Hopp til innhold

Ny truseprotest hylles – regelendring på veg

Sandvolleyballdamene blir hylla av OL-heltane Anders Mol og Christian Sørum, og handballpresidenten fortel at ei regelendring rundt truseproblematikken truleg er rett rundt hjørnet.

Strandvolleyballdamene. Fra venstre: Emilie Olimstad, Ingrid Lunde, Ane Guro Hjortland, Sunniva Helland-Hansen.

PROTEST: Under EM i Wien gjennomførte sandvolleyballdamene ein protest for strandhandballdamene.

Foto: Privat

I sympati med strandhandballdamene, som under EM fekk ei bot på 15.000 for å stille til kamp i shorts heller enn truser, gjennomførte utøvarar frå ein annan strandidrett ein protest.

Under EM-kampane på onsdag i sandvolleyball i Wien stilte dei norske kvinnene i same type shorts som strandhandballdamene fekk bot for.

Protesten mangla berre ein ting

Den var ikkje ulovleg.

– Vi måtte sjekke opp reglane for å vere sikre på at det var lov, vi tenkte vi skulle gjere det uansett, men så fann vi ut at vi faktisk har lov til det, seier Ingrid Lunde til NRK.

Det er nemleg ei stund sidan regla endra seg for sandvolleyball.

– Dette var klarert med oss i forbundsleiinga. Vi visste at dette var valfritt hos oss. Den kampen tok vi allereie tidleg på 2000-talet, seier landslagskoordinator Beate Sødal til NRK.

Saman med Emilie Olimstad tok Lunde seg vidare til 16.-delsfinalen i shorts. Ane Guro Hjortland og Sunniva Helland-Hansen var med på protesten, men tok seg ikkje vidare.

Ingrid Lunde (t.h.) sammen med Oda Ulveseth.

Ingrid Lunde (t.h.) vann NM i volleyball i 2017, mellom anna saman med Oda Ulveseth.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Ein ser forskjell på storleikar i kledning både på herre- og damespelarane allereie. Og eg synest det minste som bør vere lov, er å spele i ein shorts, seier ho.

Lunde fortel vidare at reaksjonane stort sett har komme frå motspelarar som har spurt dei om kvifor dei speler i shorts.

– Eg trur ikkje alle er heilt klar over at vi faktisk har lov til det. Vi er kanskje med å vise at det faktisk er lov, dersom det er nokon som skulle ønske å gjere det seinare.

Ho legg til at målet med demonstrasjonen er at ingen skal la vere å spele fordi dei synest det er ubehageleg å spele i bikini.

Strandvolleyballdamene. Fra venstre: Emilie Olimstad, Ingrid Lunde, Ane Guro Hjortland, Sunniva Helland-Hansen.

Slik stilte dei norske sandvolleyballkvinnene under EM onsdag. Frå venstre: Emilie Olimstad, Ingrid Lunde, Ane Guro Hjortland, Sunniva Helland-Hansen.

Foto: Privat

Får hyllest av OL-vinnarane

Gullvinnarane frå Tokyo-OL, Anders Mol og Christian Sørum, meiner at det er på høg tid at spelarane sjølv får valet.

Vi er jo i 2021, så det er jo på sin plass at det skal vere innanfor det og. Det er fint at dei tek opp kampen med forbundet, rett og slett seier Mol til NRK om protesten.

Sørum håpar det hjelper at sandvolleyballdamene bidreg med å rette fokus på tematikken som var aktuell for volleyballspelarane i si tid.

Christian Sørum og Anders Mol

Mol og Sørum er glade for at dei slepp å spele i speedo, og håpar at handballdamene snart får velje sjølv kva dei skal spele i.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Det er ganske like idrettar. Ein speler på sand og ofte på varme plassar. Det har vore sånn for sandvolleyball òg, så det kan vere at dette set ein dytt i dei (det internasjonale handballforbundet), seier Sørum.

– Det burde vore valfritt å spele i det ein vil spele i. Det bør vere opp til jentene. Vi får spele i shorts. Vi slepp å spele i speedo, supplerer Mol.

Trur regelendringa er rett rundt hjørnet

Kåre Geir Lio, president i Noregs Håndballforbund, fortel til NRK at ting bevegar seg i riktig retning.

– Eg har vorte presenterte tre draktsett som spelarane ved ei kommande regelendring kan velje mellom. Draktene som dei er i dag, draktene Noreg stilte i, og draktsettet herrane bruker, med shorts og singlet, seier Lio.

Han fortel vidare at han er relativt trygg på at ei regelendring vil bli gjeldande seinast ved den internasjonale kongressen i november, eller som eit styrevedtak før den tid.

Siste nytt

  • Fifa har inngått gigantavtale med saudiarabisk oljeselskap

    Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) har signert en kontrakt med oljeselskapet Saudi Aramco ut 2027.

    Den fire år lange avtalen skal innebære at Saudi Aramco blir en Fifa-partner i turneringer som VM for menn i 2026 og VM for kvinner i 2027.

    Noe beløp er ikke kjent, men ifølge nyhetsbyrået AP er det den største avtalen Fifa har inngått med en sponsor om man regner årlig verdi.

    Avtalen har vært ventet siden i fjor høst. Da ble Saudi-Arabia bekreftet som arrangørland til fotball-VM for menn i 2034.

    – Dette partnerskapet vil hjelpe Fifa til å lykkes med å gjennomføre sine flaggskipsturneringer, sier Fifa-president Gianni Infantino i en uttalelse.

    Oljestaten Saudi-Arabia har pumpet inn milliarder inn i idretter over hele verden som golf, fotball, motorsport og kampsport.

    (NTB)

    yxSHGc2NkxA
    Foto: AP
  • Medier: Red Bull-topp forlater laget etter Horner-anklagene

    Flere medier skriver at Adrian Newey, hjernen bak Red Bull-bilen, slutter i Formel 1-laget grunnet misnøye med håndtering av trakassering-anklagene mot Christian Horner.

    Horner ble tidligere i år anklaget av en kvinnelig kollega, men etter en ekstern etterforskning fikk briten fortsette som Red Bull-sjef.

    Nå skal det imidlertid virke som bråket koster laget sin tekniske sjef. Newey har vært i Red Bull siden 2005, men situasjonen med Horner skal ha gjort 65-åringen urorlig.

    Det skriver flere medier torsdag, blant andre BBC, Auto Motor und Sport og Autosport.

    Neweys kontrakt med Red Bull går ut ved utgangen av 2025, men han skal ha fortalt laget at han vil videre allerede nå.

    Den genierklærte briten har blant annet vært koblet til Ferrari.

    Bahrain Grand Prix
    Foto: Hamad I Mohammed / Reuters
  • Skaslien og Nedregotten til semifinale i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten knuste Spania 9-3 og vant med det gruppen i VM i parcurling.

    Det betyr at de går direkte videre til semifinalen. Sveits, som lå likt med Norge før sist gruppespillskamp, tapte 7-8 for Japan.

    Den norske duoen endte som eneste par med sju seire på ni kamper.

    Estland ble nummer tre i gruppen og skal sammen med Sveits ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B, som fortsatt har én kamp igjen å spille.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Curling - Mixed Doubles Round Robin Session 13 - Switzerland v Norway
    Foto: ELOISA LOPEZ / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal