Deila avviser at han er Vålerenga-klar

Ronny Deila seier han har ein god dialog med Vålerenga, men nektar for at han har avtale klar.

Deila

VIL BESTEMME SEG RASKT: Ronny Deila vil avgjere raskt om han har ei framtid i Vålerenga.

Foto: Graham Stuart / Reuters

Etter at Erik Espeseth gav seg i Strømsgodset og det etter kvart viste seg at han var klar for Våleranga, byrja rykta å svirre om at Ronny Deila var på veg til samme stad. TV 2 erfarte i går at han allereie var klar frå og med 1. januar, men det avviser den tidlegare Strømsgodset- og Celtic-trenaren.

– Alle skjønner jo at me har ein dialog, og den er god. Men det er ikkje slik at eg alt har sagt ja til å trene Vålerenga frå januar, seier Deila.

Uansett verkar det som store endringar er på veg i Oslo-klubben. Deila vil avgjere raskt om han er ein del av dei endringane.

– Eg må ta ei avgjerd ganske raskt, kanskje denne veka. No smeller det. Det ser du jo på alle telefonane.

Hastar ikkje

Det er i eit intervju i avisa Varden i dag at Deila snakkar om tida etter at han forlét Celtic, og at han ikkje har hastverk med å komme seg i ny jobb.

Deila og Rekdal

KAN OVERTA: Ronny Deila er den største favoritten til å overta jobben frå noverande trenar i Vålerenga, Kjetil Rekdal.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Eg er sugen på å begynne å jobbe igjen, men eg har også lyst til å bruke eit halvår på å hente nye impulsar og liknande.

Han ser også etter kontinuitet i den nye jobben, og vil finne ei avtale heile familien kan trivast med.

– Eg ser for meg ein fireårsavtale i min neste klubb, sidan tvillingdøtrene mine er 16 år og når dei er 20 er det lettare for meg å flytte på meg igjen.

Siste nytt

  • Mathis Bolly klar for Molde

    Den hurtige 20-åringen gjør comeback i norsk fotball og skal spille for Molde den kommende sesongen. Den tidligere Lillestrøm-spilleren har vært klubbløs siden kontrakten hans med tyske Greuther Fürth gikk ut i fjor sommer.

    Bolly.
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix
  • Argentinsk motstander for Ruud

    Casper Ruud skal møte argentinske Carlos Berloq i sin 1.-rundekamp i ATP-turneringen i Rio de Janeiro. Kampen starter klokken 17 norsk tid tirsdag.

    ruud
    Foto: Daniel Bockwoldt / AFP
  • Klinsmann fikk 29 millioner

    Tyske Jürgen Klinsmann fikk et sluttvederlag på 29 millioner kroner etter at han fikk sparken som amerikansk landslagssjef, viser tall fra amerikanske skattemyndigheter. Det var i november 2016 at Klinsmann måtte gå etter at USA tapte for Costa Rica i VM-kvalifiseringen.

    Jürgen Klinsmann
    Foto: STRINGER / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal