– Dei fleste nordmenn veit at Åge er ein venleg, flink og sympatisk mann. Men han har også et stort temperament. Og når han synest noko er urettferdig så seier han det rett ut. Det er det ikkje mange trenarar som gjer. Dei vender ryggen til og går, seier Flemming Toft til NRK.
Han er ein av Danmarks mest kjente fotballekspertar og jobbar for dansk TV 2.
Før fotball-VM har delar av dansk media vore prega av negative presseoppslag før Danmarks første store meisterskap sidan 2012. Trass i at Hareide no har leia Danmark i 15 kampar utan tap, og VM-feberen herjar.
– Av og til så kjem det ein kollisjon mellom nokre medium og Åge. Men det er ikkje noko som stikk djupt, fortel Toft.
Ny kollisjon
Vraka stjerner som Daniel Wass og Andreas Bjelland har gått hardt ut mot nordmannen, og danske BT rapporterte om kaos før meisterskapet.
Etter sigeren mot Mexico laurdag, fekk Hareide nok da BT spurte om Bjelland og Nicklas Bendtner.
– Eg er lei av å svara på spørsmål om dei som er utanfor. De må svara for seg sjølv, men eg kjem ikkje til å kommentera det meir. Spelarane som var ute av troppen var ute fordi de ikkje var friske på den tida, og no er det siste gong eg seier det. Forstår du det no? Nei eller ja? svarte han BTs journalist rasande.
- Hør Hareide snakke om VM-forberedelser og favorittspillere i Heia Fotball.
Hareide sjølv er ikkje redd for å ta eit oppgjer med media, og har etterlyst meir positivitet.
– Eg har alltid diskutert med journalistar. Det er ikkje alltid du er samd i korleis ting blir framstilt, det plar eg å seie ifrå om. Det er ikkje noko meir enn det, fortel Hareide.
NRK var med ham og Danmark på samling tidlegare denne veka.
– Uroa er medieskapt
Der var også Flemming Toft, som har jobba har jobba tett på Hareide, og lagar ein dokumentar om sunnmøringen som blir sendt same dag som Danmark opnar mot Peru laurdag 16. juni. Han hevdar uroa er laga av media.
– Spelarane har det bra og er harmoniske. Det er eit godt kollektiv, og dei er glade for at Åge Hareide er trenaren deira. Så den uro som er no er medieskapt, meiner Toft.
– Ein fokuserer på det eg kallar småting, i staden for dei store tinga og kampane som Danmark skal spele. Når eit landslag er samla over lengre tid så vil det bli noko uro. Men det er slett ikkje kaos, seier Toft vidare.
Han skjønar likevel at spelare blir skuffa, og at det blir bråk når stjerner blir vraka.
– Det er ikkje noko som opptek troppen, men det fyller spaltene i media, fortel Toft.