Hopp til innhold

Misforstod reglane - kulestøytaren måtte springe 100 meter i VM

– Eg trur folk likar å heie på folk som er akkurat som folk flest, seier Trevor Misipeka. Han er ein av idrettsutøvarane som har hamna heilt nedst på resultatlistene, men som likevel har vunne publikum.

4NiVXJV7iYQ

Som oftast handlar toppidrett om å vinne, men ikkje alltid. Fleire gonger har dei som kjem lengst ned på listene fått mykje merksemd. Her er det kulestøytaren Sogelau Tuvalu som måtte legge frå seg kula og springe 100 meter i friidretts-VM.

Foto: ANTONIN THUILLIER

Bobkøyrarar frå Jamaica, akaren frå Venezuela, og ikkje minst skihopparen Eddie «The Eagle» frå England. Det er mange som har forsøkt seg i verdstoppen i ulike idrettar utan særleg sportsleg suksess, men som likevel har blitt publikumsfavorittar. Dette er historia til fire av dei.

Langrennsløpar eller narkosmuglar?

At ein venezuelanar skulle delta i ski-VM var så vanskeleg å tru på at tryggingspersonellet på flyplassen i Paris lét Adrian Solano sitte fem døgn på flyplassen før han vart returnert til Venezuela. Dei trudde han var narkotikasmuglar eller berre var ute etter opphaldsløyve i Europa.

Men det var faktisk ski-VM i Lahti Solano var på veg til.

– Han hadde berre 20 euro i kontantar med seg, og ingen kreditt- eller bankkort. Det vekka mistanke. Etter kvart forklarte han at han skulle gå ski-VM, men då berre lo dei og sa «Du kjem frå Venezuela, der er det ikkje eingong snø», fortalde lagkameraten César Beana til Expressen.

Solano

Ski-VM blei et tøft møte med nordisk vinter for Solano.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND

Ein finsk TV-kjendis høyre historia, og han sørga for å samle inn pengar nok til å få Solano til Lahti i tide.

Sjølve ski-VM vart ein ganske kort affære. På kvalifiseringa til ti kilometer klassisk gjekk han ut med startnummer ein, men etter fleire fall og ein brekt stav sa han seg nøgd etter fem kilometer.

Adrian Solano sjamerte mange da han forsøkte å kvalifisere seg til 15 kilometer klassisk under VM i Lahti. Her fra Helt Ramm - Lahtikrampe.

For Adrian Solano var det ei stor utfordring å forsere løypene i Finland. Han tenkte at nok fekk vere nok etter den første av to rundar. Her er det Robin Bryntesson og Nicolay Ramm som har lagt sin elsk på venezuelanaren i deira program Helt Ramm – Lahtikrampe.

Dagen etter forsøkte han å kvalifisere seg til sprinten. Han kom i mål ti minutt bak russiske Sergej Ustjugov, og over fem minutt bak lagkompis Donato Agostinelli som vart nest sist.

Tilbake i heimlandet gjorde Solano langrenn kjent for folk flest, og han fekk solid mediedekning både i Venezuela og internasjonalt. New York Times, som sjeldan skriv om langrenn, var blant mediehusa som skreiv om Solano.

«Skjelpadda Trevor»

4NiVXJV7iYQ

Sogelau Tuvalu sprang 100 meter under friidretts-VM i Daegu i 2011. Han er den nest mest kjente sprintaren frå Amerikansk Samoa, for ti år før var det Trevor Misipeka som sprang 100 meter, sjølv om han eigentleg kom til VM for å kaste kule.

Foto: ANTONIN THUILLIER

I 2001 reiste Trevor Misipeka frå Amerikansk Samoa til Edmonton i Canada for å kaste kule i VM i friidrett. Men friidrettsforbundet i Amerikansk Samoa hadde misforstått regelverket, og Misipeka kunne ikkje delta i kule. Men han kunne delta på 100 meter.

Så mens dei andre kulestøytarane starta sin konkurranse gjorde Misipeka seg klar til å gjere noko han aldri før hadde gjort. Han skulle sprinte, og i heatet var mellom andre Kim Collins som to år seinare vann VM-gull.

Med sine 133 kilo og mange treningstimar i kulestøyt var han godt førebudd til å støyte langt, men den kraftfulle kroppen var ikkje bygd for å springe.

– Mange folk er redde for å feile, og dermed finn dei aldri ut kva dei er kapable til å gjere. Eg visste at eg ikkje hadde trent for dette, og at eg ikkje kom til å vinne. Men det eg visste var at eg var opplært til å gjere mitt beste, og om eg gav alt eg hadde kunne eg vere stolt av meg sjølv, seier Misipeka til NRK.

Trevor Misipeka kom i mål på 14.28, langt bak dei andre, og fekk tilnamnet «Trevor The Tortoise» – altså «Skjelpadda Trevor». Han vart ein publikumsyndling.

