams skrekkstatistikk borte mot Chelsea.

Leicester, fans

NÆR GULLET: Leicester-fansen får igjen kjenne på spenninga når Tottenham møter Chelsea på Stamford Bridge.

Foto: Chris Radburn / Ap

Laster innhold, vennligst vent..

Måndag kveld kan Leicester vinne Premier League utan å spele kamp.

Serieleiaren er avhengig av at Tottenham ikkje avgir poeng til Chelsea.

Ser ein utelukkande på statistikken er det lettare sagt enn gjort for Spurs å vinne på bortebane mot dei blå.

Tottenham har ikkje vunne ein ligakamp på Stamford Bridge sidan 1990.

Då stod tidlegare landslagskeeper Erik Thorstvedt i mål for Spurs.

Thorstvedt

DEN GANG DÅ: Erik Thorstvedt i mål for Tottenham.

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

– Den gangen var grasmatta på Stamford Bridge omringa av ein veddeløpsbane for hundar. Du kunne også parkere bilen din rett ved banen, seier David Howells til The Telegraph. Han scora sist gang Spurs vann borte mot Chelsea.

Med andre ord: Det har skjedd mykje på 26 år.

Tottenham fekk riktig nok ein ligacuptriumf mot sine blå rivalarar i 2008, men det er også ei god stund sidan.

Om historikken har så mykje å seie når kampen blir sparka i gang er usikkert.

Sikkert er det i alle fall at heile Englands fotballpublikum vil ha augene retta mot oppgjøret der Leicesters einaste tittelrival ikkje har råd til å gjøre feil.

– Tottenham blir påverka av presset

Ein høg og mørk Chelsea-manager Guus Hiddink presset blir for stort for fleire av motstandarens menn.

– Enkelte spelarar kan bli nervøse og vil underprestere. Leicester er fryktlause, men Tottenham-spelarane blir nok påverka av presset som fører med det å henge med i tittelkampen, seier Hiddink til goal.com.

– Vi skal ikkje gjøre mykje ut av dette. For oss er det bare ein kamp mot Tottenham, legg han til.

Men sjølv om Chelsea har hatt ein mislukka sesong er det ikkje «bare» ein kamp for fansen.

«Sjå til h****** å slå Tottenham,» sang supporterane etter triumfen over Bournemouth i førre runde. Eit tap i kveld vil toppe eit fotballår der det meste har gått gale.

Laster Twitter-innhold

Også her klamrar den blå fansen seg til statistikken. Chelsea tapte riktig nok førre heimekamp mot Manchester City, men har ikkje gått på to strake heime-nederlag i serien sidan 2011.

Vil ikkje sjå oppgjøret

At Tottenham-spelarane skjelver i beina før opggjøret som kan avgjøre Premier League blir tilbakevist av manager Mauricio Pochettino.

– Motivasjonen for å slå Chelsea er ekstrem, seier Pochettino til The Telegraph.

Nerver er det i alle fall i Leicester-leiren. Manager Claudio Ranieri har bestemt seg for å ikkje sjå kampen (sjå video i klippet under).

Laster Twitter-innhold

Ein som sjå oppgjøret er Tottenhams Dele Alli, som er ute med suspensjon. At Spurs ikkje får bruke årets unge spelar i Premier League er ingen fordel i tittelkampen.

Men, til Tottenhams forsvar: Dei kvitkledde frå London har ikkje tapt på sju ligakampar. Til samanlikning: Chelsea har tapt to av dei tre siste oppgjøra.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Solbakken hissa seg opp

    FC København vann 1–0 heime mot CSKA Sofia og 4–2 samanlagt i Europaligaen. Likevel var FCK-trenar Ståle Solbakken sint. Ifølgje NTB var grunnen at lagets scoring vart vist på storskjerm i Parken. Bileta viste at målscorar N'Doye står i offside.

    Ståle Solbakken
    Foto: Mads Claus Rasmussen / Scanpix Denmark / NTB scanpix
  • Rønningen står over friidretts-NM

    Sprinteren Helene Rønningen er skadd og har meldt forfall til helgens NM i friidrett i Byrkjelo. Hun har fått en skade under i plantarfacien, bindevevshinnen som går under foten. Rønningen deltok på 100- og 200 meter under friidretts-EM i Berlin.

    Helene Rønningen, Bislett 2018
    Foto: Anders Skjerdingstad / NRK
  • Rosenborg enkelt videre

    Rosenborg hadde 2-0 å gå på fra den første kampen mot irske Cork i kvalifiseringen til europaligaen og gjorde jobben i den andre. Mål fra Besim Serbecic, Alexander Søderlung og Anders Trondsen sørget for 3-0 seier for trønderne og 5-0 sammenlagt.

    Europa League kvalifisering Cork City - Rosenborg
    Foto: Ryan Byrne / INPHO / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
NRK Sport Live med NM-veka
NM-veka: Styrkeløft
NM-veka: Styrkeløft, kvinner
NM-veka: Rugby, menn
Sport i dag med NM-veka
NM-veka: Rugby, finale for kvinner
NM-veka: Rugby, kvinner