Hopp til innhold

Danmark vil lære av gamle feil: – Typisk dansk å vere mett

Danmark har allereie nådd målet sitt i VM. No håper Åge Hareides mannskap å unngå ei gammal felle.

Hareide og Tomasson

SUKSESSDUO: Åge Hareide og Jon Dahl Tomasson har gjort stor suksess med det danske landslaget dei siste to åra. Laget har no spelt 18 kampar sidan sist tap i oktober 2016.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Sist Danmark kom vidare frå gruppespelet var i 2002. Raudtrøyene hadde imponert og vunne ei gruppe som mellom anna inkluderte dei regjerande verdsmeistrane Frankrike.

– Vi var vidare og alt var okey. Det danske foket var nøgde. Forventningane var innfridde. Alle var glade, fortel Jon Dahl Tomasson til Politiken.

Og legg til:

– Men dette er også typisk dansk, er det ikkje? Eg hugsar godt at eg ana ei kjensle av at vi var mette og tilfredse.

I dag er han Åge Hareide sin hjelpetrenar. I 2002 var han ei av dei store stjernene på landslaget.

– Har ikkje oppnådd noko

Og Tomasson si magekjensle etter gruppespelet for 16 år sidan viste seg å stemme. Danmark tapte 3–0 mot England i åttandedelsfinalen.

– Desse opplevingane har eg i bakhovudet no. For det er viktig at vi ikkje blir tilfredse. Vi skal vidare. Å ta oss vidare frå gruppa var berre eit delmål, seier Jon Dahl Tomasson.

Men eit mål var det. Og det har lagt grunnlaget for debatt i dansk media dei siste dagane.

– Fotballforbundet sitt mål for meisterskapen er nådd, men spelarane må ikkje av den grunn føle at dei har oppnådd noko. Dei må drøyme og tru at dei kan gå heile vegen, seier ein av dei andre profilane frå 2002, Christian Poulsen, til Politiken.

WCUP DNK FRA SOC

Jon Dahl Tomasson scora fire mål i gruppespelet for Danmark i 2002-VM. Men så sa det stopp både for Tomasson og Danmark i åttandedelsfinalen.

Foto: ELISE AMENDOLA / AP

Frigitt energi

Sjølv om Danmark er vidare til åttandedelsfinale i VM for første gong på 16 år har dei hausta ein del kritikk frå sine eigne. Laget er blitt skulda for å spele kjedeleg fotball. Og sjølv om dei gjekk greitt vidare frå gruppa utan tap har Danmark også hatt ein del tur.

Men hovudtrenar Åge Hareide trur det losnar spelemessig mot Kroatia i kveld.

– Vi er ikkje så nervøse no. I gruppespelkampane var det heile tida fokus på å ta så og så mange poeng for å kome vidare. Når vi no møter Kroatia har vi fått frigitt energi, fortel sunnmøringen til Berlingske Tidende.

Lovar offensivt spel

Hareide lovar også meir offensiv fotball mot Kroatia enn tilfellet var i gruppespelet.

– De kjem til å sjå eit annleis og meir offensivt Danmark. Vi er nøydde framover om vi skal gå vidare, seier trenaren til B. T.

Og det er ikkje noko kva som helst slags lag Åge Hareide sin hær skal opp mot i kveld. Kroatia imponerte stort og vann si gruppe framfor Argentina, Nigeria og Island.

– Danmark er som Island, berre betre. Begge laga slår mykje langt og er gode på dødballar, seier Kroatia-trenar Zlatko Dalic ifølgje Berlingske Tidende.

PS. Kroatia – Danmark går i kveld klokka 20.00.

SOCCER-WORLDCUP-DNK-FRA/

Christian Eriksen er Danmark sin største profil i denne meisterskapen. Tottenham Hotspur-spelaren har levert eitt mål og éi målgjevande pasning i VM så langt. Dessutan er han den spelaren som har sprunge mest i gruppespelet, til saman 34.6 kilometer.

Foto: AXEL SCHMIDT / Reuters

Siste nytt

  • Kontroversar rundt utlikning i Bergen

    Stabæk såg lenge ut til å bli det første laget som skulle slå Brann i Bergen i Toppserien denne sesongen, men Brann greidde å utlikne til 1-1 på ei kontroversiell scoring fire minutt på overtid.

    Iris Omarsdottir scora etter ein halv time i første omgang. Branns overtids-utlikning kom ved Maria Brochmann, som var sist på ballen i ei mølje etter corner.

    - Den scoringa burde ikkje blitt godkjend, sa Stabæks keeper Sunniva Skoglund til NRK.

    - I gode ni av ti tilfelle får keeper medhald i slike situasjonar, sa NRKs Carl Erik Torp.

    Brann kunne sikra seg sigeren i grunnserien og 6 poeng i sluttspelet med siger. Trass poengtapet er det likevel så godt som sikkert at Brann vinn grunnserien.

    Også Rosenborg og Vålerenga er sluttspelklare. Fire lag kjempar om den fjerde og siste sluttspelplassen, inkludert Stabæk.

    I det kontroversielle sluttspelet får dei fire laga med seg 6, 4, 2 og 0 poeng.

    Tidlegare denne veka varsla supporterklubbane i dei største Toppserie-klubbane at dei ikkje vil stille opp med organiserte aktivitetar på kampen i sluttspelet, i protest.

    – Lytt til supportarane, vi er ein ekstremt viktig del av fotballen, og vi vil ikkje ha det. Det er mange andre som ikkje vil ha det heller, ingen vil ha det, sa Gjert Moldestad frå Bataljonen då sluttspelet blei diskutert på NRK i pausen.

  • 17-åring med ellevill verdensrekord på 100m fri

    2004-modellen David Popovici satt ny verdensrekord da han tok EM-gull under EM i Roma lørdag kveld. Den gamle rekorden har stått siden 2009, men i Roma slo han ny verdensrekord med fem hundredeler.

    Den nye rekorden står nå på 46.86 av Popovici. Det som gjør prestasjonen ekstra imponerende er at den gamle verdensrekorden til Cesar Cielo ble satt på høyden av de såkalte «superdraktene». Mange store profiler har siden mislyktes med å slå Cielos rekord.

    APTOPIX Italy Swimming Europeans
    Foto: Andrew Medichini / AP
  • Jæger mister EM etter positiv test

    Henriette Jæger ble tatt ut til EM etter en sterk 400 meter under U20-VM i Colombia. Nå har 19-åringen testet positivt for Covid-19, og må derfor trekke seg fra mesterskapet i München, opplyser Norges Friidrettsforbund i en pressemelding

    Henriette Jæger
    Foto: Roy Kenneth S. Jacobsen / NRK

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 52 klipp
Sport
Spiller nå
Her stagediver Vetle Sjåstad Christiansen etter den fjerde Blink-seieren 00:55
Neste