– Det er nok omtrent like vanskeleg å vinne i Lotto som å komme seg til OL i bryting, seier ein lattermild pappa Tor-Ørjan Store i gledesrus.
Laurdag såg han datter Signe Marie kvalifisere seg for OL.
Tårene fossa både i Tyrkia og heime hos familien i Tana då 20-åringen sikra billett til Rio.
– Det var tårevått. Ein er nærast i sjokk. Ein trur ikkje heilt at det har skjedd, seier pappa Tor-Ørjan.
Presidenten: – Fenomenalt som førsteårs senior
Signe Marie Fidje Store er Norges første brytar på kvinnesida i OL. Å sikre seg plass i det selskapet er svært vanskeleg ifølge presidenten i Norges Bryteforbund.
– Det er heilt fenomenalt at ein førsteårs senior klarer dette. På grunn av manglande resultat fekk ho bare ein sjanse til å kvalifisere seg, seier Tom Holmen.
Kun to OL-plassar var igjen då Fidje Store fekk sitt eine forsøk i det tredje og siste kvalifiseringsstevnet.
– Eg vil tru at det har vore opp mot 50 utøvarar som har prøvd å kvalifisere seg i kvart av dei tre stevna, seier Holmen.
Sjansen for å vinne i Lotto er nok mindre, men kampen for å sikre OL-billett i bryting er i alle fall fysisk brutal. Og vanskeleg.
Så vanskeleg at Signe Marie Fidje Store aldri hadde forventa å klare det.
– Eg hadde eigentleg tenkt å dra på tur langs vestlandet i Volvoen med ei venninne, men no blir det annleis. Det blir litt kulare å dra til Rio, seier Fidje Store.
– Likte å gje folk juling
No er det første store målet nådd for ein 20-åring som blir omtala som eit enormt brytetalent.
– Vi skal ikkje skru forhåpningane heilt til vers, men om fire år kan ho vere i stand til å kjempe om medalje i OL. Denne gangen blir det nok litt for tidleg, seier Frank Gundersen, som trena Bryte-Signe fram til ho var 16 år.
– Ho er smart taktisk. Det er kanskje spisskompetansen hennar. Ho møter mange med store musklar, men ikkje alle veit å vite når det er optimalt å slå til. Der føler eg Signe er god, seier mamma Anne Fidje Store.
Ho tok dattera med på trening for første gang som 10-åring. 10 år etter er dattera OL-klar.
– Ho likte nok å gje folk juling. Det er nok derfor ho valgte bryting framfor andre idrettar, seier Anne Fidje Store lattermildt til NRK.