På sin private instagram-konto har den britiske superstjerna onsdag lagt ut eit bilete av Solskjær, der han skriv at han ønsker han lykke til med jobben.
Beckham og Solskjær spelte saman på Manchester United i sju sesongar.
Og det er ikkje første gong Beckham er ute og hylla sin tidlegare norske lagkamerat. Etter at Solskjær hadde sikra sitt første norske seriegull med Molde i 2011 uttalte han spøkefullt i eit intervju med VG:
– Kanskje blir han Manchester United-manager ein dag?
Onsdag vart spøken frå verdsstjerna ein realitet.
Ei anna United-legende, Rio Ferdinand, er også ute og gratulerar sin tidlegare norske lagkompis. Til eit bilete av seg sjølv og Solskjær skriv han: «Lets go Ole».
Fleire andre er også ute og gratulerer Solskjær med jobben.
Erna Solberg var ute med gratulasjonen tysdag kveld, som ho seinare sletta. Så fort nyhenda vart stadfesta onsdag kom ho med ein ny gratulasjon.