I dag kastar Kjetil Jansrud seg ut i løypa han har herja i tidlegare denne veka, men torsdag holdt det på å gå gale i det siste, grusomme partiet av Die Streif.
Biletet av nesten-uhellet - ein sprikande Jansrud som er nær ved å miste kontroll i 130 kilometer i timen - blei raskt nytta i dei aller fleste avisartiklar om treningsrennet.
– Det er på håret at han ikkje går på trynet der, Det er den verste staden å falle på, seier NRKs alpintekspert Kjetil André Aamodt.
– Det såg guffent ut. Eg gløymer ikkje Todd Brooker, som er kjent for å ha tatt 13 saltoar på nesten same stad.
Jansrud slapp greit unna salto, men mange andre fartskanoner har opplevd smertefulle krasj mot slutten av Hahnenkamm-rennet,
I 1987 opplevde eit utforlegenda Brooker eit skrekkfullt fall, som blei vist på NRK i ei sportssending der stemninga var fascinerande lattermild då bileta kom på skjermen.
Kanadiaren blei frakta til sjukehus, men slapp utruleg nok unna med mindre alvorlege skader.
VIDEO: Sjå Jansruds nesten-fall i Kitzbühel
Så aggressivt må han køyre for å vinne
Hauseberg-partiet blir omtala som det desidert mest krevjande i alpintsirkuset.
– Skråkøyringa er det tøffaste partiet i verdscupen. Det er omtrent det einaste partiet der du ikkje har kontroll over løypa. Løypa har kontroll over deg, seier NRKs kommentator Marius Arnesen.
– Det var ei skrekkoppleving der og då, sa Jansrud om situasjonen som i det minste ga publikum valuta for pengane.
Utforstjerna må gå like fryktlaust til verks om han skal vinne i dag, meiner Aamodt og Arnesen.
– Det viktig at han vinn over frykten for å ramle. Han må søke fart igjen her. Det blir avgjørande, seier Aamodt, som trur Jansrud vil vere ekstra obs når han nærmar seg slutten i dag.
– Det går for seint om du køyrer kontrollert her. Kjetil har mista leiinga i dette partiet nokre gangar før. At han har latt det gå for seint der angrar han nok på i dag, fortel Arnesen.
– Dette svaret kan raskt bli feiltolka
Med aggressiv køyring har Jansrud susa til topps i utforsirkuset.
Og det sjølv om han ikkje har hatt sedvanleg konkurranse i meritterte Aksel Lund Svindal på trening. Det vekker oppsikt.
For Jansrud er fråveret av romkameraten ei sportsleg ulempe.
– Det er ikkje den same steminga rundt middagsbordet. Når ein ikkje har det like sosialt som før kan det raskt bli veldig stille, seier årets mannlege idrettsutøvar i Norge.
– Saknar du å bu på rom med Aksel?
– Dette svaret kan raskt bli feiltolka, men ja. Det gjør eg, seier Jansrud.
– Ein er veldig sjølvsentrert når ein trenar og køyrer, men etterpå er det viktig å kople av med å vere sosial. I år har det vore bare meg sjølv på rommet. Det er ikkje optimalt.
VIDEO: Einsleg fartskøyrar offer for køsniking
Som einaste norske utforkøyrar stiller han seg også høfleg i kø når verdseliten tar gondolen til topps i den spektakulære Hahnenkamm-løypa.
Men køkultur er det ikkje alle som respekterer. Særleg ikkje den italienske rivalen Christof Innerhofer.
Sjå kva som skjedde då Jansrud skulle ta gondol til topps i Kitzbühel:
– Det er forskjell på italienarar og nordmenn, spøker Jansrud når italienske Christof Innerhofer snik seg forbi i køen.
Heldigvis for Jansrud er det om å gjøre å finne raskaste veg ned igjen. Smertefritt, vel å merke.
VIDEO: Jansruds spektakulære svev