Dei 55 heftigaste minutta i friidretten si historie

Fire verdsbeste-resultat. Tre av dei er verdsrekordar. Den siste er ikkje verdsrekord, men burde nok ha vore det. 55 saftigare minutt har neppe friidretten opplevd.

LEGENDARISK: Bob Beamons lengdehopp på 8,90 meter toppa alt den kvelden i Mexico, men kvelden blei historisk av andre grunnar også

Friidrettshistoria har mange drama. Men det er få – om nokon – som kan måle seg med den kompakte serien av rekorddrama den seine kveldstimen denne fredagskvelden 18. oktober 1968.

Klokka er halv elleve om kvelden i Norge. På Olympiastadion i Mexico by er ho halv seks om ettermiddagen. Ingen på tribunene eller framfor tv-skjermane anar at den neste timen skal by på prestasjonar ingen har sett før.

Ein snau time seinare har dei fått med seg tre verdsrekordar. Den fjerde er også truleg beste resultatet i verda sett under godkjende omstende, men blir likevel ikkje godkjent som rekord.

Rutinert løpar med ekstra gir

Irena Szewinska-Kirszenstein

RUTINERT: Irena Szewinska-Kirszenstein var smart og sparte kreftene til innspurten på 200-meteren. Resultatet blei suveren verdsrekord

Foto: NTB scanpix

Klokka 22.30: Storfavoritt Irena Szewinska-Kirszenstein gjer seg klar til finale på 200 meter. Ho har verdsrekorden på 22,7, sett tre år tidlegare heime i Warszawa. Ho prøver så godt ho så godt ho kan å konsentrere seg om si oppgåve framfor dei 100.000 på tribunene. Det er ikkje lett, men Szewinska-Kirszenstein har massevis av rutine.

22-åringen er ein av Polens største idrettsheltar. Nærmast ut av det blå tok ho stafettgull og sølv på både 200 meter og i lengde i OL i Tokyo fire år tidlegare, og skulle kome til å ta totalt sju medaljar i løpet av seks OL. Mange år seinare skulle ho også få plass i IOC. Ho er den einaste kvinna som har hatt verdsrekorden både på 100 meter, 200 meter og 400 meter.

– Men det var alltid 200-meteren som stod mitt hjarte nærmast, sa ho mange år seinare.

I Mexico var ho også regjerande europameister på distansen etter gullet i 1966, og i 1967 kåra World Sport henne til årets idrettskvinne.

Irena Szewinska

LANG KARRIERE: Irena Szewinska var stor på sluten av 60-talet og utover 70-talet, og var i verdstoppen både på 100, 200 og 400 meter i mange år.

Foto: AP

Det er med andre ord ein svært rutinert utøvar som stiller opp på Olympiastadion i Mexico. Og som rutinerte meistrar flest tek ho det med ro både i kvalifiseringa og i semifinalene. I semifinalen blir ho nummer tre i sitt heat, der Raelene Boyle tangerer OL-rekorden med 22,9 – ei tid som blir forbetra og tangert av tre løparar i neste heat.

Men i finalen er ho likevel favoritt. Starten er forsiktig for henne å vere, og gjennom svingen ligg ho heilt nede på fjerde- eller femteplass, klart bak 100-metervinnar Wyomia Tyus, fire baner innanfor. Men amerikanaren stivnar heilt oppover oppløpssida. Der har Szewinska-Kirszenstein eit ekstra gir, og det brukar ho for alt det er verdt.

Inn mot mål går det fort, veldig fort. Boyle heng bra med, men er likevel sjanselaus. Den polske jenta feiar forbi alt og alle og vinn med eit par meter.

22,5 står det på resultattavla. 22,58 står det på dei elektroniske displaya som publikum ikkje får sjå. Medvinden er nøyaktig dei lovlege 2,0 sekundmeter. Ny verdsrekord uansett, og ei forbetring som er større enn det dei offisielle tala viser.

Det er fordi dei offisielle resultatat for første gong i eit stort stemne er elektroniske. All samanlikning med tidlegare tider er elektronisk mot manuelt. På 200 meter er skilnaden i gjennomsnitt 0,24 sekund på grunn av reaksjonstida – det vil seie at manuelle tider med andre ord er nesten eit kvart sekund for gode.

Det gir ein vesentleg skilnad, det skal vi kome tilbake til.

Men på dei offisielle listene er hundredelene fjerna. 22,58 blir dermed 22,5. Raelene Boyle får offisielt 22,7. Fire kvinner klokkar inn til tider under 23 sekund, noko liknande har aldri hendt før.

Publikum på tribunene slit med å få igjen pusten før neste verdsrekord. Det treng dei, for den rekorden slår alt og går inn i friidrettshistoria med gullskrift.

Mannen som kunne fly

Bob Beamon

LANGT: Beamons lengdesprang var så utruleg at det tok 20 minutt å få stadfesta

Foto: AP

Klokka 22.45: Bob Beamon gjer seg klar til sitt første hopp i lengdekonkurransen. Beamon er fjerdemann på startlista. Han har ikkje noko resultat å måle seg mot, fordi alle dei tre første har hoppa dødt.

Forholda er gode. Det er varmt, og tynnlufta i den meksikanske hovudstaden er ein fordel i denne øvinga. Medvinden er akkurat dei lovlege to meter i sekundet når den 22 år gamle amerikanaren startar tilløpet.

Beamon er favoritt. Han har vunne alt han har stilt opp i tidlegare i sesongen, og har årsbeste på 8,39. Det er fire centimeter over gjeldande verdsrekord, men med akkurat for sterk vind til at han ikkje får rekorden godkjend. Sovjetaren Igor Ter-Ovanesian og amerikanaren Ralph Boston står dermed framleis med gjeldande verdsrekord som dei deler med 8,35.

Bob Beamon

FØLGJER MED: Bob Beamon på Diamond League-stemne i Lausanne i 2013. Framleis er det berre to hopp som er lengre enn hans i Mexico 45 år tidlegare

Foto: Denis Balibouse / Reuters

Likevel er det ikkje sjølvsagt at Beamon er med i finalen. Han hoppar dødt i dei to første omgangane i kvalifiseringa dagen før. – Men så kom Ralph bort og viste kva eg gjorde feil, og kvar eg skulle starte tilløpet, sa Beamon etterpå. Ralph Boston (29) er veteranen blant USAs lengdehopparar, med OL-gull frå 1960 og sølv frå 1964.

I tredje kvalifiseringshopp er derfor Beamon trygt inne på planken. Han landar på 8,19, åtte centimeter bak Boston som set olympisk rekord i kvalifiseringa, og er greit inne blant finalistane med tredje beste resultat i kvaliken.

Beamon er nervøs før finalen. Derfor går han på byen kvelden før og dempar nervøsiteten med nokre tequila. Neppe noko ein trenar ville tilrådd i dag. Men det hjelper.

Arne Porsum

RADIOKOMMENTATOREN: Arne Porsum bad lyttarane måle opp 8,90 meter på stovegolvet for å sjå kor langt Bob Beamons hopp faktisk var

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Seks sekund etter at han startar tilløpet, landar han i sanden i lengdegropa. Alle ser at dette er bortanfor alt som lengdehopp nokon gong har handla om. Så langt bortanfor at dei fleste ikkje trur det dei ser med det same.

Ikkje han sjølv eingong. – Eg fekk det for meg at eg var altfor raskt nedi med eine foten, og trudde at der mista eg 30 centimeter, fortalde han seinare i boka «The Man who could Fly».

Publikum må vente lenge på fasiten. Hoppet er lengre enn skinna som fører den optiske lengdemålaren. Funksjonærane må ut og hente målebandet. Dei trur ikkje det dei ser, dei heller, og må både dobbelsjekke, trippelsjekke og kvadruppelsjekke. For dette er nesten utanomjordisk.

Først etter nærmare 20 minutt vågar dei å vise resultatet på tavla: 8,90 meter.

Det tek litt tid før publikum tek resultatet inn over seg. Så bryt jubelen laus, og han er langvarig.

– Mål det opp på stovegolvet heime, så ser de kor langt det er, ropar radiokommentator Arne Porsum på NRKs direktesending denne seine fredagskvelden. Før han tek seg i det: – Dersom de har så lang stove, då.

Bob Beamon

UORTODOKS: Bob Beamon hoppa langt med ulike stilarter. Her hoppar han 8,33 i USAs innandørsmeisterskap i 1968

Foto: AP

Det er berre kome eitt teljande hopp inn på resultattavla. Men alle veit at konkurransen er over likevel. Sølv og bronse, javel – men det blir uansett puslete.

– Vi ser berre dumme ut, seier Ter-Ovanesian. Verdsrekorden han hadde for nokre minutt sidan, er brått over ein halv meter for kort.

Beamon sjølv må ha forklaring på kor langt dette eigentleg er. Han kan berre det amerikanske systemet med fot og tommar (inches), og forstår ikkje kor langt 8,90 er. Han tek det heilt med ro når han får vite resultatet i meter og centimeter.

Derfor er det først når han får vite at hoppet er 29 fot og to og ein halv tomme at han går ned på kne og tek til å skjelve. Han må hjelpast på beina igjen.

Då er han tom. Han får 8,04 i andre omgang, så gir han seg. Då resultatlista er endeleg, har han 71 centimeter ned til sølvvinnar Klaus Beer. Ralph Boston tek bronsen. At det i mellomtida har teke til å regne kraftig og forholda dermed er blitt vesentleg dårlegare, har neppe noko betydning.

Den neste verdsrekorden for kvelden er det få som legg merke til. For den kjem omtrent medan lengdemålarane framleis strevar med å tru på det dei har sett i gropa.

Ville helst ha boikotta løpet

400 meter OL i Mexico 1968

RASKT: Ikkje berre ein, men to løparar kom under 44 sekund. Og det med elektronisk måling

Foto: Anonymous / AP

Klokka 22.50: Åtte menn stiller i startblokkene på 400 meter. Dette er USA-mat. Amerikanarane har dominert distansen lenge, og har seks av dei ti øvste på årsstatistikken. Alle reknar med at dei vil tapetsere pallen. Både Lee Evans og Larry James hadde sett verdsrekord med 44,0 i det amerikanske OL-uttaket. Tredjemann Ron Freeman hadde 44,6.

Der var det til og med manuelle tider, som på 400 meter i snitt er rekna til 0,14 sekund betre enn elektroniske tider, som altså skulle gjelde i OL.

I kvartfinalene blei begge slått, men gjekk kontrollert vidare. Evans og James møttest i same semifinale, og Evans vann på 44,8 mot James 44,9. Evans’ tid var olympisk rekord.

Når dei åtte finalistane stiller til start, kjenner ikkje publikum til dramaet som nettopp har vore. Lee Evans sympatiserte sterkt med Black Power-rørsla og støtta John Carlos’ og Tommy Smiths handlingar på sigerspallen etter 200-meteren to dagar før. Dei to bøygde hovudet og heva armen med knyttneve og svart hanske under premieutdelinga, som ei markering av kampen mot USAs handsaming av dei farga. Det skapte store reaksjonar, og Carlos og Smith blei sende heim.

Evans ønskjer å trekkje seg frå finalen til støtte for dei to heimsende 200-meter-løparane. Men det er nettopp Carlos og Smith som tek kontakt med Evans tidlegare på kvelden og ber han stille opp. Alle tre er lagkameratar frå San Jose State College, og Evans let seg overtale.

G. Larry James, Lee Evans, Ronald Freeman

TRIPPEL JUBEL: USA tapetserte pallen i rekordløpet. F.v. sølvvinnar Larry James (43,97), gullvinnar Lee Evans (43,86) og bronsevinnar Ronald Freeman (44,41)

Foto: AP

Derfor stiller han i startblokka si når startaren kommanderer «go to start» i oktoberfredagen på Olympiastadion i Mexico by, 2200 meter over havet.

Evans kjem perfekt ut av startblokkene og har stor fart i første del av løpet. Han trur han har ei trygg leiing ut av siste sving.

Det har han ikkje. I augekroken ser han James nesten på sida hans fire baner innanfor. Evans kastar på dei siste kreftene og maktar å auke leiinga ørlite oppover oppløpssida. Rett før mål er det slutt på kreftene, og James maktar nesten å ta han igjen. Men berre nesten. Evans kan juble over olympisk gull.

Men ikkje berre det. Han blir klokka inn på ufattelege 43,84 sekund. James får 43,97. Verda har for første gong sett 400-metersløp på under 44 sekund – til og med to løparar, og det med elektroniske tider.

Larry James, Andrzej Badenski og Lee Evans pustar ut

PUSTAR UT: Larry James (t.v.) og Lee Evans (t.h.) pustar ut etter sensasjonsløpet på 400 meter

Foto: AP

Stadiontaket løftar seg nærmast i jubelen når tidene blir kunngjort på resultattavle og i høgtalar. Det som blir vist, er nemleg 43,8 og 43,9.

Men det spørst likevel om jubelen er så stor som Evans fortente. For Beamons sprang over nesten heile lengdegropa overskuggar det meste.

Derfor får kveldens siste verdsbeste-resultat ikkje den jubel og meksemd som prestasjonen fortente. Det har han heller ikkje fått i historiebøkene.

Rekorden som ikkje var

Klokka 23.20: I bane 1, heilt inne ved lista, gjer 17 år gamle Maureen Caird frå Cumberland i australske New South Wales sine siste førebuingar til finalen på 80 meter hekk. Ho er den yngste i feltet, men har imponert stort med heat-sigrar både i kvalifisering og semifinale.

Men det er mange om beinet, og det er eit kort løp med svært små marginar. Cairds lagkamerat Pam Kilborn-Ryan set olympisk rekord med 10,4 (10,41) i kvalifiseringa, og er nesten like god i semifinalen (10,44) tidlegare på kvelden, der Caird får 10,5 (10,59) – tangering av den personlege rekorden ho sette like før avreisa til OL.

Russiske Vera Korsakova har verdsrekorden. Den lyder på 10,2 frå eit stemne i Riga tidlegare på året. Men i Mexico-OL blir ho slått ut i semifinalen.

I verdsrekordløpet i Riga var det manuell tidtaking. Alle tre offisielle tidtakarane hadde kneppa av likt – 10,2 sekund. Tidtakarane står sjølvsagt plassert ved målstreken. Der er dei avhengige av å sjå røyken og munningsflammen til startaren for å setje klokkene i gang. Undersøkingar har vist at på grunn av reaksjonstida gir dette i gjennomsnitt 0,24 sekund betre tid enn ved elektronisk tidtaking.

Basert på det, bør gjeldande verdsrekord eigentleg vere 10,44 før OL. Men det er gjennomsnitt, startarane har også individuell reaksjonstid. Så det er ikkje mogeleg å slå heilt fast.

Caird er barnestjerne og spring distansen på 10,8 allereie i 1965 – verdsrekord for ein 14-åring.

Ho blir tatt hand om av den kjende trenaren June Ferguson, og gjer store framsteg utover 1968.

– June sette meg på ein diett av erter, salat og mjølk, fortalde Caird mange år etterpå. – Eg vil kanskje ikkje tilrå nokon det no, men for meg gjorde det susen.

Pam Kilborn-Ryan er favoritt. Ho har ikkje tapt eit løp sidan OL fire år tidlegare, og hadde vore endå større favoritt om ho ikkje hadde skadd skuldra i eit fall like før avreise til Mexico.

Det gir Caird håp.

– Ver først fram til første hekk, då vinn du, seier June Ferguson like før start.

I finalen får Caird ein knallstart i ausregnet over Olympiastadion, og ligg først ved første hekk.. Kilborn-Ryan og den tredje av favorittane, austtyske Karin Balzer, trøblar i starten. Balzer kjem aldri tilbake, men Kilborn-Ryan får opp rekordfart og tek nesten igjen Caird.

Men det held på å gå gale, og det på grunn av ein liten detalj. Like før siste hekk blir Caird forstyrra av ein regndrope i auget.

– Eg visste at hekken skulle vere der ein stad, så eg tok sjansen, fortalde ho etterpå.

Ho treffer den siste hekken også, og det held så vidt. Sju hundredeler skil, 10,3 mot 10,4 på tavla. Eller 10,39 mot 10,46 i det elektroniske tidtakaranlegget.

10,39, altså, når verdsrekorden «burde» ha vore rundt 10,44. Men Cairds tid er ingen offisiell verdsrekord, derfor druknar prestasjonen i ståket frå alt som har skjedd tidlegare denne utrulege friidrettstimen.

Publikum kan puste ut. Dei som var heldige nok til å få billett, har opplevd noko ingen andre har.

Uansett er Maureen Caird med sine 17 år og 19 dagar framleis den yngste gullvinnaren i ei individuell OL-øving i friidrett nokon gong.

Det er ein rekord som kan bli slått. Men ingen kan ta frå den australske jenta at ho er den siste OL-vinnaren på 80 meter hekk, og dermed på ein måte regjerande meister til evig tid. Frå 1969 blei nemleg 80 meter erstatta av 100 meter hekk for kvinnene som meisterskapsdistanse.

Rekordane fekk ulik levetid

  • Irena Szewinska-Kirszensteins rekord på 200 meter stod offisielt berre i to år. I juli 1970 klokka taiwanske Chi Cheng inn på 22,4. Men det var manuell tidtaking. Den elektroniske backup-tida var 22,62, fire hundredeler dårlegare enn Szewiska-Kirszensteins OL-tid. Først i OL i München i 1972 blei tida reelt slått, med Renate Stechers 22,40. Szewinska-Kirszenstein skulle også klare å ta rekorden tilbake, med 22,21 i Potsdam i juni 1974. Verdsrekord-utvikling på 200 meter for kvinner.
  • Mike Powell

    SLÅTT: Mike Powell blei den som slo Bob Beamons "umogelege" rekord, 23 år etterpå

    Foto: Eric Risberg / AP
    Bob Beamons ufattelege 8,90 skulle bli ståande som rekord i heile 23 år, og med unntak av under VM i Tokyo i 1991 er det aldri levert eit lengre lengdehopp. Den dagen landa Mike Powell på 8,95. Carl Lewis tok andreplassen med 8,91, men det var i for sterk vind. Verdsrekord-utvikling i lengde for menn.
  • Lee Evans' rekord på 400 meter viste seg også vanskeleg å slå. Det skulle gå 20 år før Butch Reynolds leverte sitt knusande løp som det også er historisk sus over. I Zürich i august 1988 noterte han ufattelege 43,29 – over halvsekundet betre enn Evans. Sidan er rekorden forbetra med berre 26 hundredeler. Verdsrekord-utvikling på 400 meter for menn.
  • Og Maureen Cairds bestetid? Den kom som sagt aldri i rekordbøkene. Men den vil bli ståande for evig og alltid som det truleg beste løpet på distansen. Verdsrekord-utvikling på 80 meter hekk for kvinner.

Siste nytt

  • Zuccarello-assist og seier

    Minnesota Wild vant i natt mot Edmonton Oilers, men gjestene bet godt fra seg i kampen som endte 6-5 for hjemmelaget. Mats Zuccarello leverte en assist. Mats Zuccarello hadde 19 minutter og 31 sekunder på isen under kampen.

    Wild Lightning Hockey
    Foto: Chris O'meara / AP
  • Storseier til Manchester United

    Ole Gunnar Solskjærs mannskap ble altfor sterke for «norskeklubben» AZ Alkmaar på Old Trafford. Kampen endte 4-0. Ashley Young og Juan Mata (straffe) scoret ett mål hver, mens Mason Greenwood gjorde to. Alle målene kom i løpet av en 20 minutters periode i andre omgang. Begge lagene var videre til 16-delsfinaler i Europaligaen før kveldens oppgjør, men Fredrik Midtsjø må stå over neste kamp for AZ Alkmaar etter sitt tredje gule kort i gruppespillet.

    Europa League - Group L - Manchester United v AZ Alkmaar
    Foto: Jon Super / Reuters
  • Uavgjort for RBK i Nederland

    Pål André Hellands scoring etter 22 minutter borte mot PSV Eindhoven sørget for at Rosenborg ikke går poengløse ut av høstens Europaliga. Det ene poenget hindrer likevel ikke at trønderne ender sist i gruppe D. PSV Eindhovens utlikningsmål i andre omgang ble scoret av Mohammed Ihattaren. Heller ikke Eindhoven går videre fra gruppespillet. Rosenborg har ikke vunnet en gruppespillkamp i Europa siden 28.9.2017.

    I gruppe B slo Malmø FC København med 1-0. Dermed går begge lag videre fra gruppespillet.

    Netherlands Soccer Europa League
    Foto: Peter Dejong / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal