Denne straffa slepper keeperen inn med vilje – blir hylla for gesten

Keeper Roman Bürki stod heilt stille på streken og let Lars Benders straffe gå forbi. No blir han unisont hylla for sportsleg framferd.

Lars Bender scorer på straffe

STRAFFE: Lars Bender scorar på straffe i sin aller siste Bundesliga-kamp

Foto: Friedemann Vogel / AFP

Kampen mellom Borussia Dortmund og Bayer Leverkusen var kampen der kjenslene og det emosjonelle betydde meir enn resultatet.

Først om den merkelege straffescoringa.

Like før slutt, på stillinga 3–0 til Dortmund, fekk Leverkusen straffe.

Sven og Lars Bender

TVILLINGAR: Sven og Lars Bender har i fire sesongar spela på same lag, og gir seg på same tid

Foto: Martin Meissner / AP

Då sette Leverkusen inn veteranen Lars Bender (32). Han fekk ta straffa som takk for lang og tru teneste. Bender sette straffa hardt, men ikkje veldig godt plassert, til høgre for keeper Bürki.

Keeper gjorde ikkje det minste forsøk på å redde. Han let Bender få avslutte karrieren med scoring. Så gjekk han fram og gratulerte veteranen med målet, som fastsette resultatet til 3–1.

Lars Bender har spela for Bayer Leverkusen sidan 2009, dei siste åra også saman med sin tvillingbror Sven. Begge gir seg etter sesongen som blei avslutta laurdag.

Bürkis gest blir unisont hylla på Twitter:

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Erling Braut Haaland scora to av Dortmunds mål. Og det var han som fekk byte trøye med dommar Manuel Gräfe. Etterpå stilte spelarane frå begge lag opp på linje til ære for dommaren, som hadde sin siste Bundesliga-kamp etter å ha dømt der i 17 år. Han har blitt 47 år, som er aldersgrensa for dømming i Bundesliga.

Haaland, dommer

TAKKA DOMMAREN: Haaland bytte trøye med dommar Gräfe etter kampen. Gräfe gir seg etter 17 år som Bundesliga-dommar

Foto: FRIEDEMANN VOGEL / Reuters

Også Haalands lagkamerat Lukasz Piszczek (35) spela sin siste kamp. Han blei applaudert av alle spelarane då han gjekk av bana etter 75 minutt i sin aller siste kamp. Piszczek har spela 11 år i klubben.

Edin Terzic har berre trena Dortmund nokre månader,. Men det har gitt sju sigrar på rad i sesongavslutninga, og plass i meisterligaen. Dessutan blei Dortmund tysk cupmeister.

Han har vore berre mellombels trenar, og gir seg også ved sesongslutt.

Siste nytt

  • Filip fikk trøbbel

    Filip Ingebrigtsen løp i det aller første kvalifiseringsheatet på 1500 meter natt til tirsdag, og fikk det svært tøft. Han ble til slutt nummer 10 i heatet, og må nå vente på om han mirakuløst greier å gå videre på tid når alle heatene er ferdigløpt. Favoritten Timothy Cheruiyot løp i samme heat, og vant. Jakob Ingebrigtsen løper litt senere.

    Filip Ingebrigtsen
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Kan Warholm slå Håker?

    Klokka 05.20 i natt skal Karsten Warholm springe finale på 400 meter hekk.

    I 1972 var «halve Norge» på beina klokka 05.00 for å sjå Erik Håker, som leia storslalåm etter første omgang under OL i Sapporo. Kanskje kan det bli endå fleire som står like tidleg opp for å sjå Warholm i kamp om OL-gull.

    Også Jakob og Filip Ingebrigtsen skal i aksjon i natt. Her er høgdepunkta.

    Karsten Warholm
    Foto: VEGARD WIVESTAD GRØTT / BILDBYRÅN
  • Juventus-kaptein forlenger

    Italias stopperkjempe Giorgio Chiellini (36) forlenger en allerede lang og merittert Juventus-karriere til sommeren 2023.

    Storklubben opplyste om Chiellinis nye avtale mandag kveld. Veteranen har spilt for Juventus siden 2005. Han har spilt 535 kamper og scoret 36 mål.

    På papiret har han vært klubbløs i en måned, men en forlengelse var ventet å komme før den nye sesongen.

    Tidligere i sommer var Chiellini en nøkkelspiller på Italias vei til EM-tittelen.

    Bonucci Chiellini
    Foto: PAUL ELLIS / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal