TV 2-profilen og fotballkommentatoren, Davy Wathne var på veg til VM-finalen i Maracanã då han hamna midt oppe i ei skotutveksling, skriv Nettavisen.no.
På Twitterkontoen sin skriv bergensaren:
Til Nettavisen seier Wathne at taxien han sat i ikkje fekk sleppe inn i tryggingssona rundt Maracaña den vanlege vegen, sidan det til kveldens finale er venta statsleiarar frå 12 ulike nasjonar, og at dei difor blei tvungne til å køyre gjennom ein omkringliggande farvela.
LES OGSÅ:
– Veldig uhyggeleg
– Plutseleg høyrde me bilen bak oss sette gassen i botn og køyre forbi oss, før han plutseleg bråstoppa, og hoppa ut av bilen. Han blødde kraftig frå brystet og skuldra, og det var kulehol i frontvindauget og i døra, fortel Wathne.
– Eg er ingen erfaren krigsreporter, så eg opplevde dette som veldig uhyggeleg.
Wathn e har tidlegare køyrt gjennom området på kveldstid.
– Eg kan berre seie at eg synest det er ein utriveleg og truande stad. No tenkte eg berre at viss vi punkterer her, så kjem vi ikkje herifrå i live, fortel han vidare.
– I ein sånn situasjon skulle ein kanskje tenke seg at det var mest naturleg å ville hjelpe til, men det einaste som stod i hovudet mitt var at me måtte komme oss vekk så fort som mogleg.