NRK Meny
Normal

Hattrick-Delaney og frispark-Eriksen knuste Armenia

Åge Hareides Danmark kan vere på veg mot VM etter 4-1 i bortekampen mot Armenia i kveld. Thomas Delaney scora tre av måla.

Thomas Delaney

HATTRICK: Thomas Delaney scora tre av Danmarks fire mål mot Armenia

Foto: DAVID MDZINARISHVILI / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..

Men Hareides menn kom skeivt ut. Alt etter fem minutt scora Armenia. Eit langskot gjekk over Kasper Schmeichel og i mål.

Men så var det berre Danmark. Thomas Delaney utlikna etter 16 minutt, Christian Eriksen sende eit frispark i nota med fynd og klem til dansk 2-1, og Delaney fullførte sitt hattrick med to mål dei siste ti minutta.

– Eg syntest at både eg og laget spela betre mot Polen. Men for eigen del kjem eg nok til å hugse denne litt betre, sa Delaney til Eurosport.

– Det er stort å lage tre mål i ein landskamp, la han til. Delaney scora på alle sine tre sjansar i kampen.

Dermed får Danmark låne tabelltoppen i to-tre timar på betre målskilnad enn Poeln. Men Polen kan ta den tilbake med poeng mot Kasakhstan seinare i kveld.

Armenia er sist i gruppa.

Kampen blei spela i nærmare 30 graders varme i Jerevan, og dommaren måtte blåse av for drikkepause i begge omgangane.

Kampen gav også dansk rekord. Ikkje sidan 1971 har Danmark scora minst tre mål i tre kampar på rad.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Carlsen-remis mot Karjakin

    Med sorte brikker spilte Magnus Carlsen remis mot Sergej Karjakin i Shamkir Chess i Aserbajdsjan onsdag. Partiet endte uavgjort etter 30 trekk.

    Nordmannen står med fem remis og én seier etter seks runder.

    Magnus Carlsen og Hikaru Nakamura
    Foto: Berit Roald / NTB scanpix
  • Ruud gikk videre i Italia

    Casper Ruud slo canadiske Felix Auger-Aliassime og spilte seg videre til 3. runde av Challenger-turneringen i tennis i italienske Francavilla al Mare. Ruud vant onsdagens oppgjør 7-5, 6–0.

    Casper Ruud
    Foto: Vincent Thian / AP
  • Fortsatt kritisk for supporter

    Liverpool-supporteren som ble slått ned i supporterbråket før tirsdagens semifinale i mesterligaen mot Roma er fortsatt kritisk skadd. Den 53 år gamle mannen kjemper for sitt liv, skriver AFP.

    Britain Soccer Champions League
    Foto: Dave Thompson / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport i dag
4-4-2 Eliteserien: Ranheim - Brann og Stabæk - Start
Mesterligaen: Semifinale Bayern München - Real Madrid