– Eg kan nemne ei liste med alle vennene mine som er blitt drepne. Det er ikkje berre ein, to, eller tre, det er meir enn 20 personar som eg har hatt eit veldig, veldig nært forhold til.
Carlos Catun (31), som går under kallenamnet Gato, snakkar om drap og truslar som om det er heilt naturleg.
Namnet Gato, betyr katt på spansk, og det har han fått på grunn av dei grøne auga sine.
Kompisen Nicolai Lopez har ikkje lenger teljinga på kor mange gonger Gato har ringt han for å fortelje at nok ein kompis er blitt drepen.
Dansaren viser lite kjensler, men det er naturlegvis vondt også. I 2009 blei broren hans drepen, og nokre år seinare forlét han døtrene sine, fordi han frykta for sitt eige liv.
Hans største draum er å sjå dei att, men den draumen balanserer på ei kort linje.
Ifølgje Catun er det fordi han prøvde å gjere noko positivt for born og ungdom i Guatemala.
Han stal soldatane.
Vekte interessa
Carlos Catun vaks opp i Guatemala by, ein stad der gjeng-kartell regjerer.
Som dei fleste andre, byrja han å spele fotball i lag med vennene sine. Men på fotballbana blei han meir imponert av kompisen sin feiring, enn sjølve målet.
Spelaren tok salto, og Catun blei målbunden. Dette måtte han lære seg.
MIMRAR TILBAKE: Carlos Catun, her i Oslo.
Foto: Ingrid Jorstad Heier / NRKHan gjekk bort til spelaren og spurde kvar han kunne lære seg dei same triksa. Då fekk han eit kort der det stod La Bodeguita de Centro, og tok turen dit.
Staden opna ei ny verd for Catun. Dette var kunstens stad. Folk breaka til DJ-ens tonar, medan andre spraya kunst på vegger med graffiti.
– Eg blei forelska, fortel Catun.
Det gjekk frå ei trening i veka, til trening kvar dag. Catun og kompisane sine tok til parkar, for å øve på breaking og fenomenale rørsler. Mor sin gamle madrass blei omgjort til tjukkas, og den blei flittig brukt.
Dansen tok han, men det var ikkje ein sjølvfølge at han skulle få drive med den.
Dansen vekte merksemd. Og det er folk i landet som ikkje likar at ungdom vel den retninga, fortel Catun.
Frykta for livet
Den positive energien frå dansen spreidde seg i miljøet. I området til Catun, sone 6, regjerte gjengen som kalla seg 18, men litt lengre ute styrte ein av verdas farlegaste gjengar.
Lyden som ljoma frå parkane fekk barn og unge til å ville vere med, men det likte ikkje kartella, som fann nye rekruttar i ungdommane.
– Dei leita etter ein løysning i livet, og såg oss som breaka i gata, og som haldt saman, seier Catun.
Han held fram:
– Dei ville ikkje at dei unge skulle bli med i dansegrupper og liknande, fordi det betyr at vi tek soldatane frå dei.
Det førte til ei splitting i samfunnet. Ungdommar som ville danse, spele fotball, drive med musikk og skateboard, og dei som valte å følgje gjengmiljøa.
– Dei gjengane involverte born frå 11-12-årsalderen, fortel Catun.
Dansen blei ein trussel, og til slutt forstod Catun kor farleg det var.
SJØLVE LIVET: Dansen betyr alt for Gato. Her breakar han.
Foto: Ingrid Jorstad Heier / NRKMåtte flukte
Etter at Gato hadde undervist born i dans i nokre år, fekk kartella nok.
– Dei sende ein unge etter meg, som gav meg ein mobil. Då fekk eg truslar som «du veit ikkje kven du yppar mot», «vi skal drepe deg. Vi veit kor du går og kor du vankar». Den same gjengen drap broren min, fortel Gato.
Broren hans var berre seksten år då det skjedde. Syskena hadde avtala å møtest seinare på kvelden, for å danse. Gato måtte berre innom å sjekke til dottera si først.
Det var hans dåverande kjærast som kom med beskjeden:
– Dei har skote broren din.
BLEI SKOTE: Broren til Carlos Catun mista livet som 16-åring.
STADEN: Her er gata der broren blei drepen.
I SORG: Unge Carlos Catun i same gate som broren blei drepen. Det er laga ein dokumentar om livet til dansaren på Youtube.
I dag veit Gato ikkje årsaka til at broren blei drepen. Familien har heller ikkje undersøkt drapet, det er berre slikt som skjer i Guatemala.
Likevel skulle det drapet spreie redsel i dansemiljøet. Same år mista Gato fleire av vennene sine – og små, lovande dansarar valte å trekkje seg ut frå miljøet, i frykt for livet.
Då Gato sjølv blei trua på livet av ein av verdas farlegaste gjengar, måtte han søkje tilflukt ein anna stad.
Nå bur han i Noreg, og i juni konkurrerte han på NM-veka, men den største draumen var ikkje å vinne.
– Eg har ein draum om å gjenforeinast med familien, med borna mine. Eg er redd for at det skal skje noko og eg ikkje er der. Det kan skje når som helst, seier Gato.
NÆRE: Carlos Catun, Nicolai Lopez og dottera til Lopez.
Foto: Ingrid Jorstad Heier / NRK