Ni kampar ut i VM-kvalifiseringa, dagen etter 1-0-sigeren over Montenegro, blir «kloke» Åge Hareide hylla.
Slik var det ikkje etter fem kampar. Då stod Danmark med to tap, ein uavgjort og to sigrar - ei trend som såg ut til å vere for dårleg til å nå VM.
Hareide (64) fekk kritikk i danske medier, spesielt etter tap heime for Montenegro i kamp tre.
Sjølvkritisk Hareide innrømmer feil
No tar nordmannen sjølvkritikk for at han ikkje klarte å få Danmark på VM-kurs i starten av kvalfisieringa.
– Eg var litt naiv i starten og brukte mange unge spelarar. Men eg mista tålmodet i takt med resultatene. Det er jo ein eksepsjonelt talentfull tropp, men eg var nødt til å få inn meir rutine i laget. Dei unge må ha meir tid for å få denne rutina, seier Hareide til BT.
Danmark er no nummer to i Gruppe E bak Polen, og kan ta førsteplassen dersom Montenegro slår polakkane i siste kamp. Då vil danskane i så fall vere direkte kvalifisert til VM i Russland neste år.
Håpar Norge kan hjelpe Danmark
Hareide meiner det er mest sannsynleg at Danmark endar som nummer to. Laget vil i så fall kjempe mot åtte andre gruppetoarar i ein VM-playoff.
No håpar Hareide på hjelp frå Norge, som møter Nord-Irland i siste kvalifiseringskamp søndag. Nord-Irland er gruppetoar med 19 poeng, like mange som Danmark.
Eit nord-irsk tap på Ullevaal vil bety at danskane blir betre stilt i trekninga av motstandar i VM-playoff.
– Eg sender varme tankar til mine landsmenn, og håpar dei kan «fikse det» mot Nord-Irland. Det ville stilt oss betre, seier Hareide.
Les meir om stjerna som har berga Danmark nedst i artikkelen...
Berga av stjernas sterke målform
Hareide kan takke Tottenham-stjerna Christian Eriksen for mykje av suksessen. Eriksen har fem mål på fem strake kampar, og står med sju scoringar totalt i VM-kvalifiseringa.
På sine 67 første kampar hadde Eriksen 12 mål. Etter 72 står han med 17.
25-åringen er det danske vidunderbarnet som endeleg får ut sitt fulle potensial, og som har blitt Hareides viktigste, erfarne mann.
– Eg har fått litt meir erfaring med tanke på når eg skal løpe, og når eg ikkje skal løpe. Før sprang eg kanskje litt blindt rundt på banen. Det gjør ein når ein veldig gjerne vil ha ballen og blir overivrig. No har eg fått litt meir ro, som gjør at eg ikkje spring så unødvendig, seier Eriksen.