– Det var nok eit stort sjokk for han, seier Alexander Kristoff.
Katusha-ryttaren snakkar om det store gjennombrotet: NM i 2007 der han som 19-åring slo giganten Thor Hushovd, som kunne skilte med fire etappesigar og grøn trøye i Tour de France.
Kristoff hadde til då kun sigra i norgescupen.
– Han vann mellom anna fordi Hushovd stilte opp som favoritt, seier Kristoffs trenar Stein Ørn.
Meir om korleis det skjedde får du etter kvart.
– Alltid ei ulempe å vere favoritt
I år har Norge heile fire Tour de France-klare ryttarar som vil krige om å kapre NM-trøya.
Tre av dei, Edvald Boasson Hagen (Dimension Data), Alexander Kristoff (Katusha) og Sondre Holst Enger (IAM), er store favorittar i den relativt flate rundløypa i Bodø.
– Det hadde vore kult å ha eller å sjå trøya i Tour de France, men det blir kjempekamp om den. Sjølv om Team Joker og mange andre ikkje skal til Frankrike, vil dei også ha trøya, seier Kristoff.
Sjølv om trøya stort sett går til ein Tour de France-rytter, er det ikkje alltid verdsklasse-ryttarane vinn mot dei som hadde blitt knust i eit proffritt.
Søndag har Kristoff riktignok kontinentallaget Coop-Østerhus i ryggen. Boasson Hagen får hjelp av Lillehammer CK, men heller ikkje det er ein garanti for suksess.
Likevel skulle ein tru at dei kanonene kan slappe meir av i eit lågare tempo enn normalt.
– Det er lågare fart, men likevel hardt fordi det ikkje er så mange gode med. Då blir det mykje arbeid på dei gode som er med, seier Kristoff.
Stjernesjokket
Og det var nettopp det som skjedde i 2007. Hushovd var i brudd med Kristoff (Maxbo-Bianchi) og to andre ryttarar, der den eine var Kristoffs lagkamerat.
Stjerna Hushovd måtte gjøre alt arbeidet for å halde hovudfeltet unna, og hadde krampetendensar då det skulle spurtast om NM-trøya.
– Alle som veit litt om sykling forstår at ein spurt ikkje er ein spurt etter å ha dratt rundt på dei andre i seks mil. Eg var sliten, sa Hushovd.
Det året var det ingen innslag av norsk trøye i Tour de France. Mannen som skulle ta den med blei snytt av ein tenåring.
– Thor jobba heile vegen, medan eg satt bak og fekk kvilt. Utruleg stort å slå ein av verdas beste spurtarar, men det var spesielle føresetnader. Det er ingen verdensklasse over min spurt sjølv om eg vann denne, sa Kristoff.
Ni år seinare er kan heller ikkje Kristoff garantere at det ein Tour de France-klar rytter vil triumfere i NM.
– Eg er langt frå sikker. Om folk fokuserer for mykje på meg kan det hende at eg blir spelt ut.