United trudde dei hadde teke leiinga etter 33 minutt. Dei leverte eit praktfullt angrep som blei avslutta med Paul Pogbas tidelsnøyaktige og millimeterpresise framspel av Edinson Cavani, som sette ballen i mål.
Men like før hadde Scott McTominay sett handflata i ansiktet på Son Heung-min, og Son gjekk i bakken før han blei hjelpt opp att.
Den blei det VAR-gransking av. Dommar Chris Kavanagh meinte det var gjort med vilje, og annullerte.
Det blei ikkje godt motteke av United. Manager Ole Gunnar Solskjær var tydeleg misnøgd med avgjerda.
– Det var ikkje vi som blei lurt. Det var dommaren. Det var ei perfekt scoring, sa Ole Gunnar Solskjær til Sky Sports. Han reagerte tydeleg sterkt då målet vart underkjent.
– Heldig at Sons far er ein betre person enn Ole
Solskjærs syrlege kommentar til Sons fall, utløyste eit aldri så lite verbalt slagsmål mellom han og hans Tottenham-kollega José Mourinho etter kampslutt.
– Dersom sonen min blir liggande nede i tre minutt etter ein slik ein i fjeset, og må ha ti mann til å hjelpe seg opp, får han ikkje noko mat, sa Solskjær.
Det fekk Mourinho til å skyte med skarpt tilbake.
– Eg vil berre seie at Sonny er svært heldig med at hans far er ein betre person enn Ole. Eg meiner at som ein far skal du alltid gi borna mat, uansett kva dei har gjort, sa Tottenham-sjefen.
– Ei totalt latterleg avgjerd
Også fleire av ekspertkommentatorane meinte dommaren tok heilt feil då han annullerte det som hadde vore Uniteds leiarmål.
– Dersom det ein feil, må han gje McTominay gult kort, og det gjorde han ikkje, påpeika BBCs Clinton Morrison.
– Dette er pinleg. Det er ikkje fotball lenger. Slik avgjerder øydelegg. Dette er ikkje fotball lenger, sa Sky Sports Micah Richards.
– Det er ei totalt latterleg avgjerd. Det der er aldri ein feil, la han til.
Solskjær blei ikkje blidare fire minutt seinare. Det var nettopp Son som blei spela heilt fri og sette inn 1–0 til Tottenham, som kunne gå til pause med leiing.
Snudde kampen med vakre mål
United-manageren sa nok klart og tydeleg frå i pausen. Det lyste iallfall innsats av dei raude i andre omgang, og som så ofte før denne sesongen snudde United kampen.
– Det annullerte målet kickstarta oss. Det var ein topp reaksjon, og vi spela godt i andre omgang. Vi kjende på urettferda, og viste god karakter ved å kome tilbake. Vi kan ikkje la slike avgjerder ruinere sesongen, sa Solskjær til Sky Sports.
Og Edinson Cavani skulle bli veldig sentral også etter pause.
Tottenham-keeper Hugo Lloris gav retur på eit skot frå Cavani, og Fred sette inn returen – hans første ligamål sidan 2018. Dermed 1–1 ti minutt etter pause.
Uniteds leiarmål kom drygt ti minutt før slutt, og igjen var det Cavani. Mason Greenwood la inn, og Cavanis stupheading rett i kassa var det klasse over.
Cavani kunne scora eitt til, men heldigvis for Solskjær og United gjorde han ikkje det. Headinga hans small i eigen tverrliggar.
Fem minutt på overtid hamra innbytar Mason Greenwood inn 3–1.
Solskjær likte godt alle scoringane hans lag sette inn etter pausen.
– Måla var strålande. Edinson (Cavani) viser kvifor han er ein nummer 9, sa Solskjær om mannen han prøver å overtale til å bli i klubben ein sesong til.
– Men han snakkar ikkje engelsk, og han har familien sin på eit anna kontinent. Det er klart han tenkjer på det, sa Solskjær
Tottenhams manager José Mourinho var nøgd med sitt lag, trass tapet.
– Det er vanskeleg for meg å analysere kampen i media. Eg blir alltid kritisert når eg prøver det, sa han til Sky Sports.
United spela sin 23. strake bortekamp utan tap. Det siste kom mot Liverpool i januar i fjor. Sidan har det blitt 15 sigrar og 8 uavgjort.
Og ordkrigen mellom Solskjær og Mourinho?
– Eg trur vi har stor respekt for kvarandre. Av og til kan det bli sagt uheldige ord før, under og etter kamp. Eg sa nok eit par ord som eg skulle ha teke tilbake, sa Solskjær.