– Eg trur folk elskar ei god historie. Dei heiar på «underdogs», og på heilt daglegdagse folk som er som folk flest. Eg håpar at eg med dette løpet inspirerte andre til å gje 100 prosent i livet sitt, uansett kva utfallet blir, seier Misipeka.

I dag bur han i USA der han har ei toppleiarstilling i ei gatekjøkkenkjede. Etter friidretts-VM la han både kula og piggskoa på hylla, og starta med amerikansk fotball.

Men for Amerikansk Samoa repeterte historia seg ti år seinare då Misipeka sin landsmann sprang endå saktare. 17 år gamle Sogelau Tuvalu var også han ein kulestøytar som stilte opp på 100 meter sprint i VM. Denne gongen i Daegu i Sør-Korea. Tida vart 15.66, og det var ny personleg rekord for 17 år gamle Tuvalu.

«Ålen Eric»

For noen er fortsatt det viktigste å delta. Eric Moussambani vant første heat som eneste uttøver på 100-meter fri.

Eric Moussambani kjem aldri til å gløyme den første gongen han svømte 100 meter så raskt han kunne. Millionar av menneske følgde med medan han svømte heilt åleine i bassenget.

Åtte månader etter at han lærte seg å svømme gjekk Eric Moussambani frå Ekvatorial Guinea inn i den olympiske svømmehallen i Sydney. Det var første gong han var i utlandet, og han hadde reist til Australia for å representere landet sitt på 100 meter fri – og han var veldig nervøs.

På sida av han står konkurrentane frå Niger og Tadsjikistan. Når dei to andre tjuvstartar og vert diskvalifisert innser Moussambani at han skal svømme heilt åleine, med alle kameralinser og publikums auge retta mot han.

– I hovudet mitt tenkte eg at eg måtte skunde meg og komme i mål, for eg visste at alle såg på meg. Eg var så svolten på å konkurrere, fortel Moussambani til Olympic Channel.

Men Moussambani hadde aldri svømt 100 meter i eit strekk før, og det å disponere kreftene hadde han gløymd i all nervøsiteten.

– Då eg var på den andre lengda og skulle tilbake igjen var eg så sliten at eg ikkje kjente beina mine lengre. Men då eg høyrde folk heie på meg fann eg fleire krefter.

Eric Moussambani

Det starta bra, men kreftene tok slutt halvvegs i OL-bassenget. Dei siste 50 metrane gjorde Eric Moussambani verdsberømt.

Foto: ANTONIO SCORZA

Og publikum heia som berre det på mannen frå Sentral-Afrika. TV-sjåarane kunne sjå ein mann som kjempa med seg sjølv for å halde seg flytande og kome seg til mål. Etter løpet vart han hengande over kanten av bassenget. Han hadde delteke i OL, gitt alt og gjort sitt aller beste. Han var stolt.

Moussambani brukte 40 sekund på dei første 50 metrane, og 1.12 på dei siste vonde metrane mot mål. Det høyrer med til historia at hans personlege rekord vart korta ned til 56,9 sekund fire år etterpå.

– Eg var så glad for at eg gjorde det. Tida var ikkje bra, men eg gjennomførte, seier Moussambani til Olympic Channel om dei 100 metrane i Sydney som gjorde han verdskjent.

Men ikkje alle var like nøgde. Presidenten i Ekvatorial Guinea har sagt at Moussambani var ei «nasjonal audmjuking» og tidlegare leiar av Den internasjonale olympiske komité, Jaques Rogge, tok til orde for å stramme inn på reglane for å unngår liknande hendingar som i Sydney i 2000.

I 2012 vart Moussambani landslagstrenar i Ekvatorial Guinea, men han har aldri klart å trene fram nokon som kan følge opp landets arv i det olympiske svømmebassenget.

Philip Boit

Video 4c040c94-8084-480e-9faf-c4e42ae2c0b2.jpg

Sjå reportasje om Philip Boit før hans aller siste renn i VM i Holmenkollen.

Ein som nok er meir kjent for mange nordmenn er kenyanaren Philip Boit. Då Bjørn Dæhlie vann 10 km klassisk under OL i Nagano i 1998 gjekk han ikkje til blomsterseremonien før Boit var i mål. Mannen med startnummer 97 vart teken i mot med jubel frå publikum og ein klapp på skuldra frå Bjørn Dæhlie.

Det vart starten på eit langt vennskap. Sonen til Boit har fått namnet Daehlie Boit, og under VM i Holmenkollen i 2011 var Philip Boit tilbake på start, med Dæhlie som sekundant. Det vart hans siste meisterskap, etter å ha representert Kenya i tre OL og fire ski-VM.

Q2ekPPBQ8aQ

Bjørn Dæhlie hadde gitt seg for lenge sidan, men Philip Boit var med også i VM i Holmenkollen, 13 år etter dei møttest for første gong i OL i Nagano.

Foto: Heiko Junge

Siste nytt

  • City herjet mot Brigthon - Foden hylles etter måldobbel

    Phil Foden storspilte og stjal showet da Manchester City vant 4-0 borte mot Brighton i Premier League.

    Etter storseieren uten Erling Braut Haaland skiller det bare ett poeng opp til serieleder Arsenal, som har én kamp mer spilt. Søndag gjester Pep Guardiolas menn Nottingham Forest.

    Oscar Bobb ble sittende på benken hele kampen.

    City fikk en fantastisk start på kampen da Kevin De Bruyne stanget et innlegg fra Kyle Walker rett i krysset etter bare 17 minutter.

    Ni minutter senere doblet Phil Foden gjestenes ledelse da han slo et frispark via muren og i mål.

    Briten var imidlertid ikke ferdig der. Med ti minutter igjen av omgangen satte han inn sitt andre etter at Brighton rotet det til i forsvar. Bernardo Silva snappet opp ballen og spilte den til City-juvelen, som banket inn 3-0-målet.

    Det var Fodens 50. Premier League-scoring, som fikk en legende til å logge seg på:

    – Er Phil Foden årets spiller? spurte tidenes toppscorer i Premier League, Alan Shearer, på X.

    Etter hvilen fortsatt City målfesten da Julian Alvarez banket inn returen på et skudd fra Walker.

    – Dette er ordentlig stygt for Brighton, men for et signal til resten av verden og Premier League, utbrøt Viaplay-kommentator Eivind Bisgaard Sundet.

    I forkant av målet ropte også vertene på straffe etter at Pascal Gross gikk i bakken i en duell med Rodri. Dommeren vinket imidlertid spillet videre.

    – Jo, dommer. Og jo, VAR. Det er klar og tydelig straffe til Brighton, skrev Viaplay-ekspert Lars Tjærnås på X.

    Det ble også det nærmeste Brighton kom et mål, og de må dermed se seg fornøyd med 11.-plass på tabellen.

    (NTB)

    Bpk8eLb85F0
    Foto: AP
  • Botheim matchvinner etter at «Tokki» mistet hodet

    Tokmac «Tokki» Nguen mistet de siste sju minuttene av storkampen mellom Djurgården og Malmö etter at han fikk rødt kort. Så ble Erik Botheim helten på overtid.

    – Det var en kjempetøff kamp med høy temperatur. Vi visste at det var marginer som ville avgjøre det, sa Botheim til Discovery og fortsatte:

    – Det er dritdeilig. Overtidsscoring borte mot Djurgården, får man noe deiligere enn det?

    Kampen tok fyr i sluttminuttene med en nordmann på hvert sitt lag i hovedrollene.

    I 82. spilleminutt på stillingen 0-0 var Nguen på vei gjennom, men ble stoppet av Malmö-forsvarer Derek Cornelius.

    Cornelius jublet hemningsløst over Nguen, som svarte med å løpe ned canadieren og fikk raskt det røde kortet.

    – Jeg spurte linjedommeren hvorfor jeg fikk rødt, og da sa han at jeg slo. Det er helt feil, sier Nguen ifølge TT og forklarer:

    – Det første instinktet var å jage ballen, men så sto han der. Han provoserte meg, og jeg gikk med på det.

    Det skulle vise seg å bli skjebnesvangert for vertene, for tre minutter på overtid stanget Botheim inn matchvinnerscoringen for Malmö. (NTB)

    Fotboll, Allsvenskan, Djurgården - Malmö FF
    Foto: BILDBYRÅN
  • Arne Slot: – Jeg vil til Liverpool

    Feyenoord-trener Arne Slot legger ikke skjul på ønske om å bli Jürgen Klopps etterfølger som Liverpool-manager.

    – Det er ingen hemmelighet at jeg vil til Liverpool, iser Slot til ESPN like før Feyenoords kamp mot Go Ahead Eagles torsdag kveld.

    – Feyenoord og Liverpool er i forhandlingssamtaler. Jeg venter på hva som kommer ut av det. Jeg er selvskikker, og venter på at klubbene skal komme til enighet, fortsetter Slot.

    Nederlenderen har de siste dagene blitt sterkt koblet til Liverpool-jobben når Klopp forsvinner etter sesongen.

    Den nederlandkse storavisen De Telegraaf har skrevet at Feyenoord kan kreve opptil 15 millioner euro for Slot, som har en kontrakt med klubben som går ut sommeren 2026.

    Liverpool-kaptein Virgil van Dijk har snakket varmt om landsmannen som en potensiel manager.

    – Jeg synes han spiller på en måte og med en sånn filosofi at han kunne vært Liverpool-manager. Vi får se. Neste år kan vi fokusere på det, sa van Dijk til nederlandske Viaplay onsdag.

    Arne Slot
    Foto: Russell Cheyne / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal