Hopp til innhold

Lege, brannkonstabel og studiar – slik blir livet til stjernene etter idrettskarrieren

Dei har teke medaljar i NM, VM, EM og OL for Noreg, men no startar fleire norske idrettsheltar på ein heilt ny karriere.

Astrid Uhrenholdt Jacobsen, Simen Spieler Nilsen og Nina Haver-Løseth

LAGT OPP: Astrid Uhrenholdt Jacobsen, Simen Spieler Nilsen og Nina Haver-Løseth er ferdige på toppnivå.

Foto: NRK / NTB SCANPIX

Fleire av dei fremste vintersportsutøvarane gav seg etter sesongslutt i vår. Men korleis angrip dei livet etter den aktive karrieren sin? Kva skal dei gjere no?

Vi har spurt dei om det. Nokon skal bruke idrettserfaringa si vidare. Nokon studerer, andre har ingen faste planar, og ein skal bli brannkonstabel.

Langrenn

Eirik Brandsdal:

– Planen no er å bli ferdigstudert, seier 33-åringen til NRK.

Han gav seg etter 13 sesongar i toppen, og studerer no industriell økonomi ved universitetet i Ås.

– Eg har nokre fag igjen etter å ha kombinert studiar og toppidrett dei siste to åra. Eg burde bli ferdig å studere i løpet av eit år.

Høydesamling langrennslandslaget menn. Eirik Brandsdal

EIRIK BRANDSDAL: Skal studere ferdig, og held seg framleis i form.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Sjølv om konkurranseskia er lagt på hylla, blir kvardagen framleis prega av trening.

– Eg trenar så å seie kvar dag så lenge vêret tillèt det. Forskjellen no er at eg ikkje planlegg øktene, men trenar meir alternativt. Eg kan trene som eg vil, noko som gjer treninga ganske lystprega.

Vidare fortel han at han er inne på trenarsida i Kjelsås, og at han vurderer å gå trenarvegen om sjansen skulle by seg.

Sondre Turvoll Fossli

SONDRE TURVOLL FOSSLI: Framtida er under planlegging

Foto: NRK

Sondre Turvoll Fossli:

Han hadde eigentleg planar om å halde på lenge enno. Men så fekk han hjartestans i fjor sommar. Derfor valde han å gi seg med toppidrett.

Fossli fortel at framtida framleis er under planlegging.

– Ikkje alle prosessar er ferdige, men eg kjem ikkje til å gi meg heilt med langrenn, og eg vil tre inn i ei form for trenarrolle. I tillegg håpar eg på å kunne jobbe litt innanfor eigedom, noko eg òg gjorde medan eg dreiv med idrett.

26-åringen fortel òg at han ser fram til ei tilvære med mindre reising, og meir tid med kjærasten.

– Eg vil nok delta på nokre samlingar, men det blir ikkje utanlandsturar eller fleire veker heimanfrå.

Vidare fortel Fossli at han trur det blir rart å skulle vere på eit renn utan å delta. Men som han sjølv seier:

– Verda går vidare.

Astrid Uhrenholdt Jacobsen

ASTRID UHRENHOLDT JACOBSEN: Har eitt år igjen av legestudiane.

Foto: Harald Thingnes / NRK

Astrid Uhrenholdt Jacobsen:

33-åringen har dei siste åra kanskje vore Noregs mest kjente legestudent. Under koronapandemien har ho hatt legepraksis.

– Eg har her og no fleire draumar for mitt liv som helsearbeidar enn for eit liv som langrennsløpar, så eg får setje eit punktum no for den delen, sa Jacobsen til NRK då ho la opp i april.

Ho har no eitt år igjen av legestudiane.

Skiskyting

VM i skiskyting i Anterselva

SYNNØVE SOLEMDAL: Frå skiskyting til skulebenken. Solemdal gleder seg til å ta fatt på livet som student – men først etter ein velfortent ferie.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Synnøve Solemdal:

– No har eg ein ganske utvida ferie sidan sesongslutt, og skal ha det ei god stund til. Den siste tida har eg fått sett meir til familie og vener enn eg har gjort dei siste åra, seier ho.

I vår avslutta ho ein 11 år lang karriere som mellom anna har gitt seks VM-gull i ulike stafettar.

Sjølv om planen etter idrettskarrieren ikkje var lagt til punkt og prikke, visste ho til dels kvar vegen vidare skulle gå.

– Eg var veldig klar på at eg skulle byrje å studere, men visste ikkje heilt kva, seier ho.

Det fall til slutt på byggingeniør, som sjølv om det verkar spennande for henne, var eit litt tilfeldig val.

– Eg føler meg litt som ein 20-åring som skal velje seg ei studieretning. Eg må sjå kva eg synest om faget, så får eg heller byrje på noko anna om det ikkje skulle passe meg.

Alpint

Nina Haver-Løseth

NINA HAVER-LØSETH: Nyt ferien og stressar ikkje med å bestemme seg

Foto: Martti Kainulainen / Lehtikuva / NTB scanpix

Nina Haver-Løseth:

Alpinisten veit ikkje noko bestemt om kva ho kjem til å gjere framover. No nyt ho noko så sjeldan som ein lang ferie.

– Ferie har eg knapt nok hatt på 15 år, seier Haver-Løseth, som gav seg i vår etter å ha delteke i verdscup og meisterskap sidan 2006.

– Eg er usikker på om det blir skule eller studiar. Vi har òg sett saman nokre foredrag, og har nokre småprosjekt, men ingen store faste planar. Eg har god tid.

– Har du tenkt å halde fram med noko innan idretten, der du kan byggje på erfaringane dine og kontaktar?

– Eg har vorte kontakta av TV, der vil eg kunne halde kontakten med idretten. Men ikkje noko er avgjort, eg stressar ikkje, seier Haver-Løseth.

Skøyter

Håvard Bøkko:

VM skøyter allround / sprint 2020 Hamar

HÅVARD BØKKO: Etter enda karriere som skøyteløpar takka Bøkko for seg med ein æresrunde i Vikingskipet på Hamar.

Foto: Geir Olsen / NTB scanpix

– Lite av det som har skjedd etter at eg la opp har vore planlagt. Eg jobbar for tida på Intersport og trivst veldig godt med det, seier han, og legg til at han enno ikkje har rokke å sakne kvardagen som toppidrettsutøvar.

Bøkko var i mange år Noregs beste skøyteløpar, med VM- og EM-medaljar i bøtter og spann, i tillegg til OL-gull i lagtempo. I vår fann 33-åringen frå Hol ut at no var det nok.

– For tida driv eg å byggjer hus, så eg har nok å hengje fingrane i. Saknet kjem nok når vinteren er her. Miljøet saknar eg, men den daglege treninga saknar eg ikkje like mykje, seier han og legg spøkande til:

– Eg har ikkje rokke å bli skikkeleg feit endå.

Hege Bøkko

HEGE BØKKO: Har sakna å vere sosial

Foto: Hans Andreas Solbakken / NRK

Hege Bøkko:

For Håvards veslesøster Hege, som frå før av hadde ein bachelor i folkehelse, var vegen vidare noko klarare.

– Eg har fått meg ein jobb i eit bemanningsbyrå som får oppdrag frå institusjonar som jobbar med psykisk helse og personar med psykisk funksjonsnedsetjing, seier ho og legg til:

– Det er spesielt å leggje opp etter tolv år. Skøyter og trening kvar dag vart jo identiteten min. Akkurat no saknar eg det ikkje så mykje, men det kjem nok når konkurransane startar.

– Og så har eg sakna å vere sosial, legg ho til.

Simen Spieler Nilsen

SIMEN SPIELER NILSEN: Skal bli brannkonstabel

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Simen Spieler Nilsen:

– Eg skal utdanne meg til brannkonstabel, seier Simen Spieler Nilsen. 26-åringen var i skøytetoppen i 10 år før han i vår sa at nok er nok etter to sesongar plaga av skadar. Laggullet i OL i 2018 var høgdepunktet i karrieren.

No har han ferie, men framtidsplanane er klare.

– Snart skal eg byrje å jobbe med sal av digital informasjon i firmaet som ein kamerat driv. Samtidig skal eg byrje på kurs for å bli brannkonstabel, og reknar med å vere utdanna om eit års tid. Så vil det vise seg kva jobbmarknaden seier, fortel Nilsen.

Siste nytt

  • United-manageren fyrte løs mot pressen: – En skam

    Manchester United-sjef Erik ten Hag langet ut mot journalistene da han stilte til pressekonferanse tirsdag.

    Nederlenderen ble spurt om han forstår kritikken som har kommet i etterkant av FA-cupsemifinalen mot Coventry der de rødkledde til slutt tok seg videre etter en dramatisk kamp.

    – Kommentarene er en skam, sa Ten Hag.

    – Fotball handler om resultater, og vi kom til finalen. Og vi fortjente det, ikke bare etter den kampen, men alle de andre kampene, sa Ten Hag.

    Manchester United ledet 3-0, men mistet hele overtaket i løpet av de siste 20 minuttene av ordinær tid. Coventry utlignet til 3-3, og senere traff de tverrliggeren og fikk et mål annullert etter en VAR-sjekk. På straffer vant United 4-2.

    Tidligere spiller Roy Keane var blant dem som var harde med klubben etter avansementet mot laget fra nivå to. Han kalte prestasjonen for «pinlig».

    – Det var en som spurte om det var pinlig. Nei, reaksjonen fra dere er pinlig, sa Ten Hag. (NTB)

    776131836
    Foto: GLYN KIRK / AFP
  • Stina Nilsson gir seg som skiskytter – bytter idrett igjen

    Det bekrefter Nilsson til SVT.

    – Jeg skal gå langløp neste år, og det føles veldig kult, sier Nilsson.

    For fire år siden la hun brått opp langrennskarrieren, og begynte å satse på skiskyting. Det ble ingen suksess, og nå sier hun stopp.

    – Geværet er lagt på hylla, sier Nilsson.

    Nilsson har signert for det norske langløpslaget Team Ragde Charge, og skal gå Ski Classics neste sesong.

    – Allerede da jeg gikk over til skiskyting så jeg på meg selv nesten som en tretrinnsrakett. Det blir langrenn, skiskyting og så skal jeg prøve meg på langløp. Og nå føles det veldig riktig og spennende.

    Nilsson fikk med seg en pallplass i skiskyting, og sier de to første sesongene var veldig bra. Deretter gikk det nedover. Til slutt gikk hun lei enkelte deler av sporten.

    – Man kan være i superbra form, skyte en veldig god liggende serie, og likevel skyte seg bort på stående. Jeg var ganske lei av det på slutten, at jeg hadde gjort det så bra, men likevel var det noe som ikke stemte.

    Stina Nilsson
    Foto: BILDBYRÅN
  • Sky Sports: Haaland ikke på City-trening

    Manchester City-spiss Erling Braut Haaland var ikke å se på trening i forberedelsene til Premier League-kampen mot Brighton.

    Det opplyser Sky Sports, som også melder at Phil Foden ikke var til stede.

    Haaland ble byttet ut før ekstraomgangene da Manchester City røk ut i Mesterligaens kvartfinale mot Real Madrid forrige onsdag.

    City-manager Pep Guardiola uttalte siden at Haaland hadde et muskulært problem, og lørdagens 1-0-seier over Chelsea i FA-cupsemifinalen gikk uten nordmannen.

    Manchester City er i førersetet i gullkampen i Premier League og møter Brighton torsdag kveld. De lyseblå ligger ett poeng bak Arsenal og Liverpool, men har én kamp mindre spilt.

    Champions League - Quarter Final - Second Leg - Manchester City v Real Madrid
    Foto: Carl Recine / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal