Etter dryge to minutt av kampen kombinerte vårens store stjerneskot, Marcus Rashford, med Raheem Sterling, før han hamra inn ein volley til 1–0 for England.
Det var Manchester United-spelarens første scoring for England, i sin første kamp.
For knappe to veker sidan vart 18-åringen tatt ut i England-manager Roy Hodgsons bruttotropp til sommarens EM-sluttspel.
Av dei 26 i troppen er det tre spelarar som ikkje får ta turen til EM.
- Les også:
Rashford scorar «alltid» i debuten
Før 25. februar i år hadde dei færraste høyrd om Marcus Rashford, men med to mål i debuten mot danske Midtjylland i Europaligaen fekk folk for alvor opp auga for ungguten. Dagar seinare følgde han opp med å score to mål til i ligadebuten mot Arsenal, i ein kamp dei vann 3–2.
Les også:
Etter pause kom kaptein og lagkamerat Wayne Rooney innpå og dobla leiinga med sitt 52. landslagsmål etter 56 minutt.
Rashford vart bytta ut etter 63. minutt, på stillinga 2–0 til England.
Med kvarteret igjen av kampen fekk Australia eitt trøystemål, då Englands Eric Dier stupheada eit innlegg i eige mål.
Også ein annan unggut frå Premier League kom på scoringslista i kveldens privatlandskampar. Manchester City-spiss Kelechi Iheanacho vart matchvinnar for Nigeria, med si 1–0 scoring i kampen mot Mali.