Hopp til innhold

Derfor kan det endeleg vere Englands tur

England blir alltid hausa opp før kvart meisterskap, men denne gongen kan det faktisk vere ein grunn til det.

Harry Kane og Jamie Vardy

SUPERDUO: Kan Harry Kane og Jamie Vardy bli EMs mest frykta spissduo?

Foto: Darren Staples / Reuters

– Det er jo slik at ein alltid trur på England, men i år trur eg kanskje litt ekstra.

Arne Scheie set ord på det som har vore gjennomgangsmelodien i engelsk og norsk presse den siste tida.

For det er eit ganske anna England-lag som opnar EM mot Russland i dag enn det me har sett i dei siste meisterskapa.

– For fyrste gong gler eg meg til å sjå England spele på lik linje med Spania og Frankrike, seier NRK-ekspert Lise Klaveness.

Tippar England i semifinale

Det er 50 år sidan England vann sitt siste meisterskap på heimebane. I år meiner både engelske og norske ekspertar at mykje talar for at «Three Lions» kan vere nærmare enn på lenge.

– Tipset mitt er England i semifinalen. Eg meiner England har potensialet til å blande seg blant dei fire beste. Dei har vore meir overbevisande i treningskampar og kvallik enn for eksempel Belgia og Italia, meiner Klaveness.

– Det blir nok vanskeleg for England å gå heilt til topps, men alt tyder på at laget bør nå ein kvartfinale eller semifinale. Dei har eit nytt ungt lag, men hugs på at England berre har vore i ein EM-semifinale før, seier Arne Scheie.

Laster innhold, vennligst vent..

Her er fire grunnar til at Lise Klaveness og Arne Scheie trur England endeleg kan lykkast i meisterskap.

  • Mange store profilar som kan gjere ting på eigehand og ikkje minst scorar mål, som Jamie Vardy, Harry Kane, Raheem Sterling og Dele Alli.
  • Dei har ein sterk keeper med erfaring i Joe Hart.
  • Eric Dier kan skjerme litt for midtstopparane, som er svakheiten deira.
  • Ungt, offensivt og ikkje minst hurtig lag som er svært viktig i dagens internasjonale fotball.
Raheem Sterling og Wayne Rooney på trening

EM-STJERNE?: Lise Klaveness meiner Raheem Sterling er ein av dei absolutt beste spelarane i EM og at han er ein av fleire som kan skinne for England i EM.

Foto: PAUL ELLIS / Afp

– Kanskje meir press enn før

Også dei engelske ekspertane er samstemte i at laget minst bør nå kvartfinale.

– Minst kvartfinale. For fyrste gong på lenge er eg spent på Englands sjansar. Hodgson har plukka ut ein modig tropp og håpet mitt er at laget spelar med Premier League-tempo, seier The Guardians fotballekspert, David Hytner.

– England vil nå semifinale. Det treng ikkje å vere for mykje å håpe på om dei vinn gruppa, seier Paul Wilson i same avis.

Likevel meiner mange presset på England frå media i heimlandet er mindre enn dei siste meisterskapa.

– Endeleg kan England reise utan press, seier alle, men derfor har dei jo eit enormt press. Det er jo eigentleg ikkje mindre enn før, kanskje er det meir, seier Klaveness.

Chris Smalling

MÅ VINNE: Midstoppar Chris Smalling er etter ekspertanes meining ein av dei svake punkta hos England. Manchester United-spelaren meiner opningskampen mot Russland blir heilt essensiell.

Foto: LEE SMITH / Reuters

For Chris Smalling og resten av laget blir det uansett svært viktig å kome i godt i gang mot Russland i kveld, og ikkje som i Brasil-VM for to år sidan, da England tapte 2-1 mot Italia.

– Eg trur det er svært viktig. Om me får ein god kamp og siger mot Russland kan me bygge sjølvtillit. Det er du må ha når kampane kjem kvar fjerde-femte dag og ein ikkje har tid til å kome over eit tap, seier Smalling.

Siste nytt

  • Xavi gjør helomvending – fortsetter som Barcelona-trener etter sesongen

    Xavi Hernández (44) har skiftet mening og forblir Barcelona-trener etter inneværende sesong. Tidligere i år valgte han egentlig å forlate jobben til sommeren.

    Nyheten ble offentliggjort under en pressekonferanse med Xavi og Barcelona-president Joan Laporta torsdag.

    Allerede onsdag kveld meldte spanske medier at Xavi ville fortsette som Barcelonas hovedtrener etter flere møter med ledelsen i klubben. De har lyktes med å overtale han til å fortsette i jobben ut kontraktsperioden.

    For et halvt år siden ble kontrakten forlenget til sommeren 2025. Han påtok seg treneransvaret for den katalanske klubben i november 2021. I fjor ledet han klubben til La Liga-tittelen.

    Det var i slutten av januar at Xavi bestemte seg for å slutte som Barcelona-trener etter inneværende sesong. Han forklarte at jobben var for slitsom i lengden.

    Xavi er blant de største spillerne Barcelona har fostret fram. 44-åringen fikk over 500 kamper for klubben mellom 1998 og 2015, og vant alt som kunne vinnes med Barcelona i løpet av den perioden.

    (©NTB)

    AC Milan v FC Barcelona - Preseason Friendly
    Foto: ETHAN MILLER / AFP
  • Tobias Foss på Ineos-laget i Giro d'Italia

    Tobias Foss (26) er blant åtte Ineos-ryttere som skal delta i årets Giro d'Italia.

    Det var ventet at Vingrom-mannen kom til å få plass på laget. Nylig viste han form i Tour de Alps, hvor han vant den første etappen.

    – Det hadde nok gått uansett, men denne seieren er nok spikeren i kista. Laget er riktignok ikke tatt ut ennå, sa Foss til NTB nylig etter triumfen på åpningsetappen i Nord-Italia.

    Giroen varer fra 4. til 26. mai. For tre år siden ble Foss nummer ni sammenlagt i Grand Tour-rittet.

    Hele laget til Ineos i Giro d'Italia: Thymen Arensman, Geraint Thomas, Filippo Ganna, Jhonatan Narváez, Magnus Sheffield, Ben Swift, Connor Swift og Foss. (NTB/NRK)

    Tobias Foss
    Foto: AFP
  • Landslagsspiller klar for finsk ishockey: – Enkelt valg

    Den norske landslagsspilleren Christian Kåsastul har skrevet under en kontrakt med den finske ishockeyklubben KooKoo.

    27-åringen bekrefter overgangen til TV 2.

    – Det var et enkelt valg. Jeg ville tilbake til Finland. Det er en topp liga i Europa. Det er fokus på struktur og det defensive spillet, og det passer meg godt, sier Christian Kåsastul til TV 2.

    FID276OpxVg
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal