Roger Federer tapte – «super-semien» avlyst

Dei gamle rivalane Roger Federer og Rafael Nadal møtest ikkje i US Open i år heller. Det sytte Juan Martin del Potro for.

Roger Federer og Juan Martin del Potro

TAKK FOR KAMPEN: Roger Federer takkar Juan Martin del Potro og må innsjå at han verken tar sin 20. Grand Slam-tittel eller får møte Rafael Nadal for første gong i US Open

Foto: DON EMMERT / AFP

Dei to mangeårige tennisprofilane har møtt kvarandre mange gonger, men aldri i US Open. Det skulle dei gjere i semifinalen i år.

Det var iallfall planen.

Men det var før kvartfinalen mellom Federer og del Potro i natt. Argentinske del Potro vann 7-5, 3-6, 7–6 (10/8), 6–4 framfor nesten 24.000 tilskodarar på eit utselt Arthur Ashe stadion, og det blir han som får møte Nadal i semifinalen.

Kampen varte i 2 timar og 50 minutt.

Frykta servane

 Juan Martin del Potro

SKAL MØTE NADAL: Juan Martin del Potro slo Roger Federer og er klar for semifinalen

Foto: Kathy Willens / AP

Før kampen sa Federer at han frykta del Potros servar. Og det hadde han god grunn til, viste det seg.

– Eg serva godt, og brukte min forehand så godt eg kunne, og meiner eg fortente å vinne, sa del Potro. Han vann US Open for åtte år sidan mot nettopp Federer i finalen.

Men argentinaren er berre rangert som nummer 24 i årets turnering.

No frir han til publikum før semifinalen.

– Eg kjenner dette som mi heimebane. De får meg til å kjenne meg glad her, og eg elskar støtta. Eg håpar de jublar for meg i semifinalen også, sa han i sigersintervjuet på stadion rett etter kampen.

– Kampen var min beste i turneringa i år, seier han.

– Heldig i tredje sett

Berre i andre sett var Federer klart best. Det tredje stod og vippa lenge, og del Potro avverja fire settballar før han sjølv avgjorde.

– Der var eg nok litt heldig, vedgjekk argentinaren.

For 36 år gamle Roger Federer betydde tapet også at han må vente enno ei stund på sjansen til å vinne si Grand Slam-turnering nummer 20. Han mista også sjansen til å gå gjennom årets Grand Slam-turneringar utan tap (han stilte ikkje i French Open).

– Det tenkte eg ikkje på. Eg slit enno med å forstå kva som skjedde under kampen, sa Federer.

– Eg trur ikkje eg spela dårleg. Men han spela betre og fortente å vinne, sa Federer, som gjorde 41 upressa feil i kampen.

Vond rygg

Han trudde heller ikkje tapet i det jamne tredjesettet var avgjerande.

– Eg missa for mange ballar i dag, forklarte han.

Roger Federer har vunne både Australian Open og Wimbledon tidlegare i år. Men før US Open har han slite med vond rygg.

Han måtte gjennom fem sett både i første og andre runde.

– Eg er ute av turneringa fordi eg ikkje var god nok verken mentalt eller fysisk, sa Roger Federer.

Siste nytt

  • Elverum og Halden i NM-finalen

    Elverum er klar for NM-finalen i håndball for menn etter 37-26 over Bækkelaget i onsdagens semifinale. Lukas Sandell ble mestscorende for Elverum med sju fulltreffere. Halden blir motstander i finalen i Oslo Spektrum 29. desember.

    apelgren
    Foto: Geir Olsen / NTB scanpix
  • Dropper omstridt aldersgrense

    Linda Hofstad Helleland er innstilt som kandidat for å bli WADA-president, men har fått mye motgang allerede før valget. Den 5. november kom det et forslag fra den Afrikanske unionen om at en president må være 45 år, og ha mastergrad, noe Helleland ikke oppfyller. Mange tolket dette som et forsøk på å holde Helleland utenfor diskusjonen om å kunne bli president.

    Dopingjournalist i ARD, Nick Butler, forteller i kveld på Twitter at det forslaget ikke vil bli inkludert som et krav og at det blir avfeid som et tåpelig forslag.

    Laster Twitter-innhold
  • Sagosen vant «norsk duell»

    Sander Sagosen scoret tre mål da Paris Saint-Germain vant 27-20 borte mot Flensburg-Handewitt i mesterliga-gruppespillet i håndball. Gøran Søgard Johannessen, Magnus Jøndal og Torbjørn Bergerud var alle i aksjon for tyske Flensburg.

    Sander Sagosen
    Foto: Patrik Stollarz / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
NRK Sport Live
NRK Sport Live
NRK Sport Live
VM sjakk: Parti 5: Magnus Carlsen - Fabiano Caruana
VM sjakk: Parti 5
Sport i dag: VM sjakk 2018