Derfor stiller ikkje den beste i lagkonkurransen

BEAVER CREEK (NRK): – Hadde eg vore landslagssjef ville eg tatt ut Henrik Kristoffersen, seier NRKs alpinekspert Kjetil André Aamodt.

Henrik Kristoffersen

IKKJE MED: Henrik Kristoffersen. Her frå verdscupen i Kitzbühel i januar.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix
  • Sjå lagkonkurransen i VM på NRK1 frå klokka 22.00. Norge møter Slovenia i første utslagsrunde og eventuelt Austerrike i kvartfinale. Sistnemnde motstandar er storfavoritt i konkurransen.

Norges beste slalåmkøyrar var med då landslaget for første gang deltok i ein VM-lagkonkurranse i Schladming i 2013.

Denne gangen er ikkje Henrik Kristoffersen med på laget.

Han skal heller å lade opp til storslalåm fredag og slalåm søndag, der han er mellom dei som har køyrt best i år.

Ryste

SPORTSSJEF: Claus Ryste.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Lagkonkurransen passar han ikkje så godt. Det er mann mot mann og ikkje heilt likt slalåm, sjølv om det er slalåm det liknar mest på, seier alpinlandslagets sportssjef, Claus Ryste.

– Vi har ikkje prioritert han der. Sebastian Foss Solevåg og Nina Løseth er for eksempel veldig gode til dette, seier Ryste.

– Passar bra for Kristoffersen

Med seg på laget får dei Ragnhild Mowinckel og Leif Kristian Haugen.

– Det er også eit renn der det er bra for køyrarane å bli kvitt nerver og komme i gang med VM, seier Ryste.

Og nettopp derfor meiner Kjetil André Aamodt at Kristoffersen burde vore med i lagkonkurransen.

– Det kan vere bra for han å få ein konkurranse før storslalåm og slalåm. Hadde eg vore landslagssjef ville eg tatt ut Henrik Kristoffersen til lagkonkurransen, seier Aamodt.

– Vi har vurdert det dit at han ikkje er med, og der står det. Han ikkje vore superrask i denne konkurransen tidlegare. Han har ikkje vore super-rask i starten, for eksempel. Men om han er det no vil vi aldri få svar på, seier Ryste.

Aamodt understrekar også at dette eigentleg er ein konkurranse for fysisk sterke, tekniske køyrarar.

– Du må vere rask i starten. I tillegg er det ei ganske flat løype og det er ganske ulikt tradisjonell slalåm og storslalåm, seier Aamodt.

Nedprioritert

Ryste innrømmer at konkurransen ikkje blir prioritert veldig høgt av fleire VM-nasjonar.

– Det er ein medaljekonkurranse, men den går bare ein gang i året. Då er det vanskeleg å prioritere denne høgast mellom alle dei andre øvingane i alpint, seier sportssjefen.

– Det er npk ikkje ein konkurranse som blir prioritert mega-høgt av nasjonane som stiller.

– Men det er noko vi har lyst til å slutte opp om. Under VM i 2010 hadde vi ikkje nok jenter til å stille. I Schladming i 2013 var vi med, men blei slått ut.

– Vi skal gi gass, vi, seier Ryste.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM svømming kortbane
VM svømming kortbane