Det opplyser det danske fotballforbundet (DBU) klokka 12 i dag.
Spelarane på Danmarks kvinnelandslag i fotball møtte heller ikkje i dag på trening klokka 10 som avtalt.
Dei nektar å spele før ein økonomisk avtale er på plass.
– Gislar
Dermed har Danmark valt å trekke laget frå VM-kvalifiseringskampen mot Sverige i Göteborg fredag. Kva som skjer med kampen mot Kroatia tysdag, er enno ikkje klart.
– Vi opplever at spelarforeininga og spelarane tek landskampar og fans som gislar i faglege forhandlingar, seier DBUs toppfotballsjef Kim Hellberg i ei pressemelding.
– Det er grotesk at vi står i ein situasjon der spelarane ikkje vil møte opp til viktige landskampar, sjølv om vi har tilbode betre vilkår og invitert til nye forhadlingar etter kampane, seier Hallberg.
Partane møttest til nye forhandlingar i dag, men dei førte ikkje fram.
471.000 kroner vart avgjerande
– Kunne ikkje DBU brukt tida på å forhandle i staden for å snakke om å avlyse kampen? spør Harder.
Ifølgje henne er dei fleste prinsipielle sider ved avtalen klar. Det er det økonomiske som står att. Ifølgje Ekstrabladet er det 471.000 kroner som skil partane, i tillegg til fordelinga av pengane.
Spelarane skulle møtt på trening allereie måndag. Men ettersom forhandlingane ikkje har ført fram, har dei enno ikkje trena.
Fristen er passert
Det danske fotballforbundet (DBU) har tidlegare sagt at dei vil melde til FIFA og UEFA at spelarane ikkje ønskjer å spele kampen mot Sverige i Göteborg fredag dersom konflikten ikkje var løyst klokka 10 i dag.
DBUs grunngjeving er at spelarane har vist at dei ikkje ønskjer å stille til kampen.
– Det er ikkje ein trussel, men ei konstatering, sa DBUs talsmann Jakob Høyer før avgjerda var teken.
- Les også: – Se kva de har fått til i Norge
Det kan bety at dei blir diska frå kvalifiseringa. Danmark kom heilt til finalen under EM i sommar, og opna ogaå VM-kvalifiseringa med 6–1 over Ungarn i september. Den kampen gjekk jentene med på å spele i påvente av forhandlingar og ny avtale.
Om Danmark blir diska frå VM-kvaliken og dermed VM i 2019, mister dei også sjansen til å delta i OL i 2020.
– Eg trur fleire land kjem til å følgje Danmarks eksempel, seier SVTs ekspert Frida Østberg, sjølv tidlegare svensk landslagsspelar.
FIFAs reglar gir Danmark frist til torsdag kl 12 med å ombestemme seg, melder SVT. Først då er det endeleg kroken på døra for kampen fredag.
Det betyr at også spelarane trenar og førebur seg fram til siste frist. – Vi førebur os som om det blir kamp fredag klokka 18.15, seier leiaren i spelarforeninga Thomas Lindrup til DR.
Spelarane ønskjer ikkje å uttale seg til media enno.
Det er selt 8000 billettar til kampen.