Hopp til innhold

Den saudiarabiske golfligaen: – Sportsvasking i ein skala verda ikkje har sett før

Den saudiarabiske staten satsar milliardar på å lokke dei beste golfspelarane til sin nye tour, og det splittar golfverda.

Dustin Johnson

STORFISKEN: Dustin Johnson er den største «fisken» som går over til den nye ligaen

Foto: JARED C. TILTON / AFP

– Vi er ved eit vegskilje. Det er for tidleg å seie korleis det vil slå ut, men eg trur golfsporten slik vi kjenner han, stoppar i dag, seier Tom Erik Andersen, redaktør av Norsk Golf.

Det er fordi den nye og ekstremt pengesterke saudiarabisk-baserte Liv Golf Invitational Series startar på Centurion Club utanfor London torsdag.

Det har skapt splid og steile frontar. PGA lovar kamp mot dei som forlèt den tradisjonelle PGA-touren til fordel for den nye serien med pengebeløp som PGA ikkje er i nærleiken av å matche.

– Dei må velje det eine eller det andre, sa PGA-tour-sjefen Jay Monahan i eit møte med agentane til mange av spelarane 1. juni, same dag som namna på 42 av spelarane i første runde av den nye touren blei offentleggjorde.

– Medlemmer som gjer det, bryt med våre retningslinjer, og må vente seg disiplinærstraffer, sa han. Utan å gå nærmare inn på kva slags straffer det kan bli snakk om.

Tiger Woods sa nei til gigantisk tilbod

Toppspelarar som Dustin Johnson, Sergio Garcia og Kevin Na har allereie meldt seg ut av PGA og satsar på den nye ligaen. Også veteranen Phil Mickelson har etter lang vingling bestemt seg for å vere med i Liv. Og dagen før første turnering, kom også meldinga om at Patrick Reed og Bryson DeChambeau blir med neste gong.

Der PGA-turneringa i Canada i helga «berre» har ein premiesum på 8,7 millionar dollar, smeller arabarane samstundes 25 millionar dollar i bordet på Liv-tourens første turnering.

Der skal mellom andre stjernene Rory McIlroy og Justin Thomas starte. Dei kalla Liv-touren for «ei skam» dagen før oppstarten.

– Det er noko heilt nytt som blir innført med denne turneringa. PGA har alltid hatt som prinsipp at du skal gjere deg fortent til pengane. Spelar du godt, tener du godt. Spelar du dårleg og ikkje får premie, reiser du tomhendt heim, seier Andersen til NRK.

Han siktar til pengesummane Liv har brukt for å lokke til seg stjernene. Dustin Johnson var den første stjerna som melde overgang. Rapportane fortel at det fekk han 125 millionar dollar, meir enn det Tiger Woods har spela inn i premiepengar i heile sin karriere. Og det før han har slått ut ein einaste ball på den nye touren.

Woods skal også ha blitt prøvd lokka med endå villare beløp. Men han har sagt nei.

– Vi vet alle kvifor mange spelar i London denne veka, sa golfstjerna Rory McIlroy ifølge BBC om arrangementet.

– Det er store summar og er pengar de får på førehand. Eg skjønner det, for nokon er det veldig freistande, fortsette han.

– Sportsvasking i ein skala verda ikkje har sett før

Greg Norman, Liv Golf

BAKMANNEN: Greg Norman sa allereie på 80-talet at han kunne spele der han ville. No er han sentral i den saudiarabiske ligaen

Foto: PAUL CHILDS / Reuters

Mange kallar det som skjer for sportsvasking. Det er Andersen samd i.

– Det er sportsvasking i ein skala verda ikkje har sett før, når eit regime med slike forhold til menneskerettar tek kontroll over ein heil idrett, meiner Andersen. – All sport er til sals. Likevel er sportsvaskinga komen så langt at det nesten ikkje blir snakka om lenger.

NRK har fleire gonger vore i kontakt med den saudiarabiske ambassaden om denne saka. Ambassaden bad om å få spørsmåla over e-post, men dei har ikkje svart.

Om det blir hardt mot hardt og utestenging, kan «avhopparane» miste prestisjefylte turneringar som framtidige majors og Ryder Cup.

USAs golfforbund sa rett nok tysdag at dei vil tillate Liv-deltakarar å starte i US Open, skriv golfdigest.com.

– Det kan dei, fordi kvar av dei fire major-turneringane er eigne arrangement styrt av organisasjonar som tar sine eigne avgjerder, seier Andersen.

Ryder Cup kan bli verre. Det er også eit høgdepunkt for spelarane.

– Det var ei vanskeleg avgjerd. Alle ting kan endre seg, og forhåpentleg vil det gjere det slik at vi kan delta. Ryder Cup er utruleg, og noko som har betydd veldig mykje for meg. Forhåpentleg får eg sjansen til å representere landet mitt igjen, sa Johnson.

Greg Norman pådrivar

Den gamle meister Greg Norman er ein av pådrivarane bak den arabiske ligaen.

Han har i fleire tiår jobba for å etablere ein utbrytarliga frå PGA. Det har han gjort sidan han blei bannlyst for å ha spela golf i Sør-Afrika under apartheid-regimet der på 80-talet.

– Eg er profesjonell golfspelar og spelar der eg vil, sa han då.

No truar han med rettslege steg mot PGA dersom dei stengjer Liv-deltakarane ute.

Phil Mickelson

VINGLA: Phil Mickelsons namn var det første som lak ut i vinter. Han trekte seg frå golfen etter spetakkelet som oppstod, men er no tilbake i den arabiske ligaen

Foto: Denis Poroy / AP

Reaksjonane let ikkje vente på seg då det blei kjent at den tidlegare verdseinaren Dustin Johnson er blant dei som har meldt overgang frå tradisjonelle PGA-touren til den nye og enormt pengesterke arabiske Liv Golf Invitational Series. Johnson vil spele alle åtte stemna i touren i år.

I februar tok han sterk avstand frå den nye golfserien og sa han ville vere tru mot PGA.

– Eg veit at det har vore spekulasjonar om meg og den nye golf-touren. Derfor er det på tide å slå fast at eg er fullt ut engasjert i PGA-touren, sa Johnson til Sky Sports. Då.

Han har hatt den kanadiske banken RBC som hovudsponsor sidan 2018, men banken bryt no sponsoratet. Også fleire av dei andre avhopparane risikerer å miste sponsorane.

Tom Erik Andersen trur fleire kan kome til å hoppe over.

– For kvar ny som melder overgang, blir det lettare for andre å gjere det etterpå. I denne turneringa blir det «prøvehopparar». Eg trur fleire har late vore å melde overgang enno, fordi dei ikkje ønskjer å få vanskelege spørsmål, slike fleire fekk på pressekonferansen før den første turneringa, seier han.

Andersen vedgår at han er pessimistisk, og fryktar at dei beste kan bli splitta. At dei beste ikkje lenger vil møtest i dei same turneringane.

– Då er det mykje som forsvinn. 100–150 år med golfhistorie blir borte, og det er trist.

Amnesty International har stempla turneringa som sportsvasking, og PGA vil nekte start for dei som deltar i den nye ligaen. Amerikansk etterretning har slått fast at mannen som de facto står bak den nye ligaen, er kronprins Mohammed bin Salman, den same som godkjende mordet på den Saudi-kritiske journalisten Jamal Khashoggi i konsulatet i Istanbul.

PGA Championship Golf

SA NEI: Tiger Woods sa nei til ein milliard dollar for å spele i den nye ligaen

Foto: Eric Gay / AP

– Vi er golfarar, ikkje politikarar

På ein pressekonferanse med Liv-spelarane denne veka, fekk dei spørsmål om dei reflekterer over saudiarabiske brot på menneskerettane. Det ville dei helst ikkje svare på.

– Vi er profesjonelle golfspelarar, ikkje politikarar. Dersom Saudi-Arabia ønskjer å bruke golf som ein måte å kome dit dei ønskjer å vere, og har ressursar til det, er det noko vi slak vere stolte av å hjelpe dei til, sa Graeme McDowell.

På pressekonferansen blei elles ein reporter frå Associated Press vist bort fordi han ikkje var høfleg nok i spørsmålsstillinga si.

Fire av dei 50 høgast rangerte spelarane i verda, og 16 av dei 100 beste, er med i det 48 mann sterke feltet som stiller i London.

Norske Viktor Hovland er ikkje blant dei. Han har tidlegare sagt at han i utgangspunktet vil spele i PGA-touren, men kan ta det opp til ny vurdering dersom mange av dei beste melder overgang.

– Så langt er det så vidt eg veit det einaste Viktor har uttalt. Dermed har han også sagt at han iallfall førebels blir på PGA-touren, seier Tom Erik Andersen.

Siste nytt

  • Børven skadd før serieåpningen

    Odd-spissen Torgeir Børven fikk en smell i lysken på trening skjærtorsdag og går trolig glipp av eliteseriestarten hjemme mot Haugesund, melder Varden.

    Børven var ikke å se på Odds treningsfelt fredag. Kampen mot Haugesund spilles 1. påskedag, og spissen har fortsatt en liten hevelse i lysken, skriver Varden.

    – Torgeir er ikke bra nok til å trene i dag. Men det er for tidlig å si hvor lang tid dette vil ta. Vi tar dag for dag. Torgeir gikk av i går for ikke å ta noen sjanser, sier trener Kenneth Dokken til avisen.

    (NTB)

    Portrett av Odds Torgeir Børven fotografert på Skagerak Arena
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Dobbel punktering for Solberg i Kenya

    Oliver Solberg havnet i ordentlig trøbbel under fredagens formiddagsøkt i Rally Kenya. Både på den tredje og den fjerde fartsprøven punkterte 22-åringen.

    Dermed er han mer enn sju minutter bak teten i det totale sammendraget, mens det opp til lederen i WRC2-klassen skiller rett i underkant av fire minutter.

    Etter solid kjøring på fredagens første fartsprøve gikk det galt tidlig på den andre. Et dekkskifte kostet 22-åringen nær to minutter.

    – Vi kjørte rent, men disse tingene kan skje når terrenget er så krevende, skrev Solberg på X.

    En drøy time senere punkterte Solberg og makkeren Elliott Edmondson igjen, og nesten fire nye minutter gikk tapt.

    – Fartsprøve nummer fire brakte med seg samme uflaks som den tredje. Vi har ikke marginene på vår side, men alt kan skje i dette rallyet. Herfra og ut er det fullt trykk på pedalen, skriver 22-åringen.

    (NTB)

    OU7SVdPdOTc
    Foto: AFP
  • Dimitrov feide Alcaraz ut av Miami Open

    Grigor Dimitrov sto for kvartfinalenes overraskelse da han slo førsteseedede Carlos Alcaraz i strake sett i Miami Open.

    Den 11.-seedede bulgareren vant 6-2, 6-4 og satte opp et semifinalemøte med den solide tyskeren Alexander Zverev.

    I den andre semifinalen skal Daniil Medvedev og Jannik Sinner opp mot hverandre.

    (NTB)

    YNP63FKdBtg
    Foto: AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal