Deila ut mot kampoppsettet: – Heilt håplaust

Vålerenga måtte spele midt mellom to avgjerande VM-kampar. Det får trenar Ronny Deila til å reagere.

Eliteserien fotball 2018: Vålerenga-Stabæk

KRITISK: Vålerenga-trenar Ronny Deila synest det er meiningslaust at laget hans må spele mellom to interessante VM-kampar.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er heilt håplaust. Vi skulle sjølvsagt ha spelt fredag, då det var pause i VM, seier Deila til NRK.

Vålerenga sin heimekamp mot Bodø/Glimt starta nemleg klokka 18.00. Det vil seie få minutt etter at åttandedelsfinalen i VM mellom Argentina og Frankrike var over. Klokka 20.00 starta oppgjeret mellom Portugal og Uruguay.

SOCCER-WORLDCUP-FRA-ARG/

Kylian Mbappé og Frankrike vann 4–3 mot Argentina.

Foto: MICHAEL DALDER / Reuters

– Dessutan var det konsert i byen i dag (Eminem), i tillegg til ulike festivalar. Det hadde kome mange fleire på stadion om kampen hadde gått fredag, men vi får vere glade for dei som kom, seier Vålerenga-trenaren.

Og legg til at «vi må lære til neste gong».

Glimt slo tilbake

Offisielt var det 7872 tilskodarar innom dørene på Intility Arena, men dette inkluderer også unytta billettar og sesongkort.

Uansett, dei som var til stades fekk sjå ein interessant fotballkamp. Amor Layouni sende Bodø/Glimt i leiinga etter 21 minutt, før Magnus Lekven utlikna åtte minutt seinare.

Ti minutt ut i andre omgang sende Felix Horn Myhre heimelaget tilbake i føringa, men seks minutt før slutt sørgja Martin Bjørnbak for at kampen enda 2–2.

– Vi skulle sjølvsagt helst ha hatt tre poeng, men vi skal seie oss godt nøgde med det eine vi fekk. Når det er sagt var sjansestatistikken ganske lik, seier Bjørnbak til NRK.

– Trist og unødvendig

Bodø/Glimt spelte sin tredje strake uavgjorte kamp. Poenga kan bli viktige i kampen for å halde seg oppe på øvste nivå.

Vålerenga burde helst hatt tre poeng for å henge med i medaljekampen.

– Det er både trist og unødvendig at vi taper to poeng i dag. Vi hadde full kontroll på 2–1. Men så spelte vi for mykje på tvers og bakover i staden for å prøve å få 3-1, seier Ronny Deila.

Trenaren får støtte frå Magnus Lekven.

– Vi leia 2-1. Dette burde vi ha drege i land, meiner målscoraren.

Eliteserien fotball 2018: Vålerenga - Bodø/Glimt

For Bodø/Glimt gjorde det godt å få med seg eitt poeng heim frå Oslo. Her er det Ulrik Saltnes som får eit velfortent kyss med kjærasten etter kampslutt.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix
Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Inter framleis utan poengtap

    Inter tok sin fjerde siger av fire mogelege med 2-0 mot byrival Milan. Marcelo Brozovic og Romelu Lukaku scora i andre omgang. Det er Lukakus tredje mål i Serie A etter overgangen frå Manchester United.

    Inter leier framfor Juventus, som slo Hellas Verona 2-1. Milan er nummer 9.

    Romelu Lukaku
    Foto: Marco Bertorello / AFP
  • Fortvilar etter nytt Barcelona-tap

    Barcelona gjekk på sitt andre tap på dei første fem rundane då Granada vann 2-0 laurdag kveld. Ramon Azez scora etter to minutt, og Alvaro Vadillo dobla på straffe etter 66 minutt.

    Barcelona starta utan Lionel Messi, som kom inn frå start i andre omgang.

    Lionel Messi
    Foto: Marcelo Del Pozo / Reuters
  • Mållaust i Bergen

    Brann hadde ballen klart mest i Bergen mot Haugesund, men det enda med 0-0 framfor 10.000 nokså misnøgde bergensarar.

    Brann hadde klart overtak før pause, men Haugesund var betre med i andre omgang.

    – Siger til oss i dag hadde vore eit ran, sa Haugesunds trenar Jostein Grindhaug til Eurosport.

    – Vi var overraskande bra før pause, og burde hatt mål. Etter pause får vi ikkje i stand same trykketMen vi har eit nykomponert lag og blei slitne mot slutten, seier Brann-trenar Lars Arne Nilsen til NRK.

    Nilsen snakka med supporterane etter kampen.

    – Eg trur dei forstår at vi har det vanskeleg. Vi må tenkje nytt og mobilisere det vi har. Vi skulle hatt fleire tilgjengelege, men med 5-6 ute er det vanskeleg.

    – Høyrde du ikkje pipinga då de gjekk av bana?

    – Eg er tunghøyrd. Men eg trur publikum forstår at spelarane blødde for drakta og gjorde det dei kunne i dag. Det er frustrerande å ikkje vinne, seier Nilsen, som skal ta laget sitt til Rosenborg på Lerkendal neste helg.

    Lars Arne Nilsen
    Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal