Etter to elendige sesongar i Europaligaen og Champions League, har engelskmenna skolve i buksene for å miste ein av dei fire Champions League-plassane dei har.
No ser det ut til at dei kan puste letta ut, i alle fall om Bayern München vinn mot Juventus i kveld.
Matte til besvær
Tildelinga av Champions League-plassar skjer på bakgrunn av korleis laga frå kvart land har gjort det i dei europeiske turneringane dei siste fem sesongane. Ein får poeng for siger, uavgjort, deltaking i gruppespel, og avansement til utslagsrundane.
Alle medlemsland i UEFA blir plassert på ein tabell etter desse poenga.
Dei tre øvste nasjonane på den tabellen får fire Champions League-plassar. Der har England blitt passert av Tyskland, og blir jaga hakk i hel av Italia. Spania tronar klart øvst.
I går gjekk Manchester City vidare til kvartfinalen i Champions League. Dei får sannylegvis ikkje følge av andre engelske lag, ettersom at Arsenal har eit vanskeleg utgangspunkt før bortemøtet med Barcelona i kveld.
Då har England fire lag igjen i turneringane, medan Italia berre har Lazio igjen i Europaligaen om Juventus ryk i kveld. Viss det skjer, er den teoretiske sjansen for at Italia overtek tredjeplassen på rangeringa vekke for i år, etter NRKs utrekningar .
Usikker framtid
Men det er langt i frå sikkert at England er framfor Italia etter neste sesong. Då blir nemleg poenga frå 2011/12-sesongen strokne.
Det var sesongen då Chelsea vann Champions League, og England hadde fleire lag med i utslagsrundane både der og i Europaligaen. Det nærmaste Italia kom var Milans tap mot Barcelona i kvartfinalen.
Når den sesongen ikkje lenger er tellande, stiller Italia omtrent likt med England. Då er dei engelske laga avhengig av å sanke fleire poeng enn Italia i neste sesong for å behalde plasseringa.