– Vi vil ha flyt no. Vi vil vinne så mange kampar som mogleg. Eg trur laget er i stand til å vinne ti kampar på rad, seier ein svært optimistisk Deila til The Sun.
Kritikken har hagla mot Ronny Deilas Celtic for kvart nye nederlag i sesongstarten.
Fire uavgjort og to tap på dei sju siste kampane før ligacuptriumfen over Hearts onsdag seier sitt. Presset har vore formidabelt på nordmannen, spelarane og det nye systemet dei har prøva og feila i.
– Spelte som eg ønska
No meiner Deila at det bare er eit tidsspørsmål før Celtic slår ut i full blomst. Læremeisteren frå Telemark ser at laget no speler meir som han vil.
– Eg følte meg komfortabel mot Hearts. Eg følte at laget spelte som eg ønska. Det er sånn eg ønskar å sjå laget mitt spele. Sjølvsagt kan vi gjøre mange ting betre, men strukturen defensivt er betre og no veit vi at det er vanskeleg for alle lag å slål oss, seier han.
Mange skader
Det eneste minuset for Deila er skadelista. Verken Mikael Lustig, Adam Matthews eller James Forrest er venta å kunne spele ligakampen kommande helg. Det samme gjeld kaptein Charlie Mulgrew.
Skadene har tvunge den norske Celtic-sjefen til å endre mykje på lagoppstillingane i sesonginnleiinga.
Då laget tapte 0-1 for Inverness i slutten av august hadde for eksempel Deila gjort ti endringer fra førre kamp. Til kampen mot Motherwell sist helg, der Celtic også ga bort poeng (1-1), kom seks nye spelarar på banen.
– Det er for mykje, men dette er ikkje noko vi har ønska å gjøre. Det var rett og slett noko vi måtte gjøre, seier Deila ifølgje teamtalk.com.