Hopp til innhold

Tidlegare Russland-trenar sjokkert av «drittmeldinger» frå Noreg – tør ikkje vise dei til kona

Langrennstrenaren Markus Cramer seier han fekk hatmeldingar frå nordmenn då han var russisk landslagstrenar.

Markus Cramer

SKAKA OVER MELDINGAR: Langrennstrenar Markus Cramer fekk det han beskriv som «drittmeldinger» frå nordmenn.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

– Det var sinnssjukt. Og spesielt dei meldingane frå nordmenn, eg vart sjokkert over kva dei skreiv og korleis dei tenkte, fortel han til NRK.

Tyske Cramer jobba som russisk landslagstrenar i fleire år, og fekk i løpet av si tid som trenar oppleve suksess med utøvarar som Sergej Ustjugov og Aleksandr Bolsjunov.

Då Russland gjekk til angrep mot Ukraina, vart det umogleg for suksesstrenaren å halde fram i jobben han hadde hatt sidan 2015.

Trenaren fortel at han i denne tida byrja å få mange hatmeldingar, også frå Noreg, fordi han jobba for det russiske laget.

Eg kjenner ikkje dei som sende meldingane, men dei visste kven eg var. Dei skreiv skikkelege drittmeldinger, som: «vi hatar deg fordi du jobbar for det russiske laget», og liknande.

– Eg vart verkeleg sjokkert over dette. Eg forstår det ikkje. Eg jobbar for sporten, ikkje for den russiske hæren eller Putin. Eg jobbar for utøvarane. I starten var det verkeleg vanskeleg å forstå det som skjedde, fortel han.

Sergej Ustjugov gratuleres av trener Markus Cramer etter løpet i Toblach

Cramer saman med ein av stjernene sine på det russiske laget, Sergej Ustjugov.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Eg var verkeleg sjokkert og trist

– Når fekk du desse meldingane?

– Berre i starten. Då det vart bestemt at eg var ferdig hos det russiske laget, stoppa det plutseleg opp. Men spesielt i starten var det verkeleg ufine meldingar. Eg kan ikkje vise dei til kona, seier trenaren.

Markus Cramer fortel også at han vart sjokkert over mottakinga det russiske laget fekk i Noreg og Holmenkollen i mars.

Då vart smørjetraileren til russarane, som stod parkert i Holmenkollen, tagga ned med ukrainske flagg og slagord.

Russarane valde til slutt å reise heim etter at Skiforbundet uttalte at dei ikkje ønskte russarar i verdscuprenn i Noreg.

– Eg var verkeleg sjokkert og trist over det som skjedde. Dei er utøvarar, ikkje soldatar. Og alt det som vart skrive i nyheitene. Det var eit stort sjokk då eg såg kva som hadde skjedd. Eg veit også at utøvarane fekk mange drittkommentarer. Det er ikkje noko vi treng i idretten, seier Cramer, som var i Tyskland då dette skjedde.

Norges Sjakkforbunds kongress

Atle Grønn er professor i russisk ved Universitetet i Oslo.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

– Alle fornuftige personar tek avstand

Atle Grønn er professor i russisk ved Universitetet i Oslo og kjent for mange som sjakkekspert. Han kjenner også forholda i Russland svært godt.

– Eg har også fått hatmeldingar på grunn av at eg kommenterer Russland. Det er dessverre ein del av den moderne internettkulturen. Det er ille, men eg tenkjer det er endå verre å vere ukrainar og bli angripe fysisk, seier Grønn.

Han meiner Cramer har eit spesielt ansvar som utlending i Russland å ta avstand frå krigen.

– Desse tinga med Russland er vanskelege, men ein person som Cramer har eit større ansvar, og ein bør forlange meir av han. Han kom utanfrå som tyskar, og viss han ikkje kan stå for sine meiningar, så bør han ikkje ta jobben og dra til Russland. Ein må kunne stille krav til han.

– Det er meir komplisert med kva vi kan krevje av russiske idrettsutøvarar, kunstnarar og slike personar. Det er ein vanskelegare tematikk. Men med Cramer og meg sjølv, som har eit profesjonelt virke knytt til Russland, så meiner eg at vi har ei plikt til å seie frå i ein situasjon der Russland går til krig mot eit naboland, seier Grønn.

0PR69CLpHrw

Skipresident i Russland, Jelena Välbe saman med Markus Cramer.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Må få konkurrere

Markus Cramer seier på si side at han er oppgitt over at russiske langrennsutøvarar no er utestengde frå internasjonale konkurransar på grunn av krigen i Ukraina.

– Mi meining er at dei må få konkurrere. Sport og politikk må vere separert, men som ein har sett mange, mange gonger tidlegare, det fungerer ikkje slik. Det er også vanskeleg å forstå at i andre idrettar, som tennis, kan ein delta, medan ein ikkje kan det i andre idrettar, seier han, og legg til:

– Eg er også imot krigen i Ukraina. Men utøvarane i Russland er ikkje involverte i krigen. Eg håpar at dei får delta i vinter, for utan russiske utøvarar, blir det eit «one nation show». Det er ikkje bra for idretten, seier Cramer.

Les også Bolsjunov rystet etter hærverket i Holmenkollen: – Nordmennenes oppførsel er uverdig

Bolsjunov og russisk smørebuss

Siste nytt

  • Tarik Elyounoussi ferdig i japansk fotball

    Japan-proffen Tarik Elyounoussi gir seg i J-ligaklubben Shonan Bellmare, melder Fredriksstad Blad.

    Beslutningen ble tatt mandag.

    – Jeg snakket med klubbens sportssjef og president, hvor vi synes det var greit å gå hver til sitt, sier 35-åringen til Fredriksstad Blad.

    35-åringen reiser nå hjem til Norge med familien. Hvor fotballkarrieren fortsetter vet han ikke.

    Elyounoussi har hatt en innholdsrik fotballkarriere i sine elleve år som utenlandsproff. Han var i Fredrikstad, Lillestrøm og Rosenborg i hjemlig serie før han dro til Heerenveen (Nederland).

    Deretter har det blitt opphold i Hoffenheim (Tyskland), Olympiakos (Hellas), Qarabag (Aserbajdsjan) og AIK (Sverige), før turen gikk til Japan.

    Elyounoussi har også spil 60 A-landskamper og scoret ti mål.

    Tarik Elyounouss med ballen i beina for Norge.
    Foto: NTB
  • Haugesund sikret seg Bodø/Glimt-spiller

    Midtbanespilleren Morten Konradsen forlater Bodø/Glimt til fordel for spill Haugesund neste sesong. 29-åringen har signert en treårskontrakt.

    Haugesund bekrefter overgangen tirsdag. Konradsen kommer gratis.

    – Jeg følte at jeg og FK Haugesund var en veldig god match etter å ha snakket med både sportslig leder og trener. De virket veldig sultne på å få til noe og jeg er veldig sulten på det samme. Det var lysten til å bidra i det spennende som skjer her som var grunnen til at jeg bestemte meg for å komme hit, sier Konradsen til klubbens hjemmesider.

    Konradsen har spilt for årets seriemester siden 2018. Totalt ble det 169 kamper for Glimt.

    – Morten kommer til FK Haugesund som en spiller som skal være med og bidra til treningskulturen som skal råde fremover. Han tar med seg masse verdifull erfaring fra Bode/Glimt, representerer veldig mye av det Oskar ser etter i spillere, og blir et veldig fint tilskudd til neste sesongs spillergruppe, sier sportslig leder Eirik Opedal.

    Oskar Hrafn Thorvaldsson er trener i vestlandsklubben. (NTB)

     Morten Konradsen i spill for Bodø/Glimt.
    Foto: NTB
  • Stabæks daglige leder gir seg etter nedrykket.

    Jon Tunold gir seg som daglig leder i Stabæk to dager etter nedrykket fra Eliteserien. Beslutningen skal ha blitt tatt for flere uker siden.

    Tunolds avgang bekreftes av klubben på egne nettsider.

    Der heter det at Tunold har sagt opp sin stilling og takket ja til en stilling i et tannlegefirma. Han trer over i næringslivet ved utgangen av februar.

    – Det er vemodig å slutte i en jobb som på mange måter har definert livet mitt de siste åtte årene. Det er ekstra tungt å forlate klubben når nedrykket var et faktum. Jeg skulle veldig gjerne overlatt stafettpinnen til en ny leder i øverste divisjon, sier Tunold selv om situasjonen.

    – Uansett ble beslutningen min tatt for noen uker siden da Colosseum Tannlege ba meg bli med i en prosess for en spennende stilling i et selskap med store vekstambisjoner, legger han til.

    Tunold har vært daglig leder i klubben over to perioder og takker denne gang av etter åtte år i sjefsstolen. (NTB)

    Jon Tunold snakker med pressen.
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal