Hopp til innhold

Set rekord – deltek i sitt 7. vinter-OL

Dei var berre tenåringar då dei slo gjennom, og no har dei passert 40 år. Likevel er både Noriaki Kasai og Albert Demtsjenko medaljekandidatar i Sotsji-OL.

Noriaki Kasai Albert Demtsjenko

Mange utøvarar har vore med i seks vinter-OL. Noriaki Kasai og Albert Demtsjenko vil med si deltaking i Sotsji stå aleine med sju.

Foto: Kerstin Joensson, Jens-Ulrich Koch / Scanpix/Ap/Afp

Sidan OL i Albertville i 1992, har den japanske skihopparen Noriaki Kasai og den russiske akaren Albert Demtsjenko delteke i vinter-OL. I Sotsji er begge medaljekandidatar i sine øvingar.

  • Nedst i artikkelen kan du sjå oversikt over utøvarane med flest vinter-OL

– Kasai er ein av favorittane til å ta medalje som 41-åring. Det er imponerande, seier hoppkommentator i NRK, Arne Scheie, og legg til:

– Det er hyggjeleg at Kasai framleis er med – det syner kontinuitet i hoppsporten. I Japan er hopparane tilsett av firma, noko som gjer at dei kan halda på lenge.

– Betre enn på lenge

Noriaki Kasai

Noriaki Kasai håpar å ta sin fyrste individuelle OL-medalje.

Foto: DIMITAR DILKOFF / Afp

Japanaren er den eldste verdscupvinnaren i hopp, og har utfordra pallen i kvart einaste renn denne sesongen.

– Han er betre enn på lenge. Det vil vera fantastisk moro om han tek medalje i OL, seier Scheie, som meiner hoppinga er meir open enn nokon gong.

Denne sesongen har det vore 14 ulike verdscupvinnarar på 20 renn.

Kasai var distanseløpar

Kasai starta hoppinga i ein alder av ni år. Han har uttala at ingen i familien hans er særleg atletiske. Då han var yngre, var han distanseløpar. Som junior kan han visa til ei tid på 10.000-meteren på 37 minutt.

I førebuinga til OL vart han spurd kvifor han framleis er med. Svaret var kort.

– Fordi eg ikkje har vunne gull enno.

Hans beste individuelle resultat i OL er femteplassen i normalbakken i Albertville i 1992 og åttandeplassen i storbakken i Vancouver i 2010.

Skulle japanaren med kallenamnet «Kamikaze» ta medalje i Sotsji, vert han den eldste skihopparen i OL-historia som gjer det. Per i dag er det faktisk ein nordmann som innehar den rekorden. Birger Ruud var 36 år og 168 dagar gamal då han tok sølv i storbakken i St. Moritz i 1948.

Om nokon trur Sotsji er 41-åringen sitt siste OL – uansett korleis det går – må ein tru om att.

– Eg kjem til å gå for eit åttande OL. Leikane i Pyeongchang i 2018 er i Sør-Korea og eg har lyst å invitera familien min. Sjølv om eg har vore med i mange OL, har eg aldri invitert dei. Eg håpar eg er gift, og kanskje kan eg syna barna mine, sa Kasai nyleg i eit intervju med Japan Times.

Starta med aking fordi han var rastlaus

Albert Demtsjenko

Albert Demtsjenko tok sølv under OL i Torino i 2006. Fyrstkomande sundag håpar veteranen å ta ei ny medalje, denne gong på heimebane.

Foto: FABRIZIO BENSCH / REUTERS

Demtsjenko starta sin profesjonelle karriere i aking då han var 13 år. Han har òg prøvd bob og skeleton, men utan å satsa.

– Eg har berre hender og hovud, ikkje raske bein, har han uttala.

Russaren vaks opp i ein liten by i Uralfjella, ein region på grensa til Vest-Sibir. Medan naboborna gjekk på ski, prioriterte Demtsjenko aking.

– Eg vaks opp i ein stor familie og var rastlaus. Då eg starta med idrett, klarte eg å koma meg vekk frå gata. Foreldra mine var glad for at eg alltid var under oppsyn av vaksne. Dei er stolte av meg, fortalde Demtsjenko i eit intervju med Voice of Russia i forkant av sesongen.

– Dei veit kva dei driv med

– Den indre motivasjonen er heilt klart avgjerande for at Demtsjenko framleis er med. I tillegg er mange akarar profesjonelle, og har sporten som jobb. Det gjer at dei kan halda på lenge, seier president i Norges ake-, bob- og skeletonforbund, Harald Rolfsen.

Rolfsen er tidlegare akar og mangeårig noregsmeister. Han meiner Demtsjenko er den største utfordraren til tyske Felix Loch, som tok OL-gullet i Vancouver for fire år sidan.

– Han kan vinna, men då må han køyra perfekt. Både Demtsjenko og Zöggeler (Armin, journ. anm.) har ein dårleg start, men resten har dei inne. Starten her i Sotsji er ganske bratt, så dei tapar ikkje så mykje.

Dei eldste akarane har mykje erfaring frå dei ulike banane, og køyrer færre turar.

– Dei veit kva dei driv med og har rutinen, understrekar Rolfsen som er på plass i Sotsji.

I motsetnad til Kasai, har Demtsjenko ein individuell OL-medalje på si merittliste. Den kom i Torino då han tok sølv. Veteranen legg opp etter OL, men ynskjer å halda fram som trenar. Han har ei dotter som òg driv aking. Viktoria (18) tok nyleg sølv i junior-EM.

18 utøvarar har delteke i seks vinter-OL. Kasai og Demtsjenko passerer desse under Sotsji-OL.

NB! Tala gjeld før Sotsji startar. Ole Einar Bjørndalen, finnane Janne Ahonen (hopp) og Teemu Selänne (ishockey), amerikanske Todd Lodwick (kombinert), austerrikske Mario Stecher (kombinert), tyske Claudia Pechstein (skøyter) og den italienske medaljegrossisten Armin Zöggeler (aking), vil med si deltaking i Sotsji også ha vore med i seks vinter-OL.

Flest vinter-OL

UTØVAR

NASJON

IDRETT

OL-DELTAKINGAR

TAL

Noriaki Kasai

Japan

Hopp

1992/94/98/02/06/10

6

Albert Demtsjenko

Samveldet av uavhengige stater, Russland

Aking

1992/94/98/02/06/10

6

Carl-Erik Eriksson

Sverige

Bob

1964/68/72/76/80/84

6

Colin Coates

Australia

Skøyter

1968/72/76/80/84/88

6

Alfred Eder

Austerrike

Skiskyting

1976/80/84/88/92/94

6

Jochen Behle

Vest-Tyskland, Tyskland

Langrenn

1980/84/88/92/94/98

6

Harri Kiervesniemi

Finland

Langrenn

1980/84/88/92/94/98

6

Mike Dixon

Storbritannia

Skiskyting, langrenn

1984/88/92/94/98/02

6

Raimo Helminen

Finland

Ishockey

1984/88/92/94/98/02

6

Markus Prock

Austerrike

Aking

1984/88/92/94/98/02

6

Sergej Tsjepikov

Sovjetunionen, Samveldet av uavhengige stater, Russland

Skiskyting, langrenn

1988/92/94/98/02/06

6

Georg Hackl

Vest-Tyskland, Tyskland

Aking

1988/92/94/98/02/06

6

Wilfried Huber

Italia

Aking

1988/92/94/98/02/06

6

Ilmars Bricis

Latvia

Skiskyting

1992/94/98/02/06/10

6

Marco Büchel

Liechtenstein

Alpin

1992/94/98/02/06/10

6

Andrus Veerpalu

Estland

Langrenn

1992/94/98/02/06/10

6

Marja-Liisa Kirvesniemi-Hämäläinen

Finland

Langrenn

1976/80/84/88/92/94

6

Emese Nemeth-Hunyady

Austerrike, Ungarn

Skøyter

1984/88/92/94/98/02

6

Gerda Weissensteiner

Italia

Bob, aking

1988/92/94/98/02/06

6

Anna Orlova

Latvia

Aking

1992/94/98/02/06/10

6

Ekspander/minimer faktaboks

Kjelde: OlympStats og Infostrada

Siste nytt

  • Landslagsspiller klar for finsk ishockey: – Enkelt valg

    Den norske landslagsspilleren Christian Kåsastul har skrevet under en kontrakt med den finske ishockeyklubben KooKoo.

    27-åringen bekrefter overgangen til TV 2.

    – Det var et enkelt valg. Jeg ville tilbake til Finland. Det er en topp liga i Europa. Det er fokus på struktur og det defensive spillet, og det passer meg godt, sier Christian Kåsastul til TV 2.

    FID276OpxVg
    Foto: NTB
  • Store endringer på kombinertlandslaget: Fra 13 til seks utøvere

    I vinter var det ni menn og fire kvinner på kombinertlandslaget. Til neste sesong slås de to lagene sammen til ett, samtidig som det kuttes drastisk.

    – Vi ønsker å spisse satsingen enda mer mot et VM på hjemmebane neste år og optimalisere satsingen mot de aller, aller beste, sier sportssjef Ivar Stuan til NRK.

    De seks utøverne som blir en del av Elite A-landslaget er: Jørgen Graabak, Ida Marie Hagen, Gyda Westvold Hansen, Mari Leinan Lund, Jens Lurås Oftebro og Jarl Magnus Riiber.

    Samtidig har ledelsen opprettet et B-landslag. Der er det én kvinne og syv menn. Blant dem flere som har medaljer og gull fra VM og OL.

    B-laget består av: Marte Leinan Lund, Espen Andersen, Espen Bjørnstad, Kasper Moen Flatla, Einar Lurås Oftebro, Aleksander Skoglund, Andreas Skoglund og Simen Tiller.

    – Vi legger også til rette for de nest beste, men de vil trene mye mer lokalt med sine regionale team, sier sportssjef Stuan om utøverne på Elite B-laget.

    Ifølge Stuan handler kuttet i antall på A-laget først og fremst om optimalisering, men også noe økonomi.

    Neste år er det VM på hjemmebane i Trondheim.

    Kombinert
    Foto: NTB
  • VG: VM endte med millionunderskudd for Norges Håndballforbund

    Den norske delen av VM i håndball gikk over én million kroner i underskudd. Medarrangørene Danmark og Sverige fikk bedre økonomiske resultater.

    Norges håndballpresident Kåre Geir Lio opplyser om underskuddet til VG. Håndballmesterskapet for kvinner ble avholdt i november og desember 2023.

    Ifølge Lio fikk Danmark et overskudd på seks millioner kroner, mens svenskene gikk omtrent i null. Det økonomiske tapet skal likevel ikke være en sperre for mesterskap i Norge i framtiden.

    – Vi må være modige og tørre, sier Lio til avisen.

    Norge arrangerte totalt 23 VM-kamper i gruppespillet, hovedrunden og kvartfinaler. Det var totalt 36.870 tilskuere på kampene til de norske håndballjentene. Mesterskapet endte med VM-sølv for Norge.

    Neste år er Norge vertskap sammen med Danmark og Kroatia når håndball-VM for menn arrangeres. (NTB)

    cLJZ5U40J_M
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal