Yatagarasu er namnet på den trebeinte svarte kråka som prydar Japans VM-trøyer og landslagslogo. Symbolet til det japanske landslaget skriv seg tilbake til nesten 700 år før Kristus.
– Det er det eg likar best ved det japanske landslaget. Yatagarasu er eit mytologisk dyr, seier Aike Peter Rots.
Han er førsteamanuensis ved det humanistiske fakultet ved Universitetet i Oslo.
Hjelpte Japans første keisar
KRÅKE-SUKSESS: Keisar Jimmu la grunnlaget for staten Japan ved hjelp av Yatagarasu, kan mytane fortelje
Myten vil ha det til at Yatagarasu kom frå himmelen for å hjelpe keisar Jimmu i hans krig mot stammene i aust. Kråka viste den rette vegen i felttoget, og Jimmus triumf var total.
Historisk er det tvil om keisar Jimmu verkeleg har levd. Men mytane lever iallfall.
– Yatagarasu var rettleiar for den første keisaren. No skal ho vegleie landslaget, seier Rots i eit Facebook-innlegg.
Overfor NRK utdjupar han dette:
– Yatagarasu er opphavleg ein kinesisk myte, og spelar ei viktig rolle i dei gamle japanske krønikene Kojiki og Nihonshoki frå det 8. hundreåret. Kråka hjelper solgudinna Amaterasu. Ho blei send frå himmelen og ned til jorda for å leie Jimmu frå Kumano til Yamato-området, der han skulle stifte den japanske staten, fortel Rots.
At Yatagarasu blei symbolet også for japansk fotball, er litt tilfeldig.
– Knytta til keisar-dynastiet
FOTBALL-SUKSESS? Eiji Kawashima, med logoen og den trebeinte kråka på brystet, er klar for Japans VM-felttog inn i cuprundane
Foto: JORGE GUERRERO / AFPBuddhistmunken og professoren Tairei Uchino var fotballinteressert, og blei også japansk fotballpresident. Han ville ha den trebeinte kråka som symbol for landslaget, ikkje minst til ære for Kakunosuke Nakamura, som har fått hovudæra for innføringa av fotball i Japan. Nakamura var frå Kumano-regionen.
Landslaget tok kråka i bruk i sin logo i 1931.
– Kråka var nemleg knytta til keisar-dynastiet, og dermed til sjølve nasjonen Japan.
– I dag har heilagdomane i Kumano mange fotballar, signerte fotballdrakter, flagg og anna. Nokre gonger kjem fotballspelarar dit for å få rituell reinsing og be til gudane før ein viktig kamp, seier Rots.
Laget som vinn den japanske cupfinalen, får eksklusiv rett til å bere Yatagarasu-symbolet i eitt år.
Langt unna Jimmu-suksess
Hittil har det Yatagarasu berre gitt Japan måteleg VM-suksess. Dei er rett nok med i sitt sjette VM på rad, men har berre kome til åttedelsfinale to gonger.
Men i år har dei framleis sjansen.
– Baseball er den mest populære sporten i Japan. Men fotballen har blitt langt meir populær etter 2002 då Japan arrangerte VM saman med Sør-Korea.
– Så vil det vise seg om Yatagarasu er sterkare enn åndene og dei heilage frå Colombia, Polen og Senegal, seier Rots.
Kanskje kan den trebeinte kråka leie det japanske felttoget litt lenger denne gongen